Selz
- Selz er òg det tyske namnet for elva Seille
Selz | |
elv | |
Selz munnar ut i Rhinen
| |
Land | ![]() |
---|---|
Nedslagsfelt | 375 km² |
Lengd | 63 km |
Middelvassføring | 0,77 m³/s |
Kjelde | Donnersbergkreis |
- høgd | 321 moh. |
Munning | Rhinen ved Ingelheim |
Wikimedia Commons: Selz (river) | |
Selz er ei elv i Rheinland-Pfalz i Tyskland, og ei av sideelvane til Rhinen frå venstre med ei lengd på 63 km. Ho har sitt utspring i Saarland, nordvest for Homburg. Elva renn gjennom det største tyske vinområdet kalla Rheinhessen. Ho har sitt utspring nær landsbyen Orbis i Donnersbergkreis, og kryssar grensa frå Pfalz til Rheinhessen etter om lag 8 km ved byen Alzey i landkreis Alzey-Worms. Her renn elva gjennom kanalar under byen. Vidare renn ho gjennom Gau-Odernheim, Nieder-Olm og Ingelheim, før ho ved Frei-Weinheim munnar ut i Rhinen.
Selz har eit nedslagsfelt på 375 km², men elva har fleire stader ganske ujamn vassføring.
Store delar av elva vart retta opp og kanalisert på 1950- og 1960-talet, og i seinare tid har ein utført prosjekt for å føre elva tilbake til sin naturlege tilstand. Ein del av årsaka til denne gjennopprettinga var at flaumfaren vart mykje større etter at elva vart kanalisert.
Byar og landsbyar[endre | endre wikiteksten]
Frå kjelda til munningen renn Selz gjennom følgjande landsbyar og byar:
- Orbis
- Morschheim
- Mauchenheim
- Alzey
- Alzey-Schafhausen
- Framersheim (Der Selz mottar sideelva Weidas)
- Gau-Köngernheim
- Gau-Odernheim
- Bechtolsheim
- Undenheim
- Friesenheim
- Köngernheim
- Selzen
- Hahnheim
- Sörgenloch
- Nieder-Olm
- Stadecken-Elsheim
- Bubenheim
- Schwabenheim an der Selz
- Groß-Winternheim
- Ingelheim am Rhein
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Selz frå Engelsk Wikipedia .