Nakenskap

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Nakenheit)
Hopp til navigering Hopp til søk
Nakenskap gjev merksemd i massemedium. World Naked Bike Ride, samlar deltakarar i tusental til sykkelparadar gjennom ulike storbyar. Bilde frå Spania 2007.
Kvinne frå Tysk Austafrika, kring 1910.
Journalisten Albert Abril hjå zo'é-folket i Amazonas, 2007, der ein ikkje nyttar klede.[1]
Moralen til samtida kan påverka oppfattinga eldre bunadsskikk. Til venstre: Korrekt återgivning av eit veggmåleri frå ein kanal i Ti i Egypt. Til høgre: Eit manipulert, meir påklädd bilete frå boka Geschichte des Alten Ägypten frå 1887.
Albert Engström, Verner von Heidenstam og Gustaf Fröding med fleire, levde nakenliv på Sandhamn i 1896.
Nakenskap separat for menn og kvinner har funne stad frå gammalt av. Henry Scott, Ruby, gold and malachite, 1902
Ulla Jacobsson og Folke Sundquist i den kjende nakenbadscenen i Hon dansade en sommar, 1951.
Badeplass i 1983.
Adam og Eva pleier framstillast som nakne. Måleri frå kring 1500.
I den tidlege kyrkja blei ein døypt naken. Måleri frå Paris kring 1500 som viser dåpen til den frankiske kong Klodvig I i 496.
Naga sadhus, India 2013. Eit liv uten klede er del av kvardagen til visse indiske rørsler.
Eugène Jansson, Tyngdeløft, 1914.
Venus frå Willendorf, kalkstensfigurin frå eldre steinalder.
David, skulptur av Michelangelo. Typisk døme på renessanseskulptur.
Burlesk, ein tradisjon frå USA på 1800-talet, vende tilbake på 1990-talet.
På visse plassar og i visse samanhengar kan nakenskap vera ulovleg. Terri Sue Webb og Daniel Johnson blir gripne av politiet 2002 etter ein protestaksjon i Bend i Oregon, organisert av The Freedom to be Yourself.

Nakenskap eller det å vera naken viser for menneske til å ikkje ha på seg klede, og for andre dyr til at dei manglar vanleg pels eller fjørdrakt.

For menneske kan det å kjenna seg naken også visa til ei subjektiv kjensle som, avhengig av omstenda, kan opplevast som ukomfortabel (utryggleik og skam), eller behageleg (fridom, reinleik og sjølvtillit).

Oppfattinga av nakenskap har endra seg over tid og blir i stor grad påverka av sosiale og kulturelle høve. For den nakne er det stor skilnad mellom frivillig og ufrivillig nakenskap, og den kulturelle og sosiale situasjonen påverkar også korleis omgjevnadane oppfattar nakenskapen.

Nakenskap har alltid vore vanleg i samband med bading. Det har i alle tider vore eit tema i kunst, bilete og filmar, som i seinare tid har fått stor spreiing gjennom digital fototeknologi og internett. Spreiing av bilde og film har sidan 2000 påverka synet på nakenskap og det har gått føre seg ei seksualisering.[2][3]

I kulturar der folk sjeldan eller aldri er nakne i sosiale samanhengar blir nakenskap gjerne sterkt assosiert med seksualitet. I slike kulturar kan nakenskap òg nyttast forsettleg for å skapa merksemd.

Om ein er mangelfullt påkledd, til dømes berre i underklede, kan ein kalla det å vera halvnaken.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Eldre historie[endre | endre wikiteksten]

Ein har gått ut frå at menneske normalt var nakne i eldre steinalder. Men undersøkingar av kledelus viser at Homo sapiens kan ha hatt tilgang til klede i cirka 100 000 år.[4][5]

Mennesket er den einaste primaten som har stort sett naken hud (utan pels). Grunnen til dette er ikkje heilt klar. At menneske byrja å bruka klede kan ha samanheng med klimaendringar. Dette gjorde det mogleg for menneske å leva i meir nordlege klimasoner.

Menneske som lever i varme eller tempererte klimasoner har ikkje i behov for å bruka klede. Det er ukjend korleis vanleg nakenskap i kvardagslivet har vore blant ikkje-vestlege kulturar i eldre tid. I historisk tid har ein kjend til folk som lever heilt nakne i Asia, Afrika og Amerika. Samtidig har vestleg misjon påverka klesdrakten i verda i fleire hundreår. I Sør-Amerika finst det framleis mindre grupper av menneske som lever nakne i jeger-samlar-kulturar. Men kleskoden pleier å endra seg fort mot auka klede etter kontakt med vestleg-påverka kultur. I mange samfunn er det vanleg at born veks opp uten klede, og fyrst byrjar bruka vaksenklede i samband med puberteten.

I eldre forsking finn ein av og til ei romantisering av den (nakne) «edle ville». Men det fanst òg motsette syn, der menneske utan klede blei sett på som usiviliserte og barbariske.


Nakenskap i antikken verker ha vore vanleg i det gamle Egypt, der både lågarestilte folk og regentar som Nefertiti og Kleopatra blei avbilda nakne. I Hellas i antikken var i det minste veltrente unge overklassemenn vanlegvis heilt nakne på gymnas. Det var eit motsvar på andre sine behov for å visa rikdom gjennom luksusklede.[6]

1800-talet[endre | endre wikiteksten]

Nakenskap har i alle tider blitt forstått som naturleg ved til dømes bad. Ein bada då gjerne innan familien, eller menn og kvinner kvar for seg. Innstillinga til nakenskap i andre samanhengar har variert.

Nakenskap har ofte vore del av ein kulturkritikk. Den amerikanske forfattaren Henry David Thoreau (1817–62) bygde i 1845 ei hytte ved Walden Pond i Massachusetts, der han i to år levde eit naturliv uten kontakt med sivilisasjonen, skildra i boka Walden frå 1854. Boka prisar eit liv i enkelheit, nakenskap og sjølvstende. Thoreau har vore ein viktig inspiratør for miljørørsla. Han har òg, ved sida av Lev Tolstoj og Élisée Reclus, inspirert ein anarko-naturisme som framheva vegetarianisme, fri kjærleik, nudisme og eit økologisk verdsbilete – ei tenking som på slutten av 1800-talet fekk sterk forankring i Spania, Portugal og Frankrike.

I Tyskland og Sveits hadde nudismen, freikörperkultur, frå slutten av 1800-talet andre røter. Dei låg dels i modernisme, kristendomskritikk og soldyrking, del i helsetenking, kroppskult og eit ideal om ein naturleg nakenskap som ikkje skulle setjast i samband med seksualitet. Det blei seinare assosiert med sosial likskap og likestilling, og skulle få sterk påverknad på innstillinga til nakenskap i Europa seinare på 1900-talet.

1900-talet[endre | endre wikiteksten]

På byrjinga av 1900-talet tala mange helseteoretikarar varmt om luft, sollys og nakenskap som ei kjelde til helse og velvere og som ein veg vekk frå den kunstige livsstilen i samtida. Sola hud kom på moten, og interessa for friluftsliv og utandørsbading auka. I helsedebatten oppmuntra ein til soling som ein sunn aktivitet.

I Tyskland blei det frå slutten av 1800-talet organisert naturisme med både menn og kvinner. På 1930-talet blei dette òg etablert i Sverige. Det blei fyrst kalla nakenkultur, seinare nudisme og frå 1950-talet naturisme. Ein ville «naturalisera» den nakne menneskekroppen, og koma bort frå «seksualiseringa» av nakenskapen frå eldre tider.

Teaterforestillingar som Hair, med nakne skodespelarar i New York i 1967, og Oh! Calcutta!, der alle skodespelar var heilt nakne i visse scenar, blei banebrytande.[7]

Den nakne cellisten Charlotte Moorman sin konsert Ars Nova koncert i Malmö i 1966 fekk stor merksemd; det same gjorde eit cover frå 1968 med fotografi av John Lennon og Yoko Ono.[8][9]

Hippierørsla [10][11] si frie og avspende innstilling til nakenskap gjorde inntrykk i vide kretsar, ikkje minst gjennom merksemda massemedium gav Woodstockfestivalen i 1969.

Rødstrømperne skipa frå 1971 årlege kvinneleirar på den danske øya Femø og aviser publiserte bilde med nakne deltakarar, som då blei sett på som en feministisk manifestasjon: «Ved at være nøgne på Femø praktiserede kvinderne, hvad de opfattede som ein kropslig frigørelse, hvor dei afseksualiserede kvindekroppen.»[12][13][14][15][16][17] Det frie synet på nakenhet var del av ei progressiv rørsle - men skulle òg bli mote. Christina Schollin hadde symd naken i filmen Änglar, finns dom? frå 1961, Brigitte Bardot i Le Mépris frå 1963. Men nakenbad vart etablert mote først då badebilde frå øya Skorpios med det samtidige store stilikonet Jackie Kennedy blei spreidde i massemedium i 1971.[18]

Nakne menn var ikkje like vanlege i filmane, men nokre tidlege døme var Sven-Bertil Taube i Lars Görlings Saman med Gunilla måndag kveld och tisdag frå 1965 og Sven Wollter i Mannen på taket frå 1976.[19]

Den «naturlege nakenskapen» som ein hadde etterstreba sidan byrjinga av 1900-talet fekk gjennomslag på 1970- og 1980-talet.

Denne «naturlege nakenskapen» blei verande fram til slutten av 1990-talet. Men som del i ein «nypuritanisme» kom det då ei meir reservert halding til eldre syn på slik nakenskap. Nakenskap og nakenbad kom i høgare grad til å bli assosiert med seksualitet.[20][21][22][23]

Ikkje minst synet på nakenskap hjå barn blei endra. Tidlegare hadde ein rekna barn som aseksuelle, og nakenskap hjå barn blei derfor generelt rekna som ganske uskuldig. Med aukande medvit om pedofili og barnepornografi frå og med 1980-talet har nakne barn – ikkje minst på bilde – blitt meir kontroversielt, ettersom ein veit at det finst vaksne som blir seksuelt opphissa av å sjå på nakne barn.[24][25][26] For fyrste gong i historia har nakenskap hjå barn blitt meir tabubelagt enn den til vaksne.

2000-talet[endre | endre wikiteksten]

Frå millennieskiftet fekk nypuritanisme større innverknad og nakenskap fekk meir av ei seksualisert tyding, framfor alt gjennom internett.

Det kom eit brot mot det eldre «frigjorte» synet på den kvinnelege kroppen, som «vill iklädas baddräkt eller ännu hellre vara naken och simma i insjöar om sommaren»,[27] men at no slik nakenhet «som å ena sidan framställs som frigörande och självständig också kan diskuteras som en del av den sexualisering som sker av kvinnor».[28]

Ein snakka om «the male gaze», det mannlege blikket, og at dette alt meir forma det offentlege bildet av den nakne kroppen.[29][30]

Nye mobiltelefonar med kamera påverka òg. Dels skapte det redsle for å bli fotografert der det tidlegare hadde vore normalt å vera naken. Dels gav det mogleheit eller risiko for å med vilje eller ikkje bli sett av tallause menneske via ein selfie, der nakenskap eller det å «vera sexy» var faktorar som kunne påverka speriinga. Kroppen kom også til å sjåast på med eit stadig meir kritisk blikk.[31]

I motsats til nypuritanismen kom nakenfotografi til å bli meir vanleg. Det hadde tidlegare vorte sett på naturleg at vera naken i samband med bading, offentlege dusjar og i badstove, men utenkeleg for dei fleste å til dømes la seg fotograferast naken i erotiske eller seksuelle samanhengar. Det skulle etter år 2000 bli tvert om for den yngre generasjonen.[32] Nakenskap blir ifølge denne nye synsmåten meir sosialt akseptabelt om ein speler ei «rolle», ein blir fotografert, filma, eller opptrer framfor publikum i leikar som ballongdansen.[33][34]

Frå rundt 2007 byrja ein del feministiske grupper å framheva retten for kvinner til å vera topplause der menn hadde denne retten, til dømes Gotopless, Bara bröst, Femen og Free the Nipple. Gruppa Bara kroppar, skipa i 2012 og Julia Skott si bok Kroppspanikk frå 2013 kritiserte den seksualiserte nakenskapen og framheva «naturleg nakenskap» som eit verktøy for likskap og likestilling.[35][36] Etter 2015 har òg det jamstilte synet til kroppspositivismen på kropp og naturleg nakenhet blitt etablert.

Kultur og skikk[endre | endre wikiteksten]

Folkeskikkar og folketru[endre | endre wikiteksten]

Nakenskap verker i eldre tid ofte å ha blitt oppfatta som eit middel i magiske situasjonar, der ein søkte det bakvendte, annleis eller uvanlege. Nakenskap har òg blitt oppfatta som eit vern mot skade og vonde makter. Årsgång, ein svensk spådomsskikk knytt til visse tidspunkt på året, som å plukka sju eller ni slags blomar på midsommarnatta, skulle gjerne skje når ein var naken.

Andelegheit og religiøse tradisjonar[endre | endre wikiteksten]

I indisk kultur finst fleire sekter av asketar som lever nakne, til dømes naga sadhu-tradisjonen innan hinduismen, digambara innan djainismen og ajivika inna buddhismen. I vestleg tradisjon som er påverka av indisk mystikk og andelegheit har nakenskap også hatt ei viktig rolle, til dømes i amerikanske gymnosofiske tradisjonar på 1920- og 1930-talet, og i tillegg i Bhagwam-rørsla på 1980-talet. På 1990-talet blei naken yoga eller nagna yoga meir utbreidd.

I abrahamitiske religionar er det derimot vanleg å dekka naken hud og i nokre høve hår når ein vitjar heilage stader eller ber.

Innan jødedommen finst rituell nakenskap ved mikve, eit rituelt reinskande bad med signingar og vitne. Før ritualet skal ein vera reinvaska, naken, kjemma, uten sminke og smykke. Ein finn likskapar til mikve i dåpen til den tidlege kristendommen. Den eldste bevarte teksten om dåp, skriven av Hippolytus av Roma, kravde at menn, kvinner og barn skulle ta av seg alle klede, inklusive smykke og hårband, før dåpen.

I Bibelen er framfor alt Adam og Eva og dessutan profeten Jesaja knytte til nakenskap. Innan kristendommen har det vore visse historiske sekter som la vekt på nakenskap som heilag, til dømes adamittane i mellomalderen og i nyare tid Christian naturists.Den russiske sekta dukoborzar kan òg nemnast.

Innanfor wicca har nakenskap, skyclad, vore del av ritual, først og fremst i tradisjoner som byggjer på Gerald Gardner si lære.

Symbolikk[endre | endre wikiteksten]

Nakenskap kan også symbolisera det å avsløra eller blottlegga ein person. Ei tolking av draumar der ein er naken på offentlege stader kan vera at ein ber på ei redsle for å bli avslørt for noko.

I kulturar der nakenskap er tabu, kan offentleg nakenskap vera det sterkaste uttrykket for fornedring og utestenging, men òg for opprør og protest.

Ved å kle av ein person mistar denne heile den kulturelle statusen sin og blir dermed likestilt med eit barn eller eit dyr, nake og utestengd. I eit herskar-slave-forhold blir nakenskap brukt slik at herskaren kan ta avstand frå slaven, og framstilla slaven som mindre sivilisert. Historiske døme er jødane under Holocaust som blei tvinga til nakenskap. I kontroversielle avhøyrsteknikkar eller tortursituasjonanr blir nakenskap brukt saman med andre metodar for å tvinga fram svar frå den arresterte.

Synet på nakenskap kan variera avhengig av om nakne kroppen er mannleg eller kvinneleg. Kvinner kan ofte sjåast på og også oppleva seg sjølv som objekt, medan menn sjeldnare opplever seg objektifiserte.[37]

Mannleg nakenskap er blitt tolka ulikt avhengig av ideal i tida. På byrjinga av 1900-talet symboliserte mannlege musklar styrke og kroppsarbeid, og ein asketisk kropp intellekt. På 1920-talet blei den androgyne mannen vist fram på nattklubbar i Berlin. På 1930-talet blei dette bytta med eit meir velgymnastisert kroppsideal, som kulminerte med hylling av den atletiske aggressive mannskroppen i krigstida på 1940-talet. På 1960- og 1970-talet hadde ein eit politisk «naturleg» kroppsideal som på 1980-talet gjekk over til eit erotiserande og av og til androgynt ideal.[38]

I kunst[endre | endre wikiteksten]

Bildekunst[endre | endre wikiteksten]

Innan kunsten har nakenskap alltid vore eit vanleg motiv. Ein bruker skilja mellom akt, der det nakne mennesket er hovudmotiv i seg, og andre avbildingar der nakenskapen er sekundær. I visse tidsperiodar har det i vestlege land vore eit negativt syn på nakenskap i kunst. Då har ofte nakenskap i kunst fått bibelsk form, ikkje sjeldan som avbilningar av Adam og Eva.

Ein brukar òg nakenstudiar innan kunst for å øva teikning og for å få auka kunnskap om den menneskelege anatomien (sjå Kroki).

Tidlege døme på nakenskap i bildekunst er ei stor mengde «gudinnefigurinar», til dømes den 25 000 år gamle, cirka 10 cm høge kalkstensfigurinen Venus frå Willendorf.

I mange kulturar har vore akseptert med nakenskap på bilde og skulpturar. I det gamle Hellas og Roma fanst det til dømes ei klart positiv haldning til nakenskap i kunst. Kjende heltar blei avbilda nakne, og romerske keisarar lét seg òg av og til avbilda nakne som teikn på gudommelegheit (apoteos).

I mellomalderen i Europa fanst det ei negativ innstilling, ikkje minst frå kyrkja, mot å avbilda kroppen naken. Ein tillét likevel avbildingar av til dømes Adam og Eva, men òg av nakne syndfulle vesen.

Under renessansen vende det positive synet frå antikviteten på nakenskap tilbake. Michelangelo måla alle figurar i dommedagsfresken sin nakne. Leonardo da Vinci, som var anatomisk interessert, blei ein foregangar for nakne avbildingar av menneskekroppen.

Seinare har avbildingar av nakne menneske blitt rekna som eit sjølvsagt motiv i kunsten.

I mellom anna den viktorianske kulturen i England kunne nakenskap vera uglesett. Dei såkalla pre-rafaelittane hadde likevel ei blømringstid i nettopp denne epoken. Dei er kjende for sine særs romantiske avbildingar av kvinner, gjerne i samband med mytologiske tema.

Innan kunsten har ein hovudsakleg avbilda den ideelle nakenskapen i tida si, der kroppsidealet i samtida blir tydeleg reflektert. Kroppsidealet har endra seg mykje gjennom tida, frå at ein i antikviteten i hovudsak berre avbilda den nakne atlet-mannskroppen til dei store og frodige kvinnene frå barokken og rokkokoen og fram til 1900-talsidealet med smale kroppar.

Også i fotokunst har nakenskap alltid vore eit viktig motiv.

Happenings, installasjonar og performancekunst[endre | endre wikiteksten]

Nakenskap i happenings, kunstinstallasjonar og performance-kunst blei vanleg frå 1960-talet. Yves Klein sitt Anthropometries (1958–1960), avtrykk på duk frå kvinnekroppar innsmurde med blå farge, hadde vist vegen. Ein av medlemmene av Fluxus-gruppa, Yoko Ono, vekte merksemd gjennom Cut piece i 1965. Etterkvart blei body art ei sjølvstendig kunstform, der artisten kom til å bruka kroppen som mediet, ofte berre den nakne kroppen, med kjende kunstnarar som Marina Abramović.[39]

Underhaldning og opptredenar[endre | endre wikiteksten]

Varieté, burlesk og striptease[endre | endre wikiteksten]

Såkalla «levande statuar» kom til å bli populære i varietéar i Paris på slutten av 1800-talet, nakne personar som inntok ulike statueliknande posisjonar. Dette blei spreidd til varietéar og marknader i andre land, særleg til stader der det var forbode å visa fram nakne menneske i rørsle. På byrjinga på 1900-talet blei dette utvikla i Paris av blant andre Mata Hari til såkalla «eksotisk dans».

I USA hadde motsvaret, striptease, rot i burlesk, ei lågkomisk og lettkledd underhaldningsform som hadde eksistert sidan 1860-talet. Burlesk kom tilbake i USA og Europa på 1990-talet.

Djervheitsprov og opptog[endre | endre wikiteksten]

Personar, særleg studentar, har sprunge nakne som ei utfordring sidan minst 1700-talet. Fyrst i 1973 nytta ein ordet «streaking» i samband med eit massenakenløp med 533 deltakarar ved University of Maryland i USA. I 1974 blei streaking ein trend i heile vestverda, òg i Kvällsöppet på svensk TV.[40] Trenden blei fatta forstyrrande på visse universitet i USA, og blei derfor berre tillaten på visse dagar. Dette utvikla seg til «nuderuns» på fleire stader, til dømes «Naked Mile» ved University of Michigan, som fyrste gong blei halde i 1986. Dei fleste slike løp blei lagt ned på byrjinga av 2000-talet, men tradisjonen levde vidare på Filippinane i Oblation Run.[41]

Streaking har seinare hovudsakleg funne stad på til dømes større idrettsarrangement. På Roskildefestivalen har ein halde «Nøgenløbet» sidan 1998.

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Gymnasium (av gresk gymnos, 'naken') var i det antikke Hellas stader for intellektuell, moralsk og fysisk utdanning av framtidige borgarar og soldatar. Der utøvde ein idrett naken, men desse stadene var normalt berre for menn. Det påfallande jamstilte Sparta kan ha vore eit unntak, der òg kvinner deltok i seremoniar og kanskje òg idrettsutøving. Der gjekk deltakar truleg nakne òg utanfor gymnasia.


Romarane tok over ein del av den greske kulturen, men ikkje nakenskap ved idrett (sjølv om könsgemensam nakenskap i samband med offentlege bad verker ha vore vanleg). Det kan ha funnest nakne gladiatorar.

Etter kristninnga frå 300-talet kom synet på nakenskap etterkvart til å bli meir restriktiv. Når nakenheot i seinare hundrerår kom tilbkare, til dømes i sport, var det delvis som eit opprør mot kyrkjeleg moral (til dømes i naturismen), delvis som ei idealisering av antikke ideal (til dømes ved universiteta).

Naturistforeiningar har sidan slutten av 1800-talet arrangert symjing, bogeskyting, tennis, badminton, bowling og ikkje minst volleyball – idrettar der spesielle klede ikkje har ein praktisk funksjon – men var sjeldan strengt tevlingsorienterte. Det same gjeld ulike «Nude olympics» som er blitt haldne ved universitet i USA (og andre stader) frå 1970-talet til kring 2000.

Tevlingsorientert naken idrett blei tidlegast haldved dei første olympiske leikane «i gresk and» i Thielle i Sveits i august 1939, men desse ser ikkje ut til å ha fått eit framhald.

Ulike tevlingsorienterte arrangement har funne stad i Europa og USA sidan 1970-talet, men er blitt mindre vanlege. I Finland er det likevel i fleire år blitt halde eit 10 000 meter løp, Nakukymppi, i veka før midsommar. Nakenarrangement med sykkel eller løp er ikkje alltid strengt tevlingsorienterte. Eit årleg sykelløp som meir har karakter av demonstrasjon, er World Naked Bike Ride.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Om zo'è-folket
  2. Charlee Petersson & Johanna Ottosson, Den nakna sanningen om en blottande censur, 2016.
  3. «Riksidrottsförbundet Sexualiseringen av idrottens offentliga rum, FoU-rapport 2007:2, s. 3, 8-12, 27-28.» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 2017-06-14. Henta 23. februar 2019. 
  4. «Molecular Evolution of Pediculus humanus and the Origin of Clothing» (PDF) 13. 2003. doi:10.1016/S0960-9822(03)00507-4. 
  5. Stoneking, Mark, Erratum: Molecular evolution of Pediculus humanus and the origin of clothing (PDF), arkivert frå originalen 10. september 2008, henta 24. mars 2008 
  6. Illustrerad Vetenskap, 2011, Varför gick antikens grekiska män nakna?
  7. «Oh! Calcutta!». Arkivert frå originalen 2014-01-03. Henta 2. januar 2014. 
  8. Charlotte Moorman
  9. Skivomslag Lennon/Ono Two wirgins.
  10. Kalifornication. Frieze Magazin, 9, 2013. Arkivert kopiWayback Machine.
  11. Hippie Roots & The Perennial Subculture, 2003. Arkivert kopiWayback Machine.
  12. Bild från Femø 1971.
  13. Liv och skrift.
  14. Femølejren fylder 40.
  15. Femø 1971.
  16. Kvindeplakater Femø
  17. Anne Brædder: Femø kvindelejr 1971-2010 og femøisternes kollektive erindring om lejren, 2010, s. 74.
  18. «Badbilder från Skorpios.». Arkivert frå originalen 2013-12-24. Henta 21. desember 2013. 
  19. Nakenchockens historia.
  20. Svensk Tidskrift aug 2006.
  21. «När man står naken.». Arkivert frå originalen 2013-12-24. Henta 21. desember 2013. 
  22. USA och hysterisk puritanism 2003.
  23. Nypuritanismen är här
  24. Arbetarbladet om barnfilmer.
  25. Aftonbladet om barnfilmer.
  26. DN om nakna barn i konst.
  27. Sexualiseringen av idrottens offentliga rum, 2007, s. 23.
  28. Sexualiseringen av idrottens offentliga rum, 2007, s. 21.
  29. Jenny Dahl, Ungdomar, Internet och Sexualitet. Konstruktioner av kön på ungdomssajten ”Snyggast.se”. 2005.Mal:Död länk
  30. Hur kan naturlig nakenhet provocera mer än MTV?, 2004.
  31. «Vi är inte vana att se normala, nakna människor.». Arkivert frå originalen 2014-12-15. Henta 14. desember 2014. 
  32. Sanna Rayman, Gränslös och hårt begränsad sexualmoral, SvD 2014.
  33. Ballongdansen 2010. Arkivert 12. august 2013 på Wayback Machine.
  34. Roskilde naked run 2010.Mal:Död länk
  35. «Bara kroppar.». Arkivert frå originalen 2013-12-19. Henta 21. desember 2013. 
  36. Kroppsbilder.
  37. Intervju med idéhistorikern Karin Johannisson i DN 2013-02-23.
  38. Patrik Steorn, Nakna män. Maskulinitet och kreativitet i svensk bildkultur 1900-1915, Norstedts Akademiska Förlag, 2006.
  39. The Abramović Method Practiced by Lady Gaga.
  40. Kvällsöppet 1974.
  41. Oblation run har hittills främst varit för män.