Nattfiol

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nattfiol

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig

Systematikk
Rike: Planteriket
Klasse: Einfrøblada
Orden: Aspargesordenen
Familie: Orkidéfamilien
Slekt: Platanthera
Art: P. bifolia
Underartar
Vitskapleg namn
Platanthera bifolia
(Linné) Rich.
Økologi
Habitat: skog, eng
Utbreiing: Eurasia

Nattfiol (Platanthera bifolia) er ei plantenattfiolslekta Platantheraorkidéfamilien (marihandfamilien).[1]

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Nattfiol kan bli kring 40 centimeter høg, og har kvite blomar med lang spore i eit glisent aks. Han er oftast litt mindre og spinklare enn grov nattfiol. Hos nattfiol ligg dei to støvbærarane tett ved sidan av kvarandre inne i blomen, medan dei hos grov nattfiol spriker som ein oppned «V». Blomane duftar søtleg, mest om natta, noko som heng sama med at dei blir bestøva av nattaktive tussmørkesvermarar (Sphingidae).

Systematikk[endre | endre wikiteksten]

I Noreg har nattfiol desse to underartane:[2]

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Nattfiol veks gjerne i ulike typar slåtte- og beitemark, vegkantar, lyngheier og (beita) skog. Arten lever i det meste av landet, med to tyngdepunkt sør på Austlandet og i Midt-Noreg.[3]Norsk raudliste for artar (2021) er arten vurdert som livskraftig (LC).[4]

Arten finst òg i Sverige (status LC, svensk namn nattviol),[5] i Danmark (NT, dansk namn bakke-gøgelilje)[6] og i Finland (LC, finsk namn valkolehdokki).[7]

Nattfiol (engelsk namn lesser butterfly orchid) veks spreidde stader på Dei britiske øyane, og er verna gjennom den britiske Handlingsplan for biodiversitet.[8] I den britiske raudlista har arten status som sårbar (VU).[9] Lokalt er han sterkt truga (EN) i England[10] og sårbar (VU) i Skottland,[11] men livskraftig (LC) i Wales.[12] I Irland har han status som livskraftig (LC).[13]

I Estland (estisk namn kahelehine käokeel) er nattfiol vanleg over heile landet og er rekna som livskraftig (LC).[14] I Latvia (latvisk namn smaržīgā naktsvijole)[15] er arten temmeleg vanleg over heile landet og står ikkje som truga på den latviske raudlista.[16] I Litauen (litauisk namn dvilapė blandis) veks arten over heile landet og er rekna som livskraftig.[17][18]

I Benelux veks arten (nederlandsk namn welriekende nachtorchis, fransk namn platanthère à deux feuilles) spreidd i Nederland, men er i sterk tilbakegang, særleg i sør. I Belgia er han svært sjeldan og i tilbakegang i Flandern, litt vanlegare i Vallonia.[19][20] I den nederlandske raudlista er arten rekna som sterkt truga (EN, bedreigd).[21] I Belgia er han rekna som sterkt truga både i Flandern (EN, bedreigd) og i Vallonia (EN, en danger).[22][23] I Luxembourg er han rekna som sårbar (VU).[24]

Hybridar[endre | endre wikiteksten]

Det er gjort funn av hybridar mellom nattfiol og grov nattfiol (Platanthera bifolia × chlorantha eller Platanthera ×hybrida)[25] i Vestfold, utan at det er klarlagd kva for ein underart av nattfiol som er involvert. Hybriden er truleg oversett.[26] Hybridar både med heinattfiol (Platanthera bifolia ssp. bifolia × chlorantha)[27] og med skognattfiol (Platanthera bifolia ssp. latiflora × chlorantha)[28] er registrerte fleire stader i det sørlege Sverige. I Finland er berre skognattfiol representert, så der er det denne hybriden som finst på Åland og heilt i sørvest på fastlandet.[29] I Danmark er båe underartane representerte i hybridane.[30] På Dei britiske øyane er hybriden kjend frå spreidde lokalitetar, men det er ikkje skild mellom underartane.[31] Hybriden er òg registrert i Estland,[32] i Litauen[33] og i Nederland[34] utan at det er skild mellom underartane.

I Sverige er nattfiol (som i dette tilfellet då helst er skognattfiol) rapportert å kunne danne ein intergenerisk hybrid (hybrid mellom ulike slekter) med brudespore (Gymnadenia conopsea × Platanthera bifolia), men funnet er ikkje verifisert.[35]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Artsdatabanken: Artsopplysningar nattfiol». Artsdatabanken. Henta 2. mars 2022. 
  2. «Artsdatabanken: Namnetre nattfiol». Artsdatabanken. Henta 2. mars 2022. 
  3. «Artskart: Nattfiol, registrerte funn etter 2010». Artsdatabanken. Henta 2. mars 2022. 
  4. «Raudlista: Nattfiol». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 2. mars 2022. 
  5. «Artfakta naturvård: Platanthera bifolia nattfiol». Artdatabanken. Henta 5. mars 2022. 
  6. «Naturbasen: Bakke-Gøgelilje Platanthera bifolia». Naturbasen. Henta 5. mars 2022. 
  7. «LAJI: Platanthera bifolia». LAJI.FI. Henta 5. mars 2022. 
  8. «UK Biodiversity Action Plan» (PDF). Joint Nature Conservation Committee. 2007. Henta 9. mars 2022. 
  9. «GB Red List for vascular plants (revised Feb 2021)». Botanical Society of Britain & Ireland. 2021. Henta 9. mars 2022. 
  10. «A Vascular Plant Red List for England» (PDF). Botanical Society of Britain & Ireland. 2014. Henta 9. mars 2022. 
  11. «Scottish Biodiversity List». Scotland's Nature Agency / Buidheann Nàdair na h-Alba. 2020. Henta 9. mars 2022. 
  12. «A Vascular Plant Red Data List for Wales / Rhestr o Blanhigion Fasgwlaidd Data Coch ar gyfer Cymru» (PDF). Plantlife Wales. 2008. Henta 9. mars 2022. 
  13. «Ireland Red List No. 10: Vascular Plants» (PDF). National Parks & Wildlife Service. 2016. Henta 9. mars 2022. 
  14. «eElurikkus: Platanthera bifolia» (på estisk og engelsk). Tartu Ülikool (Tartu universitet). Henta 5. februar 2023. 
  15. «Latvijas daba: smaržīgā naktsvijole» (på latvisk). Enciklopēdija «Latvijas Daba». Henta 5. februar 2023. 
  16. Torleif Ingelög, Roger Andersson og Martin Tjernberg, red. (1993). Red Data Book of the Baltic Region (på engelsk). Swedish Threatened Species Unit. Uppsala in co-operation with Institute of Biology, Riga. s. 25-68. ISBN 91-88506-00-2. Henta 5. februar 2023. 
  17. Zigmantas Gudžinskas, Mindaugas Ryla (2006). Lietuvos gegužraibiniai (Orchidaceae) – Orchids (Orchidaceae) of Lithuania (på litauisk). Botanikos instituto leidykla. s. 24-25. ISBN 9986-662-28-1. Henta 5. februar 2023. 
  18. Zigmantas Gudžinskas (2001). «Diversity, state, and protection of Orchidaceae species in Lithuania». Jour. Eur. Orch. 33 (1): 415–441. ISSN 0945-7909. 
  19. «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Platanthera bifolia». FLORON. Henta 22. januar 2024. 
  20. «Verspreidingskaart: Welriekende nachtorchis – Platanthera bifolia». Waarnemingen.be. Henta 22. januar 2024. 
  21. «Rode Lijst Vaatplanten 2012» (PDF). FLORON. Henta 15. januar 2024. 
  22. «Rode Lijsten». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024. 
  23. «Liste des espèces wallonnes». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024. 
  24. «Red List of the vascular plants of Luxembourg». Musée national d’histoire naturelle Luxembourg. Henta 15. januar 2024. 
  25. «PoWO: Platanthera × hybrida». Plants of the World Online. Henta 5. februar 2023. 
  26. Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 192–193. 
  27. «Artfakta: Platanthera bifolia subsp. bifolia × chlorantha ängsnattviol × grönvit nattviol». Artdatabanken. Henta 30. januar 2023. 
  28. «Artfakta: Platanthera bifolia subsp. latiflora × chlorantha skogsnattviol × grönvit nattviol». Artdatabanken. Henta 30. januar 2023. 
  29. «LAJI: Platanthera bifolia × chlorantha». LAJI.FI. Henta 30. januar 2023. 
  30. Henrik Ærenlund Pedersen og Niels Faurholdt (2010). Danmarks vilde orkidéer. København: Gyldendalske Boghandel, Nordisk Forlag. s. 69–77. ISBN 978-87-02-06386-8. 
  31. Anne and Simon Harrap (2009). Orchids of Britain and Ireland (2. utg.). London: A & C Black. ISBN 978-1-408-10571-9. 
  32. «eElurikkus: Platanthera bifolia × Platanthera chlorantha» (på estisk og engelsk). Tartu Ülikool (Tartu universitet). Henta 5. februar 2023. 
  33. Zigmantas Gudžinskas, Mindaugas Ryla (2006). Lietuvos gegužraibiniai (Orchidaceae) – Orchids (Orchidaceae) of Lithuania (på litauisk). Botanikos instituto leidykla. s. 26. ISBN 9986-662-28-1. Henta 5. februar 2023. 
  34. «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Platanthera × hybrida». FLORON. Henta 22. januar 2024. 
  35. «Artfakta: Gymnadenia conopsea × Platanthera bifolia brudsporre × nattviol». Artdatabanken. Henta 30. januar 2023. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]