Hopp til innhald

Naurisk historie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det nauriske flagget

Nauru er ein øystat i Stillehavet med ei lang soge. Folkesetnaden på øya, nauruarane, er truleg etterkommarar av polynesiske eller melanesiske oppdagingsreisande frå Ny-Guinea som slo seg ned på øya Nauru. Nauru vart oppdaga av europearane for drygt 200 år sidan og var under styret til høvesvis Storbritannia, Australia, Tyskland og Japan før landet fekk sjølvstende i 1968. På 1970-talet var Nauru det nest rikaste landet i verda rekna etter BNP per person, ettersom dei hadde ei stor utvinning av fosfat, men i dag vert Nauru klassifisert som eit u-land.

Auweyida og Eigamoiya saman med innfødde nauruarar

Tidleg soge

[endre | endre wikiteksten]

Det er ein del usikkerheit rundt opphavet til dei innfødde nauruarane. Ein meiner at nauruarane stammar frå den siste malayo-stillehavsfolkevandringa (frå rundt 1200 f.Kr.), då polynesiske eller melanesiske seglarar frå Ny-Guinea kan ha busett seg der. Dei fyrste nauruarane var mogeleg mikronesiske, som i det vestlege Stillehavet delvis er blanda med melanesiarar.

Det er den britiske kapteinen John Fearn som vert rekna som den fyrste europearen som oppdaga Nauru 8. november 1798, med kvalfangarskipet «Hunter». På grunn av øya si plassering, kalla dei ho for «Pleasant Island» ('Den behagelege øya'), eit namn som ville halda fram i dei neste nitti åra, då Storbritannia styrte øya. På 1800-talet hadde Nauru eit rykte på å vera eit piratreir.

Gamal naurisk mann. Bilete teke i 1914 av Augustin Erdland.

På Nauru var det tolv stammar: Deiboe, Eamgum, Eamwidamit, Eamwidara, Eamwit, Eano, Emeo, Eoraru, Irutsi, Iruwa, Iwi og Ranibok. Iruwa er den stammen som ikkje er innfødd på Nauru, dei kjem opprinneleg frå Gilbertøyene. Før 1888 var det ingen felles leiar av alle stammane. I dag finst det ingen etterkommarar frå stammane Irutsi og Iwi; etter at alle stammemedlemmene frå Irutsi og Iwi døydde ut under den japanske okkupasjonen av Nauru, då dei fleste nauruarane vart sende til Truk. Det var tilfeldig at alle medlemmene frå desse stammane døydde. I dag er stammane representerte med kvar sin tagg i stjerna med tolv taggar i det nauriske flagget. Nauruarane identifiserer seg ikkje lenger med kva stamme dei høyrer til, men heller med kva distrikt dei bur i.

Kolonitida

[endre | endre wikiteksten]

Før fyrste verdskrigen

[endre | endre wikiteksten]
Rustningen til ein naurisk krigar under stammekrigen
Tysk anneksjonsseremoni i Nauru; kong Auweyida fremst i midten

Den europeiske immigrasjonen, hovudsakleg frå Storbritannia, byrja for fullt frå 1830. Dette skapte utfordringar for den nauriske folkesetnaden, då ukjende sjukdomar som til dømes influensa kom. I 1878 byrja òg den nauriske stammekrigen, som skulle vara i ti år. Denne krigen minska folkesetnaden til Nauru med ein tredjedel.

Den nauriske stammekrigen vart fyrst stansa då Tyskland tok over øya den 16. april 1888, og den 2. oktober same år, vart øya annektert til det tyske protektoratet Marshalløyene. Tyskland tok hovudsakleg over øya for å styrkja sin koloniale posisjon i Stillehavet. Den tyske kommisjonæren nytta høvdingen Auweyida og kona hans Eigamoiya som representantane til keisaren på øya. Inntil 1920 tilhøyrde Nauru det tidlegare Tysk Ny-Guinea.

Det var i 1900 dei enorme fosfatressursane på øya vart oppdaga. Ein trudde fyrst at det var rundt 42 millionar tonn der. Fosfatet som vart eksportert frå Nauru vart ofte kalla «nauruit» fordi det hadde ein spesiell utsjånad, og dessutan at det inneheldt fluorin. I 1905 vart det danna eit tysk-britisk samarbeidsselskap, som frå 1906 kontrollerte fosfatutvinninga på øya. Dette førte til at fleire menneske frå Kina og Gilbertøyene kom til Nauru for å skaffa seg arbeid.

I 1907 segla dei fyrste skipa lasta med fosfat ut frå Nauru. The Pacific Phosphate Company var viktig for å byggja opp infrastrukturen til Nauru, blant anna var dei med på å byggja opp eit sjukehus, kloakkanlegg, eit kondenseringsanlegg for ferskvassforsyning i tørketider, ein sodavassfabrikk, til og med ismaskiner og kjølekammer. Det vart òg laga eit kraftverk, så ein kunne nytta elektriske lys. Innan 1913 hadde 46 skip segla frå Nauru, lasta med til saman 138 725 tonn fosfat.

Den protestantiske misjonsorganisasjonen i Boston omplasserte i 1899 den tysk-amerikanske misjonæren Philip Delaporte til Nauru frå Gilbertøyene, kvar han sidan 1887 hadde vore misjonær. I 1908 vart ein protestantisk misjonærstasjon oppretta på øya, og tysk vart det offisielle skulespråket på øya. I 1902 hadde Den katolske kyrkja oppretta ein misjonærstasjon. Noko seinare vart polygamiet erstatta med det kristne ekteskapet.

Under fyrste verdskrigen

[endre | endre wikiteksten]

Nauru vart under den fyrste verdskrigen, som andre tyske koloniar i Stillehavet, overgjeve utan kamp. Nauru vart okkupert av australske troppar den 4. august 1914. Frå 17. desember 1920 administrerte Australia på vegner av Storbritannia og Ny-Zealand Nauru som eit mandatområde, og sikra seg rettane til utvinning av fosfatressursane til spottpris. Det var i 1927 «høvdingerådet» vart danna, dét vert rekna som den fyrste nauriske politiske instansen.

I 1919 vart angam-dagen kunngjort. Det vart vedteke at når den 1 500. nauruar vart fødd, skulle denne dagen vera ein nasjonal heilagdag. 1 500 vert sagt å vera den nedre grensa for overlevinga i eit samfunn. Den 26. oktober 1932 vart den fyrste angam-babyen fødd.

Under andre verdskrigen

[endre | endre wikiteksten]
USAs bombardement av Nauru

I byrjinga av andre verdskrigen var ikkje Nauru innblanda, men i slutten av desember 1940 angreip den tyske hjelpekryssaren «Komet» handelsskip ved øya, skaut fosfatanlegget, og fosfatminene vart lamma i ei tid etter. Den 8. desember 1941 kom meldinga om det japanske åtaket på Pearl Harbor. Den følgjande veka vart telegramstasjonen på øya bombardert av eit japansk fly. På Nauru kunne ein høyra at japanarane rykkja raskt nærmare øya enn tidlegare forventa, fordi dei hadde okkupert dei nærliggjande Gilbertøyene. Mange utanlandske innbyggjarar på øya byrja å kjenna seg usikre.

Det britiske fosfatselskapet meinte at det beste ville vera å evakuera øya. Det franske kampskipet «Le Triomphant» segla frå Ny-Hebridane til Nauru, der dei tok med seg 61 europearar, 391 kinesarar og 49 medlemmer av den militære garnisonen ombord. Dei siste 191 europearane vart igjen på øya, Nauru, og håpte på å verta evakuerte på same måte på eit seinare tidspunkt, noko som likevel ikkje hende.

Den 26. august 1942 hende det uventa då 300 soldatar frå det japanske riket, som var alliert med Tyskland, Italia o.a., okkuperte øya. Dei tok umiddelbart dei resterande europearane som fangar. Dei rundt 1 850 innfødde nauruarane vart kommanderte til å skaffa japanarane mat. Det vart sett opp forsvarskanonar langs kysten av øya, i tillegg til mange skjul langs kysten og på strategiske punkt i innlandet. Det vart også laga eit underjordisk sjukehus.

Det vart seinare laga planar om å etablera ein flyplass på øya. Omtrent 1 500 japanske og koreanske arbeidarar, med assistanse frå 300 nauruarar og kiribatiarar var med på å laga han. Flyplassen stod ferdig i januar 1943, og er framleis den internasjonale flyplassen til Nauru.

Samstundes som japanske ekspertar freista å få i gang fosfatproduksjonen igjen, bombarderte amerikanske fly Nauru den 25. mars 1943. Totalt 15 japanske fly vart øydelagt, i tillegg vart rullebanen skada og sett ut av drift. Dei japananske okkupantene avretta fem britiske fangar som eit svar på amerikanarane sine bombardement. Forsøket på å retta opp att fosfatproduksjonen vart mislykka, og Nauru vart berre verande ein strategisk viktig stad for japanarane. Dei amerikanske flyraida forårsaka eit avbrot av matforsyningane til øya, noko som gjorde at den japanske kommandøren vedtok å senda 1 200 nauruarar og to misjonærar (blant dei alsassiske Alois Kayser) til arbeidsleirar på Truk, og andre øyer i Karolinane.

Høva på Nauru under andre verdskrigen var dårlege. Den massive torpederinga av forsyningsskip og stadige luftraid gjorde det vanskeleg for menneska å leva på øya, utan import av varar måtte folkesetnaden overleva på det dei kunne laga sjølv. Mot slutten av krigen var rundt 300 japanarar utsvolta, og mange greip til kannibalisme for å overleva. Den japanske overgjevinga av Nauru kom den 13. september 1945 ombord på det australske krigsskipet HMAS «Dimantina». Om lag 3 745 japanarar og koreanarar drog tilbake til heimlanda sine, men nokre vart stilte for krigsrett, på grunn av avretting av europeiske og nauriske fangar. I januar 1946 kom dei overlevande nauruarane, berre 737, tilbake frå arbeidsleirane på Truk. Over ein tredjedel døydde av underernæring og bakteriesjukdommar frå arbeidsleirane på Truk. Denne store nedgangen i folkesetnaden på Nauru gjorde ein ny angam-dag mogleg i 1949.

Frå sjølve sjølvstendet til i dag

[endre | endre wikiteksten]

Velstandsperiode

[endre | endre wikiteksten]
Eit skip vert lasta med fosfat (1975)
Eit tog lasta med fosfat på øyas smalsporbane (1975)

Etter andre verdskrigen gjekk Nauru igjen til Australia. I 1947 vart øya eit tilsynsområde kontrollert av Australia, Storbritannia og New Zealand. Den 18. desember 1951 fekk øya eit indre sjølvstyre, og i 1956 vart den øvste høvdingen, Timothy Detudamo, regjeringsformann. Etter at Raymond Gadabu frå 1953 til 1955 hadde hatt dette vervet, tok Hammer DeRoburt over, og han arbeida hardt for Nauru sitt sjølvstende. Allereie i 1966 var øydeleggingane etter fosfatindustrien på øya tydelege; inngrepa i naturen var enorme og staden var korkje mogeleg å ferda eller å bu i. Australia tilbaud seg derfor å gjeva ei øy tilhøyrande Queensland til nauruarane i bytte mot Nauru, men nauruarane ville heller verta på Nauru og få sjølvstende. Etter ei folkerøysting erklærte Nauru i 1967 sjølvstendet sitt, som avslutta det australske verjemandatet over øya. Den 31. januar 1968 vart Nauru politisk sjølvstendig, og vart godkjend av Australia og FN som ein republikk; fyrste president vart Hammer DeRoburt. DeRoburt vart verande president til 1976, då Bernard Dowiyogo tok over. Dowiyogo vart internasjonalt lagt merke til då han kritiserte Frankrikes testsprengingar av atomvåpen i Stillehavet.

Nauru tente pengar fyrst på fosfatutvinninga etter 1970, då Nauru Phosphate Corporation vart etablert og tok over for det britiske fosfatselskapet. Fosfatinntektene var til hjelp for Nauru ved å forbetra infrastrukturen til vestleg standard, ein hovudveg vart laga rundt heile øya, og dessutan ein veg frå Buada til og rundt Buada-lagunen, og i tillegg til to australske kraftverk i Aiwo. Rekna etter BNP per person vart Nauru det nest rikaste landet i verda, nest etter Saudi-Arabia.

Med gravemaskinar vart fosfat dagleg grave opp frå jorda, og transportert til skip ankra opp utanfor korallreva i Aiwo via ein smalsporbane. Det vart årleg henta ut rundt 2 millionar tonn fosfat. Restane etter utvinninga er i dag berre ein uegna stad å bu på, og vert samanlikna med eit månelandskap av korallstein. Berre ei kyststripe på 150–300 meter står igjen som stad til busetjing. Det australske samveldet heldt oppe tilbodet sitt om ei øy utanfor Queensland, men den nauriske regjeringa nekta, fordi dei var redde for at sjølvstendet ville gå dukken viss dei tok imot tilbodet.

Nauru saksøkte Australia på grunn av deira fosfatutvinninga på øya før Nauru sitt sjølvstende. Den 9. august 1993 fekk Nauru 107 000 000 dollar i kompensasjon frå Australia til eit restaureringsprogram for øya. Dette programmet inneheldt blant anna rehabilitering av område der fosfat hadde vorte utgrave, der berre koralltakker stod att, pengane vart òg nytta til annan modernisering av infrastrukturen på øya. Som ei fylgje av denne kompensasjonen frå Australia, valde Nauru å ikkje vidare forfølgja saka mot Australia.

Den 9. oktober 1997 inngjekk regjeringa ein kontrakt med Det internasjonale diabetesinstituttet om eit langvarig forskingsprosjekt; hovudårsaka var at ein tredel av alle nauruarar hadde diabetes. Kontrakten innebar at nauruarar gav seg tilgjengelege for genetiske undersøkingar i 20 år, og at staten tok del i finansieringa av prosjektet. Den 1. mai 1999 vart Nauru full medlem i Samveldet, og den 14. september same år vart det medlem av FN.

Korrupsjon og finanskrise

[endre | endre wikiteksten]

Fram til 1990-talet hadde Nauru utvikla seg til å verta eit skatteparadis for utanlandske firma. Dette fekk konsekvensar då Den tyske bank, som hadde verdsomspennande bankaktivitetar, valde i januar 2000 å blokkera alle dollartransaksjonar til Bank of Nauru, også G8 vurderte å innføra sanksjonar mot landet på grunn av kvitvasking av pengar av den russiske mafiaen og søramerikanske narkoligaer. I ein årleg amerikansk rapport utgjeve i mars 2000 vart det avslørt at favorittkvitvaskingsstaden til den russiske mafiaen var Nauru. Ifylgje Talet frå den russiske sentralbank hadde rundt 80 milliardar amerikanske dollar gått igjennom banken på Nauru, for det meste til postboksfirma. Det var ingen kontroll av pengar som gjekk inn og ut av banken på Nauru, av den grunn kravde USA at øynasjonen måtte laga og ratifisera ein anti-kvitvaskingslov. Etter press frå FN fekk Nauru til slutt ei slik lov. Den 19. april 2002 utgav OECD ei ny svarteliste av statar med dårlege skattevanar, og Nauru stod på denne lista fram til mai 2004. Likevel vart Nauru på FATF (OECDs organ for å motarbeida kvitvasking) si liste over land som ikkje er samarbeidsviljuge når det gjeld kvitvasking. Det vart i september 2004 innført ytterlegare lover mot kvitvasking i eit forsøk på å få landet stroke frå FATF si liste. Den 13. oktober 2005 vart Nauru offisielt stroken av svartelista til FATF.

Sidan DeRoburt døydde har den politiske situasjonen på Nauru vore særs ustabil. Mange mistillitsforslag har ført til at landet ofte har skifta president, og dessutan særs varierte meiningar i parlamentet om korleis Nauru skulle bruka sin store rikdom, førte til at den finansielle situasjonen kom ut av kontroll. Situasjonen vart heller ikkje betre av at det vart slutt på fosfatressursane. Mellom 1999 og 2003 var det ei rekkje mistillitsforslag som førte til at René Harris og Bernard Dowiyogo var president annankvar gang. René Harris har kortaste regjeringsperioden på Nauru, under hans 3. termin var han berre president frå 17. januar 2003 til 18. januar 2003 (éin dag). Dowiyogo vart deretter president att til han den 10. mars 2003 døydde av diabetes på eit sjukehus i Washington D.C.. Hans fylgjer, Derog Gioura sat litt under tre veker før han fekk eit hjarteinfarkt, og gav umiddelbart ifrå seg embetet. Ludwig Scotty vart vald den 29. mai 2003, og det verka som om den politiske situasjonen igjen kunne stabilisera seg. Det kom likevel endå eit mistillitsforslag i august 2003, og Harris vart president att. Den 22. juni 2004 vart Scotty på ny president, då Harris vart avsett ved endå eit mistillitsforslag.

I 2001 vart flyktningleiren Nauru Detention Centre sett opp under regjeringa til René Harris. Dette hende etter at den norske båten MV «Tampa» kom med afghanske flyktningar til Australia, australiarane nekta å taka imot dei og betala Nauru godt for å halda flyktningane på øya si. Det vart likevel sterke protestar mot denne flyktningleiren i 2003, og Bush Lodge, presidentbustaden, vart brunnen ned til grunnen. Den 23. april 2004 var det demonstrasjonar på flyplassen då Harris skulle fly til Kina for å forhandla. Blant desse demonstrantane var parlamentsmedlemmer frå opposisjonspartiet Naoero Amo, og desse fekk 14 års fengsel for opprør. Desse straffene vart oppheva då Scotty vart valt til president. I mai 2004 byrja nokre australske menneskerettsaktivistar Flotilla of Hope, eit seglas av to australske båtar frå Sydney til Nauru, i ein fredeleg protest mot flyktningleiren på Nauru.

Den nye regjeringa under Scotty hadde då eit dilemma: Regjeringa hadde sette som mål å få leiren stengd, men Harris åtvara mot dette, fordi leiren for tida utgav heile Nauru si inntekt, og om dei la han ned ville staten gå konkurs. Det vart utfordringar med eit statsbudsjett, og i juni 2004 vart tre australske ekspertar sende til Nauru for å bistå regjeringa med eit nytt statsbudsjett.

Nylege hendingar

[endre | endre wikiteksten]

I august 2004 kom det ut ein australsk studie som konkluderte med at Nauru hadde to val: Anten å verta eit land av «fattige og sjukdomsplaga tiggarar, eller vedtaka seg for å leva eit sunt og beskjedent liv». Ein skulle tolka det slik at alternativet med fattige og sjukdomsplaga tiggarar var om Nauru vart verande ein sjølvstendig republikk, medan alternativet med eit sunt og beskjedent liv var om Nauru oppgav sjølvstendet sitt og deretter vart underlagt under eit av dei nærliggjande landa som Australia, Ny-Zealand eller Fiji. Det var studieforfattaren Helen Hughes som sa at dramatiske forandringar måtte til for å snu den økonomiske nedgangen og retta opp igjen den politiske stabiliteten. Nabolanda i Pacific Islands Forum har sagt seg viljuge til å hjelpa Nauru i landets hittil største krise for å redda Nauru sitt sjølvstende.

Den 1. oktober 2004 erklærte president Scotty nasjonal unntakstilstand på grunn av ei økonomisk krise, og oppløyste samstundes parlamentet; valet vart sett til den 23. oktober. Scotty og hans liberal-reformatistiske fylgje vann valet, og fekk ein historisk majoritet på 16 mot 2. Nauru har dei siste åra gått i ei positiv retning for å overkomma dei politiske krisene, og kan fylgjeleg konsentrera seg på dei økonomiske utfordringane.

Det vart annonsert av den australske vitskapsministeren Brendan Nelson i slutten av januar 2005 at Australia ville lagra det radioaktive avfallet sitt utanfor sine eigne landegrenser, der blant anna Nauru vart sett på som ein særs eigna stad til dette.[1] Den 15. juni 2005 vart Nauru med i Den internasjonale kvalfangstkommisjonen (IWC), mogelegvis lokka av Japan, ein stor kvalfangstnasjon. Ein går ut frå at Japan ville ha Nauru til å støtta dei i ei sak om kommersiell kvalfangst i eit møte som fann stad den 20. juni 2005 i Ulsan, Sør-Korea. Nauru si deltaking i IWC vart sett på som kontroversielt i Australia, av den grunn truga den australske regjeringa Nauru med diplomatiske konsekvensar. Den nauriske IWC-utsendingen Marcus Stephen valde likevel å avslå dei australske klagane.

  1. «Radioactive waste and spent nuclear fuel management in Australia», www.aph.gov.au (på engelsk), henta 26. juni 2022 

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]
  • Ehrhart, S., Die Südsee, Inselwelten im Pazifik, Köln 1993. ISBN 3-7701-2705-6
  • Hambruch, P., Die Siedlungen, Hamburg 1914.
  • McDaniel, C./Gowdy, J., Paradise for Sale: A Parable of Nature, California 2000. ISBN 0-520-22229-6
  • Kayser, Alois, Nauru Grammar (1936), Melbourne 1993. ISBN 0-646-12854-X
  • Kreisel, W., «9.3.3.3 Die Bedeutung des Phosphatabbaus für Nauru» i Die pazifische Inselwelt, Darmstadt 1991. ISBN 3-534-02237-8
  • Thilenius, G./Reche, O., Ergebnisse der Südsee-Expedition 1908-1910, Hamburg 1914

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]