Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå OECD)
Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling


Skipa16. april 1948
DotterselskapDet internasjonale energibyrået
Eigenandel iChâteau de la Muette
HovudkontorParis,[1][2] Château de la Muette
LandFrankrike
Nettstadhttps://www.oecd.org

Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (engelsk Organisation for Economic Co-operation and Development, forkorta OECD) er ein internasjonal organisasjon av industriland. OECD er eit framhald av OEEC, som vart skipa i 1948 for å gjennomføre Marshallhjelpa.[3] OEEC vart erstatta av OECD i 1961 med USA og Canada som nye medlemmar. OECD er ein organisasjon der medlemslanda samarbeider om å fremja økonomiske vekst i og mellom medlemslanda.[4] OECD er samansett av over 38 land.[5] Felles for medlemslanda er at dei har ein velutvikla marknadsøkonomi og demokrati, i tillegg til ein relativ høg BNP.[4] Europakommisjonen tek også del i arbeidet saman med medlemslanda i Den europeiske unionen (EU).

Bidrag til OECD sitt budsjett, som er på rundt to milliardar kroner årleg, er basert på medlemslanda sin økonomiske storleik.

Medlemsland[endre | endre wikiteksten]

Kart der medlemsland i OECD er markerte i blått.

Nye medlemmar[endre | endre wikiteksten]

Det vil etterkvart dukke opp nye medlemmar i OECD. Her snakkar vi om nye nasjonar som får medlemskap. Det er opne diskusjonar om medlemskap for Russland, Bulgaria og Romania. OECD samarbeider også med Indonesia, Kina, Sør-Afrika, Brasil og India.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Gemeinsame Normdatei; vitjingsdato: 11. august 2023; språk på verket: tysk; GND-id: 5157-3.
  2. https://www.oecd.org/contact/; vitjingsdato: 11. august 2023; språk på verket: engelsk; redaktør: Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling.
  3. «Organisation for Economic Co-operation and Development | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 10. november 2022 
  4. 4,0 4,1 Knudsen, Olav Fagelund; Lundbo, Sten; Johannessen, Bjørn (21. september 2022). «OECD». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  5. «About the OECD - OECD», www.oecd.org (på engelsk), henta 10. november 2022 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]