Nahal Amud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Amud
elv
Amud stream.JPG
Amud
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Nord-Israel
Koordinatar 32°52′51.31″N 35°30′11.75″E
Lengd 25 km
Kjelde Ramat Dalton
Munning Genesaretsjøen
Map
Nahal Amud
32°52′51″ N 35°30′12″ E
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Nahal Amud

Nahal Amud (hebraisk נחל עמוד), òg kalla Wadi Amud, er ei elv i Øvre Galilea som renn ut i Genesaretsjøen.

Kjelda til elva, Ramat Dalton, ligg 800 meter over havet. Nedslagsfeltet omfattar fjelltoppane Kanaanfjellet (955 moh) og Har Meron (1 204 moh) og ho flyt sørover gjennom det austlege Galilea til nordvestsida av Genesaretsjøen - ei høgd som er 200 meter under havnivå. Elva er kalla opp etter ei søyle som stig høgt opp frå bakken, like ved elva nær Kibbutz Hokuk.

Søyla som elva er kalla opp etter.

Det finst mange grotter i kløfta som danna elveleiet på denne staden, og var ein gong busett av Homo heidelbergensis og seinare av neandertalarar, som i grotta ved Zuttiyeh. Dei første paleontologiske utgravingane i det som då var Palestina fann stad her i 1925-1926.[1] I grotta fann ein òg gjenstandar frå Moustérienkulturen og acheuléen.

Det meste av Nahal Amud vart erklært eit naturreservat i 1972.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Excavations i Wadi Amud
  2. «Liste over nasjonalparkar og naturreservat» (PDF) (på hebraisk). Israel natur- og parktilsyn. Arkivert frå originalen (PDF) 2009-10-07. Henta 30. september 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]