Nesher

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nesher
נֶשֶׁר
by
Namneopphav: Ørn
Land  Israel
Distrikt Haifa distrikt
Koordinatar 32°46′N 35°03′E
Areal 12,09 km²
Folketal 23 000  (2010)
Folketettleik 1 902 / km²
Grunnlagd 1925
Borgarmeister Avi Binamo
Kart
Nesher
32°46′16″ N 35°2′22″ E
Wikimedia Commons: Nesher

Nesher (hebraisk skrift נֶשֶׁר) er ein by i Haifa distrikt i Israel. I 2011 hadde Nesher 23 000 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Nesher sementfabrikk i 1924.

Nesher vart grunnlagd i 1924 som ein arbeidarby for Nesher sementfabrikk, som vart grunnlagd i september 1982 av Michael Pollack, ein jødisk industrileiar frå Russland. Området var myrlendt og plaga av malaria, men tilsette i fabrikken flytta gradvis til staden med familiane sine, og førte folketalet opp til 1 500.[1] Nesher vart stifta som aksjeselskap i 1925.[2] I 1929 gjekk arabarar frå Balad al-Sheikh til åtak på fabrikken og brende ned ein gard.[3]

Midt i 1930-åra hadde Nesher sementfabrikk 700 tilsette, både jødar og arabarar.[4]

I 1948 slo tusenvis av jødiske immigrantar frå Europa, Irak og Nord-Afrika seg ned i Nesher. I 1952 vart det danna ein lokal kommune som bestod av fire nabolag – Nesher, Giv’at Nesher, Ben-Dor og Tel Hanan. Den første borgarmeisteren var Yehuda Shimroni.[5]

Demografi[endre | endre wikiteksten]

CBS-statistikk for 2005 syner at den etniske samansetnaden i Nesher er 99,5 % jødisk og andre ikkje-arabarar. 30,7 % av folkesetnaden i 2005 var immigrantar som kom til Israel etter 1990.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nesher – At the heart of the region, arkivert frå originalen 8. mars 2016, henta 7. april 2015 
  2. Haifa: Transformation of an Arab Society 1918-1939, May Seikaly
  3. Tzadok Eshel, The Cement and his Manufacturers, The Portland Cement Company "Nesher", 1976 p. 68
  4. Haifa: Transformation of an Arab Society 1918-1939, May Seikaly
  5. About Nesher, arkivert frå originalen 8. mars 2016, henta 7. april 2015 
  6. «Local Authorities i Israel 2005, Publication #1295 - Municipality Profiles - Nesher» (PDF) (på hebraisk). Israelsk statistisk sentralbyrå. Henta 6. april 2015. 
Karmelberget sett frå Nesher

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]