Rekhasim
Rekhasim | |||
lokal kommune | |||
Namneopphav: Fjellkjeder | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Haifa distrikt | ||
Koordinatar | |||
Areal | 2,86 km² | ||
Folketal | 9 200 (2009) [1] | ||
Folketettleik | 3 217 / km² | ||
Grunnlagd | 1951 | ||
- Bystatus | 1959 | ||
![]() Rekhasim | |||
Wikimedia Commons: Rekhasim | |||
Rekhasim (hebraisk skrift רְכָסִים) er ein by (lokal kommune) i Haifa distrikt i Israel. Han ligg mellom Kiryat Tiv'on, Kiryat Ata og Nesher, ved hovudveg 70, 75 og 762.
Det er estimert at folketalet mot slutten av 2009 var 9 200.[1]
Historie[endre | endre wikiteksten]
Han er kalla opp etter eit vers i Jesaja (Jesaja 40:4), fordi byen ligg på fire åsryggar. Han vart grunnlagd i 1951 av tidlegare soldatar og innbyggjarar frå nærliggande ma'abarot.[2]
Geografi[endre | endre wikiteksten]
Rekhasim ligg på fire åsar nær Karmelberget, avmerkt med hebraiske bokstavar (Hill Alef, Bet, Gimel og Dalet). Han grensar til to landsbyar i Zvulun regionale kommune: den jødiske Kfar Hasidim og den arabiske Ibtin.
Det lågaste punktet er 19,8 meter over havet, og det høgaste er 193,6 moh. Middeltemperaturen i januar er 11 ºC og 27 ºC i august. Årsmiddelnedbøren er 650 mm.[3]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Rekhasim» frå Wikipedia på engelsk, den 7. april 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «Table 3 - Population of Localities Numbering Above 2 000 Residents and Other Rural Population» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. 30. september 2014. Henta 1. oktober 2014.
- ↑ HaReuveni, Immanuel (1999). Lexicon of the Land of Israel (på hebraisk). Miskal - Yedioth Ahronoth Books and Chemed Books. s. 868. ISBN 965-448-413-7.
- ↑ «Local Authorities in Israel 2005, Publication #1295 - Municipality Profiles - Rekhasim» (PDF) (på hebraisk). Israel Central Bureau of Statistics. Henta 16. februar 2008.