Isfiya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°43′10″N 35°03′48″E
Isfiya
עספיא, عسفيا
lokal kommune
Isfiya 1.jpg
Namneopphav: På ville vegar[1]
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Haifa distrikt
Koordinatar 32°43′10″N 35°03′48″E
Areal 15,56 km²
Folketal 25 400 (2009)
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Isfiya

Isfiya (arabisk عسفيا), òg kalla Ussefiya, er ein drusarlandsby og lokal kommune nord i Israel. Han ligg på Karmelberget og er ein del av Haifa distrikt. I 2009 hadde han eit folketal på 25 400. I 2003 vart den lokal kommunen slått saman med den næliggande Daliyat al-Karmel og danna Ir HaKarmel. Den nye byen vart oppløyst alt i 2008 og dei to mindre byane fekk attende den sjølvstendige statusen sin.

Utkanten av Isfiya

Historie[endre | endre wikiteksten]

Isfiya var bygd i ruinane av ein austromersk busetnad. Det er òg gjort funn frå krossfararane i landsbyen. I 1930 vart det avdekt ruinane av ein jødisk by frå 400-talet, Husifah, i Isfiya.[2] Mellom anna vart det funne ei synagoge med mosaikkgolv, jødiske symbol og inskripsjonen «Fred over Israel». Ein fann òg 4 500 gullmyntar frå romartida.[3]

Isfiya vart nemtn som ein del av området til sultanen under hudnaen mellom krossfararane i Akko og mamelukk-sultanen al-Mansur (Qalawun) i 1283.[4]

Drusarane kom til landsbyen tidleg på 1700-talet. Dei levde av produksjon av olivenolje, honning og druer.[3]

Isfiya var ein av berre to landsbyar att på Karmelberget etter utkastinga av Ibrahim Pasha i 1841. Sytten andre landsbyar forsvann. Landsbyen klarte seg mellom anna delvis på grunn av «særskild mot» blant innbyggjarar, og delvis fordi dei kjøpte seg vern hos ein lokal høvding, Akil Agha.[5]

I 1859 vart folketalet estimert til 400.[6]

I 1863 vitja H.B. Tristram landsbyen og skildra han som ei blanding av drusarar og kristne, med ein kristen sjeik.[7] I 1870 vitja den franske reisande Victor Guérin landsbyen, som då hadde 600 innbyggjarar, nesten alle drusarar. Det voks hagar kring heile landsbyen. Somme hus var særs gamle og Guérin meinte dei var frå mellomalderen eller enno eldre, frå tida kring krossfararane.[8]

I 1881 skildra Palestine Exploration Fund landsbyen som «på den høgaste delen av Karmel, og det høgastliggande huset var derfor ein trigonometrisk stasjon på ryggen. Han er ein mellomstor landsby av steinhus, med ein brunn i sørvest. Alle innbyggjarane er drusarar. Kornårkar og oliven ligg kring landområdet»."[9]

I folketeljinga i 1922 utført av dei britiske mandatstyresmaktene hadde 'Asfia 590 drusarar, 126 kristne og 17 muslimar, i alt 733 innbyggjarar.[10] I 1945 var talet auka til 1790 arabarar.[11]

Sjølv om landsbyen framleis hovudsakleg er drusisk, er det mange jødar som bur i Isfiya.[12]

Landemerke[endre | endre wikiteksten]

Grava til Abu Abdallah ligg i Isfiya. Abu Abdullah var ein av tre religiøse leiarar valt av kalifen Al-Hakem i 996 CE for å fremje drusar-trua. Drusarane dreg på pilegrimsreise til grava kvart år den 15. november.[13]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Palmer, 1881, p. 109
  2. Astrology and Judaism in Late Antiquity: Husifa
  3. 3,0 3,1 Druze Jewish Virtual Library
  4. Dan Barag (1979). «A new source concerning the ultimate borders of the Latin Kingdom of Jerusalem». Israel Exploration Journal 29. s. 197–217. 
  5. Tristram, 1865, p. 112
  6. Conder and Kitchener, 1881, SWP I, p. 282
  7. Tristram, 1865, pp 111- 114
  8. Guérin, 1875, pp. 248-249
  9. Conder and Kitchener, 1881, SWP I, pp. 281 -282
  10. Barron, 1923, Table XI, Sub-District of Haifa, p. 33
  11. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Quoted in Hadawi, 1970, p. 48
  12. http://www.israelnationalnews.com/News/News.aspx/142435
  13. The Abu Abdullah Shrine in Isfiya Israel Ministry of Foreign Affairs

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]