Kiryat Tivon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kiryat Tiv'on)
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°43′26″N 35°7′38″E
Kiryat Tiv'on
lokal kommune
Tiveon 072.jpg
View of Kiryat Tivon
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Nord distrikt
Koordinatar 32°43′26″N 35°7′38″E
Areal 8,42 km²
Folketal 16 600 (2010) [1]
Folketettleik 1 971 / km²
Bystatus 1958
Borgarmeister David Ariely
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Kiryat Tivon

Kiryat Tiv'on (hebraisk skrift קִרְיַת טִבְעוֹן}}, òg Qiryat Tiv'on) er ein by i Haifa distrikt i Israel, i åsane mellom Zvulun- og Jezreeldalen. Kiryat Tiv'on ligg 15 km søraust for Haifa, langs hovudvegen til Nasaret. I utkanten av Tiv'on ligg ein beduinsk by kalla Basmat Tab'un. Kiryat Tivon har eit folketal på 16 000.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kiryat Tivon sett frå Beit She'arim nasjonalpark.

Kiryat Tiv'on vart grunnlagd i 1958 då tre mindre busetnader vart slått saman: Tiv'on (grunnlagd i 1947), Kiryat Amal (grunnlagd i 1937) og Elro'i (grunnlagd i 1935). Kiryat Haroshet, som vart grunnlagd av ein rabbi frå Jablona i Polen som slo seg ned der med følgjaren sine i 1935, vart ein del av Kiryat Tiv'on i 1979.

Tiv'on vart bygd på landområde eigd av eit britisk, jødisk par som kjøpte området tidleg i 1945. Seinare vart det utvikla av Jewish National Fund basert på ein byplan teikna av Alexander Klein, ein russisk-jødisk arkitekt som fekk jobben av Jewish National Fund.[3]

Landemerke[endre | endre wikiteksten]

Byen er mest kjend for nasjonalparken Beit She'arim, som ligg sørvest for byen. Beit Shearim var eit viktig jødisk, andeleg senter og nekropolis i romartida og ein gong setet for Sanhedrin.

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Kiryat Tiv'on er venskapsby med:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.cbs.gov.il/population/new_2010/table3.pdf
  2. http://www.ktv.org.il/ Kommuneside
  3. Revista Morashá - Artigos
  4. «Braunschweigs Partner und Freundschaftsstädte» [Braunschweig - Partner and Friendship Cities]. Stadt Braunschweig [City of Braunschweig] (på German). Arkivert frå originalen 2012-12-01. Henta 7. august 2013.