Jisr az-Zarqa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jisr az-Zarqa
גִ'סְּר א-זַּרְקָא, جـِسـْر الزرقاء
lokal kommune
Jisr az-Zarqa.jpg
Jisr az-Zarqa
Namneopphav: Brua over den blå
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Haifa distrikt
Koordinatar 32°32′16.51″N 34°54′44.02″E
Areal 1,52 km²
Folketal 11 100 (2005)
Grunnlagd 1963

Jisr az-Zarqa
32°32′17″ N 34°54′44″ E
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Jisr az-Zarqa

Jisr az-Zarqa (arabisk جِسْر الزَّرْقَاء, hebraisk skrift גִ'סְּר א-זַּרְקָא, tyder «brua over den blå», ofte forkorta til Jisr) er ein israelsk-arabisk by i Israel, nord på Den israelske kystsletta. Han ligg like nord for Caesarea i Haifa distrikt, og fekk lokal kommune status i 1963. I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå (CBS) hadde byen eit folketal på 11 100 mot slutten av 2005. Namnet Jisr az-Zarqa syner til Taninimelva, som på arabisk vert kalla Den blå elva.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Jisr az-Zarqa er den einaste attverande, arabiske byen i Israel som ligg ved kysten av Middelhavet. Før staten vart grunnlagd, var byen busett av beduinar frå Ghawarina-stamma.[1] Jødar frå nabobyane i Zikhron Ya'akov og Binyamina, som var avhengig av innbyggjarane i Jisr az-Zarqa som arbeidskraft på gardane, hindre at dei vart drivne bort i 1948.[2]

I november 2002 vart det bygd ein stor jordvoll langs ein 160 meter brei korridor mellom Jisr az-Zarqa og nabobyen Caesarea. Vollen vart bygd for å hindre støy frå muezzin i lokale moskear, geværskot under feiringar,[3] og for å redusere eigedomslovbrot i området. Innbyggjarane i Jisr az-Zarqa hevdar at nasjonalparken i nord, volleni sør, vegen i aust og havet i vest hindrar byen frå å kunne utvidast.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Typisk gate med sjøutsikt i Jisr az-Zarqa

Innbyggjarane i Jisr az-Zarqa er hovudsakleg muslimar..[4]

I 2006 hadde byen visstnok den lågaste gjennomsnittlege månadsløna i heile Israel.[5]

Ein lokal innbyggjar, Mariam Amash, søkte om eit nytt ID-kort i Hadera i februar 2008, ved hjelp av ein fødselsattest gjeve ut av Det osmanske riket i 1888. Dette vart stadfesta av Guinness rekordbok og gjorde ho då til den eldste levande personen i verda.[6][7] Ho døydde 22. desember 2012, 124 år gammal.[8]

Jisr az-Zarqa

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. State Lands and Rural Development in Mandatory Palestine, 1920-1948, Warwick P. N. Tyler
  2. Sacred Landscape: CHAPTER FIVE
  3. Caesarea, arkivert frå originalen 2006-10-08, henta 7. april 2015 
  4. The lost palestinske Jews- 20. august 2009
  5. «Settlers earn double the minimum wage and more than the average wage». Translated by AAD. 24. august 2006. Arkivert frå originalen 2006-10-18. Henta 7. april 2015. 
  6. Patience, Martin (15. februar 2008). «World's 'oldest' person i Israel». BBC News (BBC MMVII). Henta 7. april 2015. 
  7. «120 year-old woman files for identity card». Ynetnews.com. 7. april 2015. Henta 7. april 2015. 
  8. «Mariam Amash, possibly world's oldest person, dies age 124 (with video)». Ynetnews.com. 23. desember 2012. Arkivert frå originalen 2012-12-23. Henta 7. april 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]