TV 2

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Norsk TV2)
Hopp til navigering Hopp til søk
TV 2s tidlegare hovedkvarter i Bergen
Foto: Løken
For andre fjernynskanalar med namnet TV 2, sjå TV 2 (fleirtyding).

TV 2 er ein norsk kommersiell fjernsynskanal med hovudkontor i Bergen. TV 2 er eigd av TV 2 Gruppen AS, som igjen er eigd av Egmont Holding AS.

Kanalen vart tildelt lisens i 1991 og starta sendingane den 5. september 1992.

TV 2 har avdelingskontor i Tromso, Bodø, Trondheim, Ålesund, Hamar, Oslo, Stavanger og Kristiansand.

I 2018 hadde kanalen ein total markedsandel på 19 prosent av all TV-sjåing i Noreg. Det var ein oppgang på 0,1 prosentpoeng frå 2017.[1][2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

1991-1994[endre | endre wikiteksten]

Stortinget opnar for reklamefinansiert TV[endre | endre wikiteksten]

Stortinget opna i 1990 opp for at det kunne etablerast eit reklamefinansiert alternativ til NRK.[3] Konsesjonen vart lyst ut 31. januar 1991 med krav om at ingen eigarar kunne eiga meir enn 20 prosent av aksjane i kanalen. Det var fleire som var interesserte i konsesjonen, og blant anna Schibsted, Egmont, Orkla, ei gruppering rundt Rolf Wesenlund og Arne Fjørtoft og ei investorgruppe med namn NTN gjekk med planar om å søkja på konsesjonen.

I august 1991 kunngjorde kulturminister Åse Kleveland at søkargruppa, leia av Schibsted og Egmont, var dei som skulle få den fyrste sjansen til å framforhandla ein avtale med Televerket om utbygging av sendenett for TV 2. Sjølv om det vart stilt harde krav om økonomiske garantiar frå kanalen, vart dei to partane til slutt einige i januar 1992

Under oppstarten bestod leiargruppa i kanalen av Bjørn Atle Holter-Hovind (sjef), Dan Børge Akerø (programdirektør), Finn H. Andreassen (nyhenderedaktør), Ole Bernt Larsen (teknisk sjef), Øivind Johannessen (økonomidirektør), Inger Bjerkestrand (personalsjef), Egil Storaas (marknadsdirektør) og Harald Strømme (informasjonsdirektør).

Opning av kanalen[endre | endre wikiteksten]

Kanalen hadde sin ofisielle opning 5. september 1991 med direktesendinga For første gang, leia av Dan Børge Akerø. Sendinga byrja med eit klipp av Kong Harald og Dronning Sonja som ynskte kanalen lykke til med oppstarten. Deretter gjekk sendinga vidare til Dan Børge Akerø og publikum i Grieghallen. Kongeparet vart så intervjua direkte av programleiaren. Programmet var ei samsending med NRK, og vart sett på av 1,7 millionar TV-sjåarar.

Ordinære sendingar starta dagen etterpå med sending av ein eliteseriekamp mellom Viking og Rosenborg, ein konsert med Oslo Gospel Choir i tillegg til nyhende, sport og dokumentarar. Dei utanlandske seriane Flipper og Et vilt liv hadde òg fått plass på sendeskjemaet.

Den fyrste veka på kanalen baud på premierar av kanalen sine eigne produksjonar som Askeladden, God ettermiddag Norge!, Casanova og Holmgang, i tillegg til utenlandske seriar som Baywatch, Cheers og Silke.

Dotterkanalar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «TV-kanalenes seertall per år», medienorge (på norsk), henta 1. juni 2019 
  2. «TV-kanalenes seertall per år», medienorge (på norsk), henta 1. juni 2019 
  3. Gøran Skaalmo (2012). Se hva som skjedde. Historien om TV 2. Font Forlag.