O Little Town of Bethlehem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«O Little Town of Bethlehem»

Forfattaren sitt manuskript av første strofe
Musikk av Lewis Redner («St Louis»), Ralph Vaughan Williams («Forest Green»), Henry Walford Davies («Wengen» og «Christmas Carol»)
Tekst av Phillips Brooks
Publisert ca. 1868
Språk engelsk
Form julesong

O Little Town of Bethlehem er ein populær, amerikansk julesong. Han finst i Norsk Salmebok under tittelen «Å Betlehem, du vesle by».

Tekst[endre | endre wikiteksten]

Teksten vart skriven av Phillips Brooks (1835–1893), ein episkopal prest og sokneprest ved Church of the Holy Trinity i Philadelphia. Han vart inspirert til å skrive songen etter å ha vitja Betlehem i Palestina i 1865. tre år seinare skreiv han diktet for kyrkja si og organisten Lewis Redner, som la til musik.

Musikk[endre | endre wikiteksten]

«St Louis» av Lewis Redner (frå ei salme frå 1896)

Melodien til Redner, berre kalla «St. Louis», er den melodien som oftast er nytta for denne julesongen i USA.[1]

I Det britiske samveldet, og stundom i USA, vert den engelske salmemelodien «Forest Green» nytta i staden for. «Forest Green» vart komponert av Ralph Vaughan Williams basert på ei skillingsvise kalla «The Ploughboy's Dream» som han hadde henta inn frå ein Mr. Garman frå Forest Green i Surrey i 1903.[2][3][4] Henry Garman vart fødd i 1830 i Sussex, og i budde i 1901 i Ockley i Surrey. I notata til Vaughan Williams står det at han var ein «arbeidar i Forest Green nær Ockley, alder kring 60?», sjølv om Garman må ha vore nærmare 73 då han gav melodien til Willliams.[5] Melodien har ei strofisk verseform på forma A-A-B-A. Salmemelodien vart først publisert i English Hymnal i 1906.

Det finst òg to melodiverjonar av H. Walford Davies, kalla «Wengen» og «Christmas carol».[6][7] «Wengen» vart publisert i Hymns Ancient and Modern i 1922,[8] medan «Christmas Carol» vanlegvis berre vert framført av kor.[9]

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Louis F. Benson, "O Little Town of Bethlehem". Studies Of Familiar Hymns, First Series (Philadelphia: The Westminster Press. 1924), 11
  2. Vaughan Williams-manuskriptet av «The Ploughboy's Dream» ved Vaughan Williams Memorial Library Full English collection, henta 4. oktober 2016
  3. Byron Adams, Robin Wells, «Hymn Tunes from Folk Songs» in Vaughan Williams essays, Volume 3; Volume 44, (Ashgate Publishing, 2003), ISBN 978-1-85928-387-5 s. 111
  4. «O Little Town of Bethlehem (Vaughan Williams)» English hymn.
  5. Mark Browse, O Little Town, 141-142
  6. http://www.hyperion-records.co.uk/dw.asp?dc=W3446_GBAJY0110304&vw=dc
  7. http://mander-organs-forum.invisionzone.com/index.php?/topic/3764-walford-davies-tune-for-o-little-town/
  8. Hymns Ancient and Modern (London: William Clowes and Sons, Ltd., 1922)
  9. Order of Service Arkivert 2010-11-01 ved Wayback Machine., A Festival of Nine Lessons and Carols 1999, King's College Cambridge 1999.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]