Cecilie Myrseth
| Cecilie Myrseth | |||
| | |||
| Fødd | 27. juli 1984 (41 år) Harstad kommune | ||
|---|---|---|---|
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Arbeidarpartiet | ||
| Yrke | politikar, psykolog | ||
| Utdanna ved | Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet | ||
| Mor | Hege Beate Myrseth Rollmoen | ||
| Alle verv |
| ||
Cecilie Terese Myrseth (fødd 27. juli 1984) er ein norsk psykolog og politikar frå Lavangen. Sidan 19. april 2024 har ho vore næringsminister i regjeringa Støre,[1] før det frå og med oktober 2023 var ho fiskeri- og havminister i same regjeringa.[2][3]
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Myrsteh er utdanna psykolog frå Universitetet i Tromsø. Ho var medlem av Troms fylkesting frå 2007 til 2017. Ho var Arbeidarpartiet sin gruppeleiar frå 2013?. I oktober 2015 tok ho over fylkesrådsleiar i Troms, ein posisjon ho hadde til juni 2017. Hausten 2017 vart ho vald til stortingsrepresentant frå fylket, attvald i 2021. Perioden mellom 2017 til 2021 hadde ho sete i Næringskomiteen.
Myrseth er frå 2019 medlem i Arbeidarpartiet sitt sentralstyre. Ho er utdanna psykolog ved Universitetet i Tromsø – Norges arktiske universitet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Endringar i regjeringa». Statsministerens kontor. Henta 19. april 2024.
- ↑ «Endringar i regjeringa». Regjeringen.no. Henta 16. oktober 2023.
- ↑ Hedda Kurseth & Vilde Helljesen. «Her er Støre sine nye statsrådar». NRK. Henta 16. oktober 2023.