Oluf Kolsrud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Oluf Kolsrud
NilsOlufKolsrud-OB.F06139a.jpg
Fødd7. juli 1885
Østre Toten
Død17. juni 1945
NasjonalitetNoreg
Yrkeprofessor, historikar
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
MedlemKungliga Vitterhets Historie och Antikvitets Akademien

Nils Oluf Kolsrud (7. juli 188517. juni 1945) var ein norsk professor i kyrkjehistorie med vekt på norsk kyrkjehistorie.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Kolsrud vart cand.theol. i 1908 og universitetsstipendiat i 1909. I 1916 vart han dosent og i 1921 professor i kyrkjehistorie. Dei filologiske kunnskapane hans var likevel usedvanleg sterke, han beherska fleire språk så godt at han underviste og fungerte som sensor i dei. Desse språka var italiensk, russisk, polsk, arabisk, gotisk, gammalnorsk, finsk og samisk, i tillegg til kyrkjeslavisk og skulespråka språk engelsk, tysk og fransk, attåt dei klassiske teologiske språka latin, gresk og hebraisk.

Språkkunnskapane var ein føresetnad for den omfattande jobben han gjorde som forskar innan kyrkjehistorie og allmennhistorie. Mykje av forskinga skjedde på bibliotek, arkiv og i manuskriptsamlingar i Oslo, Stockholm, Uppsala og i Vatikanet. Kolsrud skreiv opp igjennom åra mykje om kyrkjehistorie, og han gjorde eit omfangsrikt arbeid som kjeldeskriftutgjevar. Han oppretta Norsk historisk kjeldeskriftinstitutt i 1922, og dreiv det heilt til han døydde i 1945.

Oluf Kolsrud var historisk rådgjevar for regjeringa i handsaminga av Grønlandssaka i byrjinga av 1930-åra. Han spelte ei rolle som kyrkjehistorisk rådgjevar ved restaureringa av Nidarosdomen. Blant anna utarbeidde han det ikonografiske biletspråket på rosevindauget i vestfronten saman med arkitekten Gabriel Kielland (1871–1960) og utarbeidde ein ikonografisk plan for skulpturane på vestfronten i 1928.

Oluf Kolsruds heraldiske arbeid er spesielt monografien Bergen bys segl, vaaben, farver og flag frå 1921, og dessutan artiklar om handverkarsegl. Òg her utmerkte Kolsrud seg som ein grundig forskar med grundige kjeldetilvisingar og referansar til m.a utanlandsk faglitteratur. Boka om Bergens bysegl og våpen var den første vitskaplege avhandlinga om eit norsk kommunevåpen.

Kolsrud fekk statsstipend i 1919.

Han var bror av professor Sigurd Kolsrud.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Marcellus (1912)
  • Bibeloversætteren Chr. Thistedahl (1913)
  • Den norske kirkes biskoper og erkebiskoper indtil reformationen (1913)
  • Tvo norrøne latinske kvæde med melodiar (1913)
  • Olavskyrkja i Trondheim (1914)
  • Om udtrykket «Den helligeaand» (1915)
  • Handverkarlags-segl fraa Oslo og Christiania, tidsskriftet St. Halvard, Kristiania 1915
  • Det norske bibelselskab 1816–1916 (1916)
  • Reformationsjubilæet i Norge 1817 (1917)
  • Bergen bys segl, vaaben, farver og flag, Bergen 1921
  • Nordiske kalenderdagnavn i middelalderen (1926)
  • Messuskyringar. Liturgisk symbolikk frå den norsk-islandske kyrkja i millomalderen (1952)
  • Norges kyrkjesoge I. Millomalderen (1958)
  • Presteutdaningi i Noreg (1962)

Kjeldesamlingar[endre | endre wikiteksten]

Kolsrud var òg medutgjevar av kjeldesamlingar:

  • Norges gamle love
  • Diplomatarium Norvegicum
  • Oslo kapitels protokoller
  • Utkast til en norsk kirkeordinants
  • Dokumenter til Hans Nilsen Hauges historie

Tidsskrift og bokseriar[endre | endre wikiteksten]

  • Tidsskriftet Norvegia Sacra
  • Bokserien Bibliotheca Norvegia Sacra (den einaste norske kyrkjehistoriske monografiserien).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]