Per Tore Woie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Per Tore Woie
Fødd 26. april 1969
Parti Venstre

Per Tore Woie (fødd 26. april 1969) er ein norsk politikar (Venstre) frå Arendal. Han er utdanna cand. mag. frå Universitetet i Oslo med mastergrad frå London School of Economics. Frå 1992 til 1994 var han leiar for Unge Venstre etter å ha site i sentralstyret sidan 1990. Frå 1995 til 1997 arbeidde han som politisk rådgjevar for Venstre si stortingsgruppe. I sentrumsregjeringa frå 1997 til 2000 var han Venstre sin statssekretær ved statsministerens kontor. I førre stortingsperiode jobba han igjen som politisk rådgjevar for Venstre si stortingsgruppe.

I 2009 utnemnte Unge Venstre Woie til æresmedlem.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.