Anders Kirkhusmo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Anders Kirkhusmo
Fødd 17. desember 1865
Ålen
Død

12. desember 1949
Oslo

Yrke lærar, politikar

Anders L. Kirkhusmo (fødd 17. desember 1865 i Ålen, død 12. desember 1949 i Oslo) var ein norsk pedagog og fagleg tillitsvald, mellom anna som formann i Noregs Lærarlag i 16 år. Han var med på å grunnleggja Noregs Unge Venstre og var den første leiaren i organisasjonen.

Kirkhusmo hadde lærarutdanning frå Klæbu seminar 1885–87. Han arbeidde som kyrkjesongar i Røros frå 1889 til 1892, og underviste deretter i folkeskulen i Tolga, Brekken, Os og Nord-Odal. Han var lærar ved Elverum seminar 1896–1902. Etter dette arbeide han i skulane i hovudstaden. Han var overlærar ved Vaterland skole frå 1917 og ved Majorstua skole frå 1927 til 1935. Han var òg engasjert ved Norsk Korrespondanseskole.

Kirkhusmo hadde ei rekkje faglege tillitsverv. Han var formann for Oslo lærerforening, og seinare for Noregs Lærarlag (1917–33). Han bidrog sterkt til å modernisera organisasjonen, og under leiinga hans brukte lærarlaget middel som boikott og blokade i lønskampen. Då han gjekk av som formann, blei han utnemnt til æresmedlem av laget.

Han sat i fleire offentlege utval om skulespørsmål og medverka slik til at einskapsskulen blei lovfesta på 1930-talet. Han leia òg arbeidet med å utforma framhaldsskulelova. Han var òg ein forkjempar for å utvikla lærarutdanninga.

Kirkhusmo var med å stifta både Kristiania Unge Venstre og Noregs Unge Venstre, og han var formann for Noregs Unge Venstre frå 1909 til 1912. Han var engasjert i partiet sitt avisarbeid gjennom Dagbladet og Østlendingen.

Også i den frilynde ungdomsrørsla var han aktiv. I 1892 var han første formann i Breidablikk, som var ein samorganisasjon for ungdomslag i Nordøsterdalen og Sør-Trøndelag. Seinare var han i mange år nestformann i Bondeungdomslaget i Kristiania.

I 1945 gav han ut memoarane Minner fra et langt arbeidsliv.

Lærarlaget har reist ein minnestein over han i Ålen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Denne sida begynte med ei omsetjing frå bokmålswikipediaen 5. august 2010.