Torkell Løvland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Torkell Løvland
Fødd 28. september 1889
Død

9. november 1976

Yrke jurist, politikar

Torkell J. Løvland (28. september 18899. november 1976) var ein norsk jurist, konsul og politikar. Løvland var son til statsministeren Jørgen Løvland. Han tok artium i 1910 og studerte så jus ved Universitetet i Oslo. I haustesemesteret 1914 var han leiar av Studentvenstrelaget.[1] Frå 1916 til 1920 var han leiar av Noregs Unge Venstre.[2] På same tid var faren hans kyrkje- og undervisningsminister. Mot slutten av denne perioden hadde landsorganisasjonen til Unge Venstre i praksis gått i oppløysning. Organisasjonen vart oppattliva i 1920 og eit nytt landsstyre vart vald, der Løvland var styremedlem, men etter nokon få år hadde organisasjonen igjen gått i oppløysing.

Torkell Løvland gav i 1929 ut Menn og minner fra 1905, av J. Løvlands papirer frå faren sine etterlatne papir.[3]

Løvland gifta seg 15. august 1918 med Liv Hektoen. Dei fekk dotter Liv Ingeborg Mathilde i 1921 og Tuva (Tove) i 1923.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Studentvenstrelaget 1908-1958 - Festskrift til 50-års jubileet (Oslo, 1958), s. 77.
  2. Per Frydenberg & Arne Kielland (red.), Festskrift til Norges Unge Venstres 50 års jubileum 27. januar 1959 (Oslo, 1959), s. 119
  3. Nasjonalbiblioteket