Sveinung Rotevatn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sveinung Rotevatn
Sveinung Rotevatn 2015.jpg
Sveinung Rotevatn i 2015
Foto: Jo Straube / Venstre
Fødd15. mai 1987 (35 år)
Bergen
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, jurist
Utdanna vedUniversitetet i Bergen

Sveinung Rotevatn (fødd 15. mai 1987) er ein norsk politikar, stortingsrepresentant og statssekretær for Venstre. Han er frå Nordfjordeid i Sogn og Fjordane.

Han var frå januar 2018 statssekretær for justis-, beredskaps- og innvandringsminister Sylvi Listhaug og frå april 2018 for Tor Mikkel Wara. Frå 24. januar 2020 er han klima- og miljøminister for regjeringa Solberg.

Rotevatn starta si Unge Venstre-karriere som økonomiansvarleg i Bergen Unge Venstre i 2007. Han vart medlem av sentralstyret i 2008 og deretter 1. nestleiar i 2009. Rotevatn var også aktiv studentpolitikar for Liberal Liste ved Universitetet i Bergen 2007–2009. I 2009 var han valkampsekretær for Sogn og Fjordane Venstre, og han sat som styremedlem i fylkeslaget 2009–2011. Ved kommunestyre- og fylkestingsvalet 2011 vart Rotevatn vald inn i Eid kommunestyre. Frå 2012 til 2014 var han styremedlem i Noregs Mållag.

Han vart leiar i Unge Venstre i 2010. Under landsmøtet i september 2013 gjekk han av som leiar, og gav jobben vidare til Tord Hustveit. Rotevatn var innvald på Stortinget frå Sogn og Fjordane 2013-2017.

Han har tidlegare vore i teneste i musikktroppen til Hans Majestet Kongens Garde. Rotevatn har studert rettsvitskap ved Universitetet i Bergen.

Frå 2012 var han medlem av landsstyret i Noregs Mållag.

I 2012 vart Rotevatn kåra til årets europear av Europeisk Ungdom. I 2016 vart han i boka Makteliten[1] peikt på som ein av Norges 252 mektigaste personer. Rotevatn var yngstemann på lista, og den einaste frå Sogn og Fjordane.

I 2014 ga han ut boka Liberalisme på norsk[2] hos Civita, der han mellom anna skriv om frihandel, miljøpolitikk og velferdsstaten si bærekraft.

Etter at han ikkje fekk attval til Stortinget i 2017 begynte Rotevatn som advokatfullmektig i advokatfirmaet Steenstrup Stordrange (SANDS)[3]. Han fekk permisjon frå stillinga då han vart utnemnd som statssekretær i Erna Solbergs regjering.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

Referanser[endre | endre wikiteksten]

  1. Åmås, Knut Olav (2016). Makteliten. 252 kvinner og menn som styrer Norge. Oslo: Kagge. s. 204. ISBN 9788248918516. 
  2. Rotevatn, Sveinung (2014). Liberalisme på norsk. Oslo: Civita. ISBN 9788292581636. 
  3. Rett24. «Fra sosialkomiteen til M&A - Sveinung Rotevatn går til SANDS». rett24 (engelsk). Henta 21. januar 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]