Anton Laurin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Anton Laurin
Anton Laurin.jpg
Fødd12. august 1897
Fjell
Død20. mai 1976
NasjonalitetNoreg
PartiVenstre, Nasjonal Samling
Yrkejournalist, redaktør, politikar
InstitusjonarFædrelandsvennen

Anton Nielsson Laurin (fødd Anton Nielsson Langøen, fødd 12. august 1897 på Langøyna, død 20. mai 1976) var ein norsk journalist, redaktør og politikar og leiar i Noregs Unge Venstre frå 1926 til 1930.

Laurin voks opp på garden Langøyna i Fjell kommune, som den yngste av ni sysken. Faren var ordførar i Fjell frå 1887 til 1894.[1] Laurin drog til Volda der han gjekk latinlina på landsgymnaset. Frå 1918 til 1938 jobba han som journalist i ymse aviser.[2]

I 1926 jobba han i målavisa Den 17de Mai i Oslo. I 1926 og vårsemesteret 1927 var han leiar av Studentvenstrelaget. Landsorganisasjonen til Noregs Unge Venstre låg på denne tida nede. Våren 1926 var Laurin hovudmannen bak eit initiativ om å starta opp att organisasjonen og organisera såkalla «liberale sommarkursus» annankvar sommar. På det første sommarkurset, i Oslo, vart Laurin den 18. juni 1926 valt til formann i den attreiste organisasjonen Noregs Unge Venstre, som har vore aktiv sidan, med unntak av krigsåra. Laurin vart attvald som leiar på landsmøtet under det liberale sommarkurset i Bergen i 1928. Han gjekk av som Unge Venstre-leiar på landsmøtet i Nidaros i 1930.[3]

Frå 1930 til 1934 jobba Laurin i Gula Tidend. I 1934 drog han til Kristiansand og vart redaktør i Fædrelandsvennen frå 1934 til 1938. Han hadde òg ymse verv i Venstre, mellom anna var han pressesekretær for Venstre si stortingsgruppe i 1939.

Etter den tyske invasjonen av Noreg i 1940, melde Laurin seg inn i Nasjonal samling 18. oktober 1940.[3][4] Han fekk etter kvart tittelen «pressesjef i Stor-Oslo». I 1943 verva han seg som krigskorrespondent med tittelen «Kriegsberichter SS» og vart send til Austfronten, men vart sjuk og vende snart heim att. 16. desember 1946 vart han dømd til seks års fengsel for landssvik i Oslo byrett. Han vart lauslaten 4. juni 1949.[3][4] Den tidlegare kollegaen og partifellen i Venstre Anton Beinset vitna under rettssaka at Laurin i 1940 fortalde han at han trudde Tyskland kom til å vinna krigen, og at det beste var å gå inn i Nasjonal samling for å gjera mest mogleg godt der.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nils Kolle & Atle Justad, Fjell bygdebok bd. II (Straume, 1996), s. 511-512
  2. Studentene fra 1919: biografiske opplysninger m.v. samlet til 30-års jubileet 1949 (Oslo, 1950)
  3. 3,0 3,1 3,2 Øystein Brekke, «Mellomkrigstida» i Lars-Henrik Paarup Michelsen og Guri Melby (red.), Demokratiets avantgarde - Norges Unge Venstre 1909-2009 (Tromsø, 2008), s. 30-34, 53-54
  4. 4,0 4,1 4,2 Dagbladet 13.-18.12.1946