Guro Fjellanger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Guro Fjellanger
Fødd 26. januar 1964

Bergen

Død 15. april 2019
Parti Venstre

Guro Fjellanger (fødd 26. januar 1964 i Bergen, død 15. april 2019) er ein norsk politikar frå Venstre. Frå 1986 til 1988 var ho leiar av Unge Venstre.

Ho var statsråd og sjef for Miljøverndepartementet (miljøvernminister) i regjeringa Bondevik I frå 1997 til 2000.

Guro Fjellanger vart fødd i Bergen, men voks opp på Stokmarknes. Ho vart fødd med sjukdommen spina bifida, som gjer at ho måtte gå med krykkjer heile livet. Ho var utdanna gullsmed, og hadde grunnfag i idéhistorie.

Då ho flytta til Oslo som 19-åring vart ho aktiv i Unge Venstre. Ho var organisasjonssekretær 1985-1986, og leiar 1986-1988. I åra 1991-1995 var ho generalsekretær i Nei til EU. Perioden 1996-2000 var ho nestleiar i Venstre.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.