Musikkgruppa Journey

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Journey
Journey publicity photo 2013.jpg
Journey i 2013
OpphavSan Francisco i California i USA
Aktiv
  • 1973–1987
  • 1991
  • Sidan 1995
Sjanger
Tilknytte artistar
Plateselskap
Medlemmer
Tidlegare medlemmer
PrisarRock and Roll Hall of Fame

Journey er eit rockeband frå USA, skipa i San Francisco i 1973 av tidlegare medlemmar av Santana og Frumious Bandersnatch. Bandet har gått gjennom fleire fasar, og den sterkaste kommersielle perioden deira var mellom 1978 og 1987 då Steve Perry var solovokalist. I denne tida hadde bandet ei rekkje hittar, inkludert «Don't Stop Believin'» (1981), som i 2009 vart den bestseljande songen på iTunes av songar gjevne ut før 2000.[7][8] Albumet songen kom frå, Escape, var det sjuande og mest suksessrike albumet deira, og gjekk til topps på Billboard 200. Det inneheldt òg ein annan av dei mest populære songane deira, «Open Arms». Oppfølgjaren, Frontiers frå 1983, var nesten like populært i USA, der det nådde andreplassen med fleire hitsinglar. Albumet vart òg populært i Storbritannia, der det nådde sjetteplassen på UK Albums Chart. Journey hadde ein suksessrik sameining i midten av 1990-åra. I seinare år har Arnel Pineda vore songar i bandet.[9]

Journey har oppnådd 25 gull- og platinaplater, i tillegg til 15x platinaplater for Greatest Hits frå 1988.[10] Dei har hatt nitten songar inne på topp 40 på singellista i USA (nest mest utan ein førsteplass på Billboard Hot 100 etter Electric Light Orchestra med 20). Seks av dei nådde topp 10. «Don't Stop Believin'» nådde òg sjetteplassen på den britiske singellista. I 2005 låg «Don't Stop Believin'» på tredjeplassen over dei mest nedlasta songane på iTunes. Journey var opphavleg eit progressivt rockeband og er av AllMusic skildra for å vere «eit av dei mest elska (og stundom mest forhatte) banda i USA» sidan 1978, då dei omdefinerte stilen sin med pop- og rockemusikk på det fjerde albumet sitt, Infinity.[11]

I følgje Recording Industry Association of America har Journey selt 48 millionar album i USA, som gjer dei til det 25. bestseljande bandet der. På verdsbasis har bandet selt nesten 100 millionar plater, og er eit av dei bestseljande banda i verda.[12] I ei undersøking av USA Today vart Journey kåra til det femte beste amerikanske rockebandet gjennom historia.[13][14] VH1 rangerte Journey på 96. plassen på lista si over dei beste artistane gjennom tidene.

Journey er blitt innlemma i Rock and Roll Hall of Fame.[15]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det originale bandet fekk namnet sitt etter ein konkurranse på radiokanalen KSAN-FM i San Francisco og bestod av gitaristen Neal Schon, bassisten Ross Valory, trommeslagaren Prairie Prince (erstatta av Aynsley Dunbar) og gitaristen George Tickner (som slutta etter det første albumet). Schon hadde vore medlem av i Santana. Eit anna tidlegare Santana-medlem, klaverspelaren og songaren Gregg Rolie, kom inn i bandet etter kort tid. Denne besetninga spelte inn albumet Journey i 1975, det første av tre moderat populære jazzrockalbum som ofte bestod av lange instrumentalar.

Innan 1977 kom grupa fram til at dei trengde ein sterkare vokalist og frontmann og henta inn Steve Perry. Resultatet kom raskt på det fjerde albumet, Infinity (1978), som selde ein million eksemplar i løpet av eitt år. På denne tida var Dunbar blitt erstatta av Steve Smith. Evolution (1979) var like populært, og det same vart Departure. Etter dette albumet vart Rolie erstatta av Jonathan Cain. I 1981 kom konsertalbumet Captured (1981), gav Journey ut Escape, som vart det store gjennombrotet deira med tre topp ti-singlar, alle balladar: «Who's Crying Now», «Don't Stop Believin'» og «Open Arms». Albumet toppa listene og selte fleire millionar eksemplar. Frontiers inneheldt hitten «Separate Ways», og vart nok ein stor suksess. Steve Perry gav etter dette ut soloalbumet Street Talk (1984) som selte to millionar eksemplar i USA. Då gruppa kom attende for å spele inn eit nytt album, var ikkje Valory og Smith lenger i besetninga, og Raised on Radio (1986) vart laga av Schon, Perry og Cain, som fekk med seg andre musikarar på den påfølgjande turneen.

Etter turneen vart Journey oppløyst. Perry trekte seg attende ei tid, og Schon og Cain skipa Bad English med vokalisten John Waite. Bad English fekk fleire hitsinglar, som «When I See You Smile», før dei gav seg. Perry kom attende i 1994 og gav ut soloalbumet For the Love of Strange Medicine. Sjølv om albumet selte til gullplate, var salstala likevel skuffande samanlikna med tidlegare plater. I 1996 kom Perry, Schon, Cain, Valory og Smith saman att som Journey og gav ut Trial by Fire, som selte godt og inneheld topp 20-singelen «When You Love a Woman». Perry og Smith gav seg i bandet etter den påfølgjande turneen, men Journey heldt fram, og fekk inn ein ny songar, Steve Augeri (tidlegare i Tall Stories), og ein ny trommeslagar, Deen Castronovo frå Deen Castronovo. Dei gjorde debuten sin på «Remember Me», eit spor frå filmmusikken til Armageddon, i 1998. Bandet kom saman att i 2001. Arrival, det 11. studioalbumet deira, kom ut i april, etterfølgd av ein turné i USA.

Bandet fekk ei stjerne på Hollywood Walk of Fame den 21. januar 2005. Same året gav dei ut eit nytt album, Generations, og la ut på 30-årsjubileumsturneen sin. Konsertane på denne turneen vart gjerne tre timar. I 2006 henta gruppa inn Jeff Scott Soto som erstatta for Augeri, som hadde utvikla ein halsinfeksjon som hindra han frå å syngje.

Soto var berre i bandet ei kort stund og i 2007 leita dei igjen etter ein ny songar. Dei fann Arnel Pineda, ein filippinsk songar dei oppdaga etter å ha sett han på YouTube. Pineda debuterte med bandet i 2008, og same året gav Journey ut Revelation. Dei fekk ein liten hit med «After All These Years», og Revelation selte nok til å oppnå platinaplate for ein million selte eksemplar. Journey kom attende i 2011 med albumet Eclipse, eit konseptalbum der bandet kombinerte den progressive rocken frå tidleg i karrieren med arenarocken frå gullalderen deira i 1980-åra.

Medlemmar[endre | endre wikiteksten]

Noverande

  • Neal Schon – sologitar, korvokal (1973–1987, 1991, sidan 1995)
  • Jonathan Cain – klaverinstrument, korvokal, rytmegitar, munnspel (1980–1987, 1991, sidan 1995)
  • Randy Jackson – bassgitar, korvokal (1985–1987, sidan 2020)
  • Arnel Pineda – solovokal (sidan 2007)
  • Jason Derlatka – klaverinstrument, korvokal (sidan 2020)
  • Narada Michael Walden – trommer (sidan 2020)

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ruhlmann, William. «Journey - Music biography». AllMusic. Henta 3. oktober 2012. 
  2. Bashe, Philip (1985). Heavy Metal Thunder: The Music, Its History, Its Heroes. Doubleday. s. 33. ISBN 978-0-3851-9797-7. 
  3. Buckley, Peter (2003). The Rough Guide to Rock (3rd utg.). Rough Guides. s. 550. ISBN 1-84353-105-4. 
  4. McCormick, Neil (9. januar 2014). «The greatest American rock band of all time? Surely not Guns N' Roses». The Daily Telegraph. Henta 16. september 2017. 
  5. George-Warren, Holly; Romanowski, Patricia, red. (2001). The Rolling Stone Encyclopedia of Rock & Roll (3rd utg.). Fireside. s. 511. ISBN 0-7432-9201-4. 
  6. Lynskey, Dorian (16. desember 2010). «Don't Stop Believin': the power ballad that refused to die». The Guardian. Henta 17. september 2017. 
  7. «Gold & Platinum Searchable Database». Recording Industry Association of America. Arkivert frå originalen 24. september 2015. Henta 18. april 2014. 
  8. «The Sony Music Journey Home | The Sony Music Journey Site». Journeyband.com. Arkivert frå originalen 25. juli 2009. Henta 3. august 2009. 
  9. «Believe it: Journey brings it in new Las Vegas residency | The Spokesman-Review». www.spokesman.com. Henta 25. mai 2020. 
  10. «Gold & Platinum». RIAA (på engelsk). Henta 18. mai 2020. 
  11. Journey: Infinity. AllMusic. Henta 2. september 2010.
  12. «Watch again- Friday's programme». BBC News. 3. juni 2011. Henta 26. mai 2020. 
  13. «RIAA Gold and Platinum Data». Recording Industry Association of America. Arkivert frå originalen 1. juli 2007. Henta 26. mai 2020. 
  14. «And the greatest American rock band ever is». USA Today. 5. juli 2005. Henta 3. august 2009. 
  15. «Journey». Rock and Roll Hall of Fame. Henta 17. april 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Musikkgruppa Journey