Peter Deinboll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Peter Deinboll
PeterVogeliusDeinboll1783-1874.jpg
Fødd8. januar 1783
København
Død13. mai 1874
Vestre Aker
NasjonalitetNoreg
Yrkeentomolog, prest, politikar
MedlemDet Kongelige Norske Videnskabers Selskab

Peter Vogelius Deinboll (8. januar 178313. mai 1874) var ein dansk-norsk prest, stortingsrepresentant og entomolog. Han var fødd i København, men budde størstedelen av livet i Noreg. Prest var han i Finnmark og seinare i Hedmark. Han var kjend både som politikar og naturforskar.

Prest[endre | endre wikiteksten]

Deinboll voks opp i fødebyen København, der han gjekk på Metrpolitanskolen og vart student i 1800. Åra 1802-04 var han huslærar hos ein proprietær i Eiker. Flytta så tilbake til København, der han hadde ulike undervisningsjobbar. Han deltok i januar 1807 i forsvaret av København som livjeger i 7. kompani. Året etter flytta han atter til Noreg, var fyrst huslærar og dreiv så 1809-11 ein privat skule i Holmestrand.

År 1811 vart Deinboll kyrkjesongar i Bragernes og lærar ved borgarskulen i Drammen. I 1814 og -15 oppheldt han seg ved Universitetet i Oslo, der han i 1815 tok teologisk eksamen.

Deinboll vart send til Vadsø for å verte sokneprest. Då han kom til Vadsø 29. juni 1816 hadde han vore på reise i ti månader. I 1819 vart han av biskopen pålagd å tene samtlege soknekall i Austfinnmark prosti. Perioden 1824-32 var Deinboll sokneprest i Løten. Frå 1830 til 1832 hadde han den unge Andreas Nordvi, seinare handelsmann og arkeolog, buande hos seg i Løten.[1] I 1832 overtok Deinboll som sokneprest i Bolsøy og Molde, eit embete han hadde til han tok avskjed etter 25 år. 1844-50 var han i tillegg prost i Romsdal.

Samfunnsbyggjar[endre | endre wikiteksten]

Deinboll var mykje interessert i skulestellet. Mellom anna var han pådrivar for å få oppretta Trondenes lærarseminar.

Han var 1. representant frå Finnmark på Stortinget både i 1821 og i 1824. I 1821 var han medlem av 15 komitear. Reisa til Stortinget gjekk over Karasjok, Torneå, Uppsala, Stockholm og så til Kristiania. Til det overordentlege storting 1822 nådde han ikkje fram, han fekk i desember 1822 i Torneå vite at tinget var oppløyst.

Turen til Stortinget av 1824 gjekk på eit dansk fartøy. Grunna stormver og motvind våga ikkje skipperen å landsetje Deinboll i Kristiansand, så han kom fyrst i land i København. På 1824-tinget var han medlem av protokollkomiteen, kyrkjekomiteen og komiteen som forhandla om å få utvikla Finnmark. På grunnlag av arbeidet i kyrkjekomiteen la han fram forslag om ny skulelov. Skulelova av 1827 bygde på hovudlinjene i Deinboll sitt forslag.

Entomolog[endre | endre wikiteksten]

Deinboll vart tidleg interessert i botanikk og særleg insekt. I ungdomen møtte han den danske entomologen Niels Tønder Lund, og fekk sjå insektsamlinga hans. Truleg var dette ein stor inspirasjon [2]. På reisene sine samla han alltid insekt. Insektsamlinga hans er i dag på Naturhistorisk museum i Oslo. Ho er ei av dei eldste samlingane ved museet.

Då Deinboll i 1816 reiste til Vadsø, vart samlinga overlaten til Jens Rathke. Meininga var at ho skulle inngå i universitetssamlinga i Christiania. Dette skjedde fyrst i 1833, då hadde samlinga vakse ein god del frå dei opphavlege 3 600 artane ho bestod av. Det er usikkert om ho då inkluderte dei arktiske artane frå Finnmark. Med stipend frå vitskapsselskapet i Trondheim føretok Deinboll i 1820 ei undersøkingsreise i Aust-Finnmark og i russisk sameland.

Lenge trudde ein Deinboll-samlinga var tapt, då ho var sporlaust forsvunnen i over 100 år. Deinboll sjølv skreiv ikkje noko om samlinga si, men ho vart omtala av andre, mellom andre av Johan Wilhelm Zetterstedt som omtala henne som …en skön och wäll ordnad Insekt-Samling … [3].

For sin samfunnsnyttige innsats vart Deinboll utnemnnd til Riddar av St. Olavs Orden. Etter han gjekk av som prest budde han både i Romsdal, Drammen, Holmestrand og ved Kristiania. Han døydde i Vestre Aker.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Halvorsen, Jens B.: "Nordvi, Andreas Georg", i Norsk Forfatter-Lexikon 1814-1884, 4. bind. Kristiania: Den norske forlagsforening, 1896, s. 302.
  2. Sømme, L. 2004. Side 33
  3. Zetterstedt J.W. 1840.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
  • Sømme,Lauritz & Lars Ove Hansen (biletredaktør):Entomologiens historie i Norge. Norsk entomologisk forening * 1904-2004 - Norsk entomologisk forening, Zoologisk museum, Universitetet i Oslo. 2004
  • Zetterstedt, Johan Wilhelm:Resa gjenom Sweriges og NorrigesLappmarker, Förrättad År 1821. Andra delen. Berlingska Boktrykkeriet, Lund. 1840

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]