Oh! You Pretty Things

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Oh! You Pretty Things
Song av
frå albumet Hunky Dory
Utgjeve 17. desember 1971
Innspelt Trident Studios i London, tidleg på sommaren 1971
Sjanger Glamrock
Lengd 3:12
Selskap RCA
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent Ken Scott, David Bowie
Oh You Pretty Thing
Singel av Peter Noone
B-side «Together Forever»
Utgjeve 1971
Lengd 3:04
Selskap RAK Records
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent Mickie Most

«Oh! You Pretty Things» er ein song skriven av David Bowie i 1971 for albumet Hunky Dory. Han opnar med berre Bowie på piano og vokal, før det fengande refrenget kjem inn. Den enkle pianostilen vert ofte samanlikna med The Beatles sin «Martha My Dear».[1][2] Tematisk sett er songen inspirert av okkultisten Aleister Crowley og filosofen Friedrich Nietzsche,[1][3] og kunngjer at «menneskerasen er på veg ut til fordel for ein allianse mellom komande romvesen og ungdomen i dagens samfunn».[2]

Songen vart først gjeven ut av Peter Noone frå Herman's Hermits på ein singel der der Bowie sjølv spelte piano. Han nådde 12. plass på singellista i 1971. None erstatta Bowie-linja «The Earth is a bitch» med «The Earth is a beast» i ei framføring som NME-redaktørane Roy Carr og Charles Shaar Murray kalla «eit av dei beste døma i rock and roll på songar som mislukkast fullstendig i å oppnå noko kjensle som helst med stemninga eller innhaldet i teksten.»[4]

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

«Oh! You Pretty Things» var den første songen Bowie skreiv under ein særleg produktiv periode seint i 1970. Den nye forleggaren til Bowie tok songen ogg gav han til Peter Noone, som spelte han inn som sin debutsingel. Songen signaliserte ei endring i låtskrivinga til Bowie. Det er truleg den første songen Bowie skreiv på piano og ikkje på gitar.[5] Songen har kring 15 forskjellige akkordar i løpet av berre tre minuttar. John Lennon byrja seint i 1960-åra å skrive på piano fordi det førte han til uventa akkordprogresjonar, og somme av Bowie sine songar frå denne tida, indikerer at han tenkte på liknande måte.[5]

Teksten handlar om at homo sapiens vert erstatta av ein meir utvikla rase, som blir sett på som ein metafor for korleis ein generasjon ser på etterkomarane sine med lengsel, frykt og forakt, eller korleis ein forelder ser på barnet sitt.[5] Kona til Bowie var gravid med det første barnet til Bowie på denne tida.

Hunky Dory er Bowie sin tidlege sjølvsamling med visemeditasjonar («Quicksand»), pantomineframføringar («Eight Line Poem»), Velvet Underground-aktig rock («Queen Bitch»), hyllestar («Andy Warhol», «Song for Bob Dylan»), varieté («Fill Your Heart»), pop («Changes», «Life on Mars?») og ein rar epilog «The Bewlay Brothers». «Oh! You Pretty Things» verkar å falle inn i varieté-kategori. På dei tre versa er det berre Bowie og piano, medan, medan Mick Ronson, Woody Woodmansey og Trevor Bolder berre spelar på refrenga. Songen opnar med ein ni taktar i Fiss som flyttar seg frå 2/4-takt til ein enkel takt på 3/4 og endar med to 4/4-taktar med hamrande akkordar. Akkordane endrar seg heile tida («a crack in the sky and a hand reaching down to me», som berre er omtrent ein takt, går frå B7/D til Ebm til Gb/Fb til Cb/Eb), medan bassen ofte byter mellom engle notar og repeterte oktavsprang, og stundom fell heilt bort i den nest siste takten av verset. Ein 2 1/2 takt pause, skil første og andre vers.[5]

Refrenget er fengande og med langt færre takt- og akkordendringar. Songen vert avslutta med ein ritardando-takt som endar på C, den dominante til F, og sluttar songen med ei kjensle av uro, men Bowie lar songen gli rett over i den neste, «Eight Line Poem», som star i F, og slik løyser opp den tidlegare songen.

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Det vart laga ein demoverjson av «Oh! You Pretty Things» kring desember 1970, og studioopptaket vart spelt inn kring juli-august 1971. Bowie spelte songen tre gonger for BBC. Det første opptaket er gått tapt. Det andre opptaket frå 3. juni 1971 finst på den japanske utgåva av Bowie at the Beeb, medan det tredje opptaket frå 22. mai 1972, finst på standardutgåva av Bowie at the Beeb. Bowie framførte òg songen på The Old Grey Whistle Test den 8. februar 1972, og under Ziggy Stardust-turneen i 1972-1973, ofte i ein medley med «Wild Eyed Boy From Freecloud» og «All the Young Dudes», slike in kan høyre på Hammersmith Odeon-konserten den 3. juli 1973.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]

Andre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 David Buckley (1999). Strange Fascination - David Bowie: The Definitive Story: s.115
  2. 2,0 2,1 Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.40-41
  3. David Sheppard (2007). "Wishful Beginnings", MOJO 60 Years of Bowie: s.24
  4. Carr & Murray (1981): p.117
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 Chris O’Leary. Oh! You Pretty Things. Pushing Ahead of the Dame. Vitja 20. januar 2016.
  6. Harvey, Michael (2007-01-19). «The Old Gray Whistle Test - 8 februar 1972». The Ziggy Stardust Companion. http://www.5years.com/ogwt.htm. Henta 1. mai 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]