Raud skogfrue

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Raud skogfrue

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: EN Sterkt truga

Cephalanthera rubra catena-rangeval 55 170602 2.JPG

Systematikk
Rike: Planteriket
Klasse: Einfrøblada
Orden: Aspargesordenen
Familie: Orkidéfamilien
Slekt: Cephalanthera
Art: C. rubra
Vitskapleg namn
Cephalanthera rubra
(Linné) Rich.
Økologi
Habitat: kalkrik skog
Utbreiing: Europa, vestlege Asia og nordvestlege Afrika

Raud skogfrue (Cephalanthera rubra) er ei planteskogfrueslekta Cephalantheraorkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1][2]

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Raud skogfrue er, som den nære slektningen kvit skogfrue, ei av dei mest elegante blomsterplantene i Noreg. Planta blir opp mot 50 centimeter høg og har eit glisent aks av raude blomar med raudt midtparti.[3]

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Arten finst frå det sørvestlege Europa og Skandinavia austover til Sentral-Asia.

Førekomst i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Arten lever i glisen, kalkrik skog, og har nokre få kjende veksestader frå Ringerike til Kragerø, med ein førekomst i Østfold.[4]

Arten er særs sjeldsynt i Noreg, og derfor totalfreda.[5] Han er òg på Norsk raudliste for artar (2021) som sterkt truga (EN),[6] har ein egen handlingsplan,[7] og som ein av svært få artar er han òg verna som prioritert art gjennom eiga forskrift.[8]

Arten finst òg i Sverige (NT) (svensk namn: «röd skogslilja»),[9] i Danmark (CR) (dansk namn: «rød skovlilje»)[10] og i Finland (CR) (finsk namn: «punavalkku»).[11]

Raud skogfrue (engelsk namn: «red helleborine») finst på nokre få veksestader i England og er verna gjennom den britiske Handlingsplan for biodiversitet.[12] I den britiske raudlista har arten status som kritisk truga (CR),[13] likeeins lokalt for England.[14]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Artsdatabanken: Artsopplysningar raud skogfrue». Artsdatabanken. Henta 3. mars 2022. 
  2. «Artsdatabanken: Namnetre raud skogfrue». Artsdatabanken. Henta 3. mars 2022. 
  3. «Artsdatabanken: Faktaark: Rød skogfrue» (PDF). Artsdatabanken. Henta 3. mars 2022. 
  4. «Artskart: Raud skogfrue, registrerte funn etter 2010». Artsdatabanken. Henta 3. mars 2022. 
  5. «Forskrift om fredning av truede arter». Lovdata. 21. desember 2001. Henta 3. mars 2022. 
  6. «Raudlista: Raud skogfrue». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 3. mars 2022. 
  7. «Handlingsplan for rød skogfrue Cephalanthera rubra» (PDF). Direktoratet for naturforvalting. August 2006. Henta 3. mars 2022. 
  8. «Forskrift om rød skogfrue (Cephalanthera rubra) som prioritert art». Lovdata. 20. mai 2011. Henta 3. mars 2022. 
  9. «Artfakta: Cephalanthera rubra röd skogslilja». Artdatabanken. Henta 7. mars 2022. 
  10. «Naturbasen: Rød Skovlilje Cephalanthera rubra». Naturbasen. Henta 7. mars 2022. 
  11. «LAJI: Cephalanthera rubra». LAJI.FI. Henta 7. mars 2022. 
  12. «UK Biodiversity Action Plan» (PDF). Joint Nature Conservation Committee. 2007. Henta 9. mars 2022. 
  13. «GB Red List for vascular plants (revised Feb 2021)». Botanical Society of Britain & Ireland. Henta 9. mars 2022. 
  14. «A Vascular Plant Red List for England» (PDF). Botanical Society of Britain & Ireland. 2014. Henta 9. mars 2022. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]