Release Me (1949)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Release Me
av Little Esther Phillips
Utgjeve 1962
Låtskrivar(ar) Eddie Miller

James Pebworth Robert Yount

«Release Me» (stundom kalla «Release Me (and Let Me Love Again)») er ein populær song skriven av Eddie Miller og Robert Yount i 1949. Kort tid etter vart han spelt inn av Jimmy Heap, og med enno større suksess av Ray Price og Kitty Wells. Kort tid etter vart han ein stor hit for Little Esther Phillips, som nådde toppen av R&B-lista og åttandeplassen på poplista i USA med songen.[1] Ein versjon av Engelbert Humperdinck gjekk til topps på den britiske singellista.[2]

Engelbert Humperdinck-versjonen låg seks veker på toppen av den britiske lista i mars og april 1967, og hindra The Beatles-singelen «Penny Lane» / «Strawberry Fields Forever» frå å nå toppen av lista. «Release Me» var òg den mestseljande singelen i Storbritannia i 1967, med over ein million selde eksemplar, og vart med tida ein av dei mestseljande singlane gjennom tidene med over 1,38 millionar selde eksemplar.[3]

Låtskriving[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om Miller hevda å ha skrive songen i 1946 og først kunne spele han inn i 1949, skreiv han songen i lag med Robert Yount i 1949.[4] Då dei på den tida arbeidde med Dub Williams (eit pseudonym for James Pebworth),[5] gav dei han ein tredjedel av låten. Songen vart tilskriven Miller-Williams-Gene, der Yount brukte scenenamnet Bobby Gene.[4]

Sjølv om han var eigar av Four Star Records, brukte William McCall, vanlegvis å leggje til pseudonymet «W.S. Stevenson» som låtskrivar for songar han publiserte, men dette gjorde han ikkje i 1949. I 1957 kom derimot Miller og Yount til ei ny semje med Four Star Records, der «W.S. Stevenson» erstatta Williams som medlåtskrivar.[6]

Yount gav bort honorarrettane sine til William McCall i 1958, og frå den tid vart songen offisielt tilskriven «Miller-Stevenson», men det har vore fleire variantar opp gjennom åra.[6] Engelbert Humperdinck-versjonen er til dømes tilskriven Eddie Miller, Robert Yount, Dub Williams og Robert Harris. Sistnemnde viste seg og òg å vere eit pseudonym for James Pebworth.[7]

Då Four Star gjekk konkurs, vart opphavsretten til songen kjøpt av Acuff-Rose Music. Då den første avtaleperioden var over i 1983, vart han fornya. Mellom 1983 og 1985 betalte Acuff-Rose honorar til Yount, før dei vart gjort merksame på avtalen frå 1958 av familien til den avdøde William McCall. Acuff-Rose slutta så å betale ut honorara fram til striden mellom fordringshavarane vart løyst. Den 24. desember 1996 opprettheldt ankedomstolen kravet til McCall.[6]

I countrymusikken[endre | endre wikiteksten]

Release Me
Singel av Ray Price
A-side I'll Be There (If You Ever Want Me)
Utgjeve Januar 1954
Innspelt 28. desember 1953

Castle Studio at The Tulane Hotel Nashville

Sjanger Country
Selskap Columbia 4-21214
Låtskrivar(ar) Eddie Miller

James Pebworth Robert Yount

Produsent Don Law
Ray Price-kronologi
«Leave Her Alone»
(1953)
Release Me «I'm Much too Young to Die»
(1954)


I countrymusikken vart «Release Me» ein hit for Jimmy Heap, Kitty Wells og Ray Price, alle i 1954. Sjølv om Price hadde hatt fleire hittar før, vert «Release Me» stundom rekna som gjennombrotet hans. Songen hadde element av 4/4-shuffle, signaturstilen til Price som vart meir tydeleg på seinare hittar som «Crazy Arms».

Versjonen til Price kom ut på ei dobbel A-side i lag med ein annan song som introduserte fansen for 4/4 shuffle: «I'll Be There (If You Ever Want Me)». Begge sidene vart store hittar for Price, der «Release Me» nådde sjetteplassen på singellista og «I'll Be There» nådde andreplassen.

Engelbert Humperdinck-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Release Me
Singel av Engelbert Humperdinck
B-side «Ten Guitars»
Utgjeve 1967
Sjanger Pop
Lengd 3:18
Selskap Decca Records F12541[2]
Produsent Charles Blackwell[2]
Engelbert Humperdinck-kronologi
«Dommage Dommage» (1966) Release Me «There Goes My Everything»

(1967)


Soga om korleis songen gjekk til topps på UK Singles Chart[8] handlar om flaks. I 1965 spelte Humperdinck under namnet Gerry Dorsey, og møtte ein gamal ven, Gordon Mills. På den tida var Mills manager for Tom Jones. Han byrja å arbeide som manager for Dorsey òg. Humperdinck hadde gjeve ut eit par singlar i Storbritannia utan hell, sjølv om «Dommage, Dommage» hadde vore ein suksess i Europa.[2]

Tidleg i 1967 vart Humperdinck beden om å erstatte Dickie Valentine, som var sjuk, på TV-showet Sunday Night at the London Palladium.[2]Showet var eit av dei mest sette i Storbritannia på den tida. Han song den siste songen sin, «Release Me», og ha gjekk til topps på UK Singles Chart den 2. mars og låg der i seks veker, og heldt samstundes «Penny Lane»/«Strawberry Fields Forever» av The Beatles unna toppen av lista.[2] The record stayed in the charts for a record fifty-six consecutive weeks.[9]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Instrumentale versjonar[endre | endre wikiteksten]

Andre språk[endre | endre wikiteksten]

  • Ein dansk versjon kalla «Lad mig gå» vart skriven av Thøger Olesen og framført av Hugo Hein i 1967.
  • Ein svensk versjon kalla «Låt mej gå» vart skriven av Bengt Haslum og framført av Anna-Lena Löfgren i 1967
  • Ein portugisisk versjon kalla «Se você disser que sim» skriven av Rossini Pinto vart framført av Jerry Adriani i 1967.
  • Ein finsk versjon kalla «Saanhan mennä luotas pois» vart skriven av Juha Vainio og framført av Pasi Kaunisto i 1969.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Lister (1967) Plassering
Irish Singles Chart 1
UK Singles Chart[10] 1
Den nederlandske singellista 2
New Zealand Singles Chart 2
Australian Kent Music Report 3
U.S. Billboard Hot 100 4
U.S. Billboard Easy Listening 28

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 460. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 Rice, Jo (1982). The Guinness Book of 500 Number One Hits (1st utg.). Enfield, Middlesex: Guinness Superlatives Ltd. s. 108. ISBN 0-85112-250-7. 
  3. Ami Sedghi (4 November 2012). «UK's million-selling singles: the full list». Guardian. Henta 10. januar 2017. 
  4. 4,0 4,1 «Wired For Sound: Eddie Miller on 4-Star 1407». wired-for-sound.blogspot.nl. Henta 10. januar 2017. 
  5. «Dub Williams». Discogs. Henta 10. januar 2017. 
  6. 6,0 6,1 6,2 «FindLaw's United States Ninth Circuit case and opinions.». Findlaw. Henta 10. januar 2017. 
  7. Kutner, Jon (26. mai 2010). 1000 UK Number One Hits (på engelsk). Omnibus Press. ISBN 9780857123602. 
  8. «Official Singles Chart UK Top 100». Theofficialcharts.com. Henta 10. januar 2017. 
  9. «Desert Island Discs - Castaway : Engelbert Humperdinck». BBC. 19. desember 2004. Henta 10. januar 2017. 
  10. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 201–4. ISBN 1-904994-10-5. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]