Hopp til innhald

Rhodium

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ruthenium Rhodium Palladium

Basisdata
Namnrhodium
SymbolRh
Atomnummer45
UtsjånadSølvkvit
Plass i periodesystemet
Gruppe9
Periode5
Blokkd
Kjemisk serieTransisjonsmetall
Atomeigenskapar
Atomvekt102,90 u
Elektronkonfigurasjon[ Kr]
Fysiske eigenskapar
StofftilstandFast stoff
Smeltepunkt1964 °C, 2237 K
Kokepunkt3695 °C, 3968 K
Tettleik12,41 kg/m³
Elektronegativitet
etter Pauling-skalaen
2,28

Rhodium er eit grunnstoff med kjemisk symbol Rh og atomnummer 45. Det er eit transisjonsmetall.

Særskilde eigenskapar

[endre | endre wikiteksten]

Rhodium er motstandsdyktig mot korrosjon og ekstremt reflekterande.

Rhodium vert rekna som eit edelmetall og vert omsett på verdas råvaremarknadar saman med gull, sølv, platina og palladium til prisar litt over fem gonger prisen på gull (feb. 2006). Sør-Afrika produserer om lag 60 % av verdas forsyningar med Russland på andreplass.

Rhodium kan brukast i legeringar, og vert nytta i elektriske kontaktar og turbinmotorar på fly.

Metallet vert brukt i smykker og dekorasjonar. Det blir nytta på kvitt gull og platina for å gi ei skinande kvit overflate.

Rhodium er ein nyttig katalysator i ein del industrielle prosessar.

Stoffet vert brukt ved framstilling av salpetersyre og ved hydrogenering av organiske sambindingar. Saman med platina og palladium vert det nytta i bilkatalysatorar.

Rhodium vart oppdaga av William Hyde Wollaston i 1803.

Rhodium reagerer ikkje med oksygenet i lufta, sjølv ikkje når det vert varma opp.

Metallet toler syrer godt, men fint oppdelt metall kan løysast i svovelsyre.

Rhodiumsambindingar er giftige.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Rhodium