Roger Dean

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Roger Dean
Fødd16. mars 1943
FødestadHendon
Død3. august 2008
OpphavStorbritannia
Instrumentgitar
Verka somgitarist

David Roger Bryan Dean (fødd 16. mars 1943 i Hendon, daud 3. august 2008) var ein britisk gitarist og lærar.

I 1960-åra spelte han ei kort stund i John Mayall & the Bluesbreakers, mellom anna på debutsingelen og albumet deira. Etter Mayall starta han sitt eige band, The Nu Notes. I 1971 spelte han i bandet Spike Island og spelte inn eit album med dei, som var ei blanding av folk, country og verdsmusikk. Seinare var han medlem av band som The Bluejays, bandet til P.P. Arnold og The Bad Boys. Sidan vart han oftare studiomusikar og spelte på TV-show, akkompagnerte andre musikarar og andre lukrative jobbar som cruise med RMS «Queen Elizabeth 2» som gitarist med The Joe Loss Orchestra.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1964 : Crocodile Walk/When I'm Gone - singel av John Mayall's Bluesbreakers.
  • 1965 : John Mayall plays John Mayall av John Mayall's Bluesbreakers
  • 1971 : Spike Island av Spike Island
  • 1971 : Wild Angels/Six Chevaux Blancs (John Hill) av Eddy Orini - singel
  • 1973 : When Will I See You Again/Year Of Decision av The Three Degrees - singel
  • 1976 : J K All the way av Jonathan King
  • 1979 : O Cheryl/Ode to England av Manuel and Los Por Favors [Andrew Sachs] - singel
  • 1980 : The Munch Bunch - Stories And Songs av Brian Wade
  • 1982 : Lorraine av Lorraine

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]