The Turning Point av John Mayall

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Turning Point
Konsertalbum av John Mayall
Språk engelsk
Utgjeve 1969
Innspelt 12. juli 1969 i Fillmore East i New York City[1]
Sjanger Blues
Lengd 47:24
Selskap Polydor
Produsent John Mayall[1]
John Mayall-kronologi 
Blues from Laurel Canyon
(1968)
The Turning Point Empty Rooms
(1970)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 stars[2]
PopMatters(positiv)[3]

The Turning Point er eit konsertalbum av John Mayall med britisk bluesmusikk spelt inn under ein konsert i Fillmore East i New York City den 12. juli 1969.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Då John Mayall starta opp eit nytt band etter at The Bluesbreakers vart oppløyst i mai 1969[4] valde han eit band som skulle spele «lågvolumsmusikk» – eller musikk utan «tung sologitar og trommer».[1]

Musikarar[endre | endre wikiteksten]

Artistane som spelar på albumet var Mayall på vokal, munnspel, ein slide- og ein Fender Telecaster-gitar, tamburin og vokalperkusjon, Jon Markakustisk gitar, Steve Thompson på bass og Johnny Almondtenor- og altsaksofon, fløyter og vokalperkusjon. Alle songane på albumet var skrivne av eller delvis av John Mayall. Thompson var medlåtskrivar på «California», «Thoughts About Roxanne» og «Don't Waste My Time».[1] Ein annan song, «I'm Gonna Fight For You, J.B.», er ei hyllest til den amerikanske bluesgitaristen J.B. Lenoir som døydde i 1967 og som var til stor inspirasjon for Mayall (dette var den andre hyllesta Mayall skreiv til musikaren. «The Death of J.B. Lenoir» kom ut tidlegare på Crusade). To konsertar fann stad 11. og 12. juli.[4] Alle songane er frå den andre konserten.

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Albumet vart produsert av John Mayall, som òg designa plateomslaget og var kunstnarisk leiar for omslaget. Lydteknikar var Eddie Kramer, som òg var lydteknikar for Jimi Hendrix og Led Zeppelin, blant fleire.[1]

Nyutgjevingar[endre | endre wikiteksten]

I 2001 kom albumet ut på ein nymastra CD med tre bonusspor frå same konserten.

Tidlegare innspelingar av det same materiale, frå ein konsert i juni 1969 i England, kom ut i 1999 på plata The Masters. Ein konsert på The Marquee den 30. juni 1969 hadde òg liknande setliste, og denne kom ut på The Turning Point Soundtrack i lag med musikk frå The Masters. Bandet vart då kalla John Mayall and the Bluesbreakers. Delar av øvingane til desse konsertane, og sjølve konsertane, vart filma og kom ut på ein 25 minuttar lang svart og kvit TV-dokumentar på BBC i 1996.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av John Mayall, utanom er andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«The Laws Must Change»7:21
2.«Saw Mill Gulch Road»4:39
3.«I'm Gonna Fight for You J.B.»5:27
4.«So Hard To Share»7:05
Side to
Nr.TittelLengd
5.«California»9:30
6.«Thoughts About Roxanne» (Mayall, Thompson)8:20
7.«Room to Move»5:03
Bonusspor på 2001-utgåva
Nr.TittelLengd
8.«Sleeping By Her Side»5:10
9.«Don't Waste My Time» (Mayall, Thompson)4:54
10.«Can't Sleep This Night»6:19

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

  • Bob Gordon – fotografi
  • Suha Gur – mastering
  • Eddie Kramer – lydteknikar
  • Bill Levenson – produsent for nyutgjeving
  • John Mayall – tekst i omslaget, kunstnarisk leiar, design, fotografi, produsent
  • Monique McGuffin – produksjonskoordinering
  • Neil Slaven – tekst i omslaget
  • Tapani Tapanainen – fotografi
  • Chris Welch – tekst i omslaget
  • Barry Wentzell – fotografi
  • Zill – fotografi

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 The Turning Point (Vinyl sleeve). John Mayall. Polydor Records. 1969. 24-4004. Arkivert frå originalen 3. desember 2010. Henta 12. juni 2018. 
  2. Planer, Lindsay. «The Turning Point - John Mayall | AllMusic». allmusic.com. Henta 12. juni 2018. 
  3. MacNeil, Jason (24. mai 2002). «John Mayall: The Turning Point < PopMatters». popmatters.com. Henta 12. juni 2018. 
  4. 4,0 4,1 Christopher Hjort, Strange Brew : Eric Clapton & the British Blues Boom, 1965-1970, Jawbone Press, 2007, 352 pp. ISBN 978-1-906002-00-8