P.P. Arnold

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
P.P. Arnold
P. P. Arnold, July 02 2006.jpg
P.P. Arnold på Roskildefestivalen i juli 2006
Fødd3. oktober 1946 (73 år)
FødestadLos Angeles, California i USA
FødenamnPatricia Ann Cole
AliasPat Arnold
OpphavUSA
AktivSidan 1966
SjangerRock, pop, soul, bluesrock, gospel
InstrumentVokal
Tilknytte artistarIke & Tina Turner, Barry Gibb, The Nice, Small Faces, Rod Stewart, Freddie King, Catch My Soul, Roger Waters, The Who, Eric Clapton, Starlight Express, David Bowie, The Kinks, Ocean Colour Scene
PlateselskapImmediate Records
Verka somMusikar

Patricia Ann Cole (fødd 3. oktober 1946),[1] med artistnamnet P.P. Arnold, er ein USA-amerikansk soulsongar som hadde stor suksess i Storbritannia i 1960-åra og frametter.

Ho byrja karrieren som songar og dansar for Ike & Tina Turner Revue, men slutta i bandet i 1966 då dei var på turné i Storbritannia og vart verande i London der ho starta ein solokarriere. Ho turnerte med Small Faces på slutten av 60-taet og song korvokal på to av dei største hittane deira, «Itchycoo Park» og «Tin Soldier». I denne tida song ho òg duett med Rod Stewart på singelen «Come Home Baby» (produsert av Mick Jagger) og Chris Farlowe. Ho hadde fleire hittar på slutten av 60-åra, mellom anna med ein versjon av Cat Stevens-songen «The First Cut Is the Deepest» og «Angel of the Morning».[2]

I 1970 byrja ho å spele i musikalar, mellom anna Catch My Soul. Ho song mykje som studiomusikar og song korvokal, mellom anna på albumversjonen av Jesus Christ Superstar og med artistar som Nick Drake, Dr. John, Graham Nash, Gary Wright, Manassas, Nektar, Jimmy Witherspoon, Nils Lofgren og Eric Burdon.[3] Ho turnerte med Eric Clapton i 1970-åra.

I 1980-åra song ho korvokal for Peter Gabriel på hitten «Sledgehammer». Etter dette samarbeidde ho med The Beatmastersacid house-hiten «Burn It Up», som nådde 14. plassen i Storbritannia i oktober 1988. Seint i 1980- og i 1990-åra song ho korvokal for The KLF, Nina Hagen, Roger Waters (Amused To Death) og Graham Parker. Ho turnerte mykje Roger Waters frå 1999 og inn i 2000-åra.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Som korvokalist[endre | endre wikiteksten]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • «Itchycoo Park»/«I'm Only Dreaming» - The Small Faces : 1967 - korvokal på side 1
  • Tin Soldier/I Feel Much Better - The Small Faces : 1967 - korvokal på side 1
  • «Come Home Baby» - med Rod Stewart : 1967 - med Ron Wood, Keith Richards og Keith Emerson
  • «Reach Out (I'll Be There)» - Chris Farlowe & The Thunderbirds : 1967 - med Albert Lee og Carl Palmer
  • «Electric Dreams» - solosingel og tittelsporet for Electric Dreams - (skriven av O'Dowd/Hay) : 1984
  • «Burn It Up» - Beastmasters : 1988
  • «What Time Is Love» - KLF : 1989
  • «E-Vapor-8» - Altern-8: 1992

Album[endre | endre wikiteksten]

Soloalbum[endre | endre wikiteksten]

  • The First Lady of Immediate - 1967
  • Kafunta - 1968
  • The Turning Tide - 2017 (spelt in kring 1970)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «P.P. Arnold». NNDB.com. Soylent Communications. Henta 15. januar 2019. 
  2. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London, UK: Guinness World Records Limited. s. 30. ISBN 1-904994-10-5. 
  3. P.P. Arnold official website - Music - 1970-1980

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]