Zoot Allures

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Zoot Allures
Studioalbum av Frank Zappa
Utgjeve 20. oktober 1976
Innspelt mai – juni 1976 i Record Plant Studios i Los Angeles i California utanom «Wonderful Wino» (1972/73), «Friendly Little Finger» (1973/oktober 1975) og «Black Napkins» (innspelt live i Osaka i Japan, 3. februar 1976)
Lengd 41:32
Selskap Warner Bros.
Produsent Frank Zappa
Frank Zappa-kronologi
Bongo Fury
(1975)
Zoot Allures Zappa in New York
(1978)
Singlar frå Zoot Allures
  1. «Find Her Finer»
    Utgjeve: 1976
  2. «Disco Boy»
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[1]

Zoot Allures er eit rockealbum frå 1976 av Frank Zappa. Dette var den einaste utgjevinga til Zappa på Warner Bros. Records. På grunn av eit søksmål med den tidlegare manageren Herb Cohen, vart platekontrakten til Frank Zappa med DiscReet Records mellombels flytta til Warner Bros.

Tittel[endre | endre wikiteksten]

Tittelen er eit ordspel på det franske uttrykket «Zut alors!» som ikkje har noko direkte omsetjing, men syner til ei lett overrasking og tyder noko slik som «søren!» eller «faen!». Tittelen syner òg til eit vanleg britisk uttrykk for marihuanasigarettar.[2]

Om albumet[endre | endre wikiteksten]

Albumet vart opphavleg meint som eit dobbeltalbum, men av ukjende årsaker omarrangerte Zappa det og korta det ned til eit enkelt album.[3] Zappa spelte ei testutgåve av det originale albumet for magasinet Circus i 1976, som rapporterte om ei radikalt annleis, og kanskje feilaktig, sporlsite som omfatta «Sleep Dirt», «The Ocean Is the Ultimate Solution», «Filthy Habits» og «Night of the Iron Sausage». Dei første tre spora kom seinare ut i 1979 på Sleep Dirt og den posthume Läther. «Night of the Iron Sausage» er enno ikkje gjeven ut. «Wind Up Workin' in a Gas Station» og «Zoot Allures» var ikkje med på denne første testutgåva.

Songar[endre | endre wikiteksten]

«Black Napkins» er ein av fleire gitardrivne stykke på Zoot Allures, og kom til som tema til det som seinare vart det komposisjonen «Sleep Dirt».[4] Fleire av songane på albumet var konsertopptak frå 3. februar 1976 i Osaka i Japan.[5] I lag med «Zoot Allures» og «The Torture Never Stops», vart «Black Napkins» eit signaturstykke for Zappa, og var med på nesten alle turneane til Zappa og mange offisielle utgjevingar.

«Wonderful Wino» vart opphavleg gjeven ut på Jeff Simmons-plata Lucille Has Messed My Mind Up i 1970. Albumet, som delvis vart produsert av Zappa (kreditert som «La Marr Bruister»), kom seinare ut på Joe's Garage i 1979.

Zappa skreiv i omslaget til Sheik Yerbouti frå 1979 at «Friendly Little Finger» frå dette albumet vart skapt ved hjelp av xenokroni.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Frank Zappa, utanom der andre er nemnte.. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Wind Up Workin' in a Gas Station»   2:29
2. «Black Napkins»   4:15
3. «The Torture Never Stops»   9:45
4. «Ms. Pinky»   3:40
Side to
# Tittel Lengd
5. «Find Her Finer»   4:07
6. «Friendly Little Finger»   4:17
7. «Wonderful Wino» (Simmons, Zappa) 3:38
8. «Zoot Allures»   4:12
9. «Disco Boy»   5:11

Rykodisc-utgåva[endre | endre wikiteksten]

Zoot Allures på CD, gjeven ut av Rykodisc, er miksa forskjellig enn den originale original-LPen. Vinyl-utgåva inneheld ein litt lengre versjon av «Disco Boy» mellom anna ei nedteljing i starten av ein trommemaskin og ein lengre uttoning.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Musikarar[endre | endre wikiteksten]

  • Frank Zappa –gitar (alle spor), synthesizer (1, 4, 5, 9), bass (1, 3–7, 9), klaverinstrument (3, 5, 7, 9), solovokal (1, 3, 4, 5, 7, 9)
  • Terry Bozzio – trommer, korvokal (5, 9)
  • Davey Moiré – solovokal (1), korvokal (1, 9), lydteknikar
  • Andre Lewis – orgel (2), vokal (2), korvokal (5, 9)
  • Roy Estrada – bassgitar (2), vokal (2), korvokal (2, 4, 5, 9)
  • Napoleon Murphy Brock – saksofon & vokal (2)
  • Ruth Underwood – synthesizer (4, 7), marimba (6, 8)
  • Captain Beefheart – munnspel (5) (som «Donnie Vliet»)
  • Ruben Ladron de Guevara – korvokal (5)
  • Dave Parlato – bassgitar (8)
  • Lu Ann Neil – harpe (8)
  • Sparky Parker – korvokal (9)

Klaverspelaren Eddie Jobson og bassisten Patrick O'Hearn, som då Zoot Allures kom ut var medlem i bandet til Zappa, er med på omslaget, speler ikkje på sjølve albumet.

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

  • Arnie Acosta – mastering
  • Amy Bernstein – design
  • Michael Braunstein – lydteknikar
  • Gary Heery – fotografi
  • Cal Schenkel – design
  • Bob Stone – digital remastering

Salslister[endre | endre wikiteksten]

AlbumBillboard (Nord-Amerika)

År Liste Plassering
1976 Pop Albums 61[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Couture, François (2011). «Zoot Allures – Frank Zappa | AllMusic». allmusic. Henta 11. juni 2014. 
  2. «Urban Dictionar: zoot». urbandictionary.com. 
  3. «ARF The Home of Frank Zappa Heritage Studies». Henta 11. juni 2014. 
  4. «Information Is Not Knowledge». Henta 11. juni 2014. 
  5. «the zappa patio». Henta 11. juni 2014. 
  6. «Salslister and Awards for Zoot Allures». Allmusic. Henta august 22, 2008. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]