Salishhavet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Salish Sea)
Hopp til navigering Hopp til søk
Salishhavet
hav
SalishSea.A2003154.1930.250m.jpg
Land Flag of Canada (Pantone).svg Canada, Flag of the United States.svg USA
Del av Stillehavet

Salishhavet
48°56′12″ N 123°3′40″ W
Wikimedia Commons: Salish Sea

Salishhavet (Salish blir uttalt /ˈslɪʃ/) er eit randhav av Stillehavet som ligg i den kanadiske provinsen British Columbia og den amerikanske delstaten Washington. Det omfattar Strait of Georgia, Strait of Juan de Fuca, Puget Sound og ei rekkje samanknytte skipsrenner og vassfar.

Sjøen strekkjer seg frå Discovery Islands nord for Strait of Georgia til Budd Inlet ved sørenden av Puget Sound. Han er delvis skild frå det opne Stillehavet av Vancouver-øya og Olympic Peninsula.

Mykje av kysten er del av byområdet kjent som Pacific Northwest megalopolis. Viktige hamnebyar ved sjøen er Vancouver, Seattle, Tacoma, Everett, Bellingham, Port Angeles og Victoria.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Den fyrste gongen ein kjenner til at nokon brukte namnet Salish Sea var i 1988, då marinbiologen Bert Webber frå Bellingham i Washington, skapte namnet for dei ulike vassmassane i området. Ideen var å skapa eit tilleggsnamn som omfatta Georgia Strait, Puget Sound og Strait of Juan de Fuca, ikkje eit namn til å erstatta dei.[1] Ved å bruka omgrepet meinte han ein kunne auka medvitet om vatna og økosystema i regionen og korleis ein kunne verna dei.

Kystsalishfolk[endre | endre wikiteksten]

Utbreiinga av kystalishspråk tidleg på 1800-talet

Kystsalishfolk (Coast Salish) er urfolk frå sørvestlege British Columbia og nordvestlege Washington langs kysten av Salish Sea. Desse folka har eit felles språkleg og kulturelt opphav. Kystsalishfolk er rekna som ei av hovudgreinene av ei større gruppe kjend som salishansk eller salish. Ein kjenner til fem inndelingar av den salishanske språkfamilien, der kystsalish og innlandssalish er dei to viktigaste. Den salishanske språkfamilien omfattar 23 ulike språk.[2] Europeiske utforskarar kom fyrst i kontakt med salishanske folk ved Stillehavet seint på 1700-talet. Den fyrste detaljerte informasjonen blei samla inn av Lewis og Clark-ekspedisjonen i 1804-1806.[3] Nemninga «Salish» blei opphavleg brukt berre om innlandsgruppa Flathead, ein stamme frå området rundt Flathead Lake i Montana.[3][4] Ved midten av 1900-talet hadde det blitt utvida til å omfatta alle folkeslag som snakka eit liknande språk.[5] Flathead Nation har fortsett å bruka namnet Salish om språket og kulturen sin.[6][7] Ein namnevariant for Flathead Lake er «Selish Lake».[8] Namnet Salish Sea blei fyrst innført seint på 1900-talet. Det finst ikkje noka generell nemning for dette området eller eit felles namn på nokre av vassmassane i nokre av kystalish-språka.

Vassfara i Salishhavet var viktige handelsruter for kystsalishfolka, og dei har fortsett å vera ei kjelde for mat og andre ressursar for urfolka. Nedslagsområdet omfattar ikkje berre territoria til kystsalishfolk, men også nord-wakashanske kwakwaka'wakw og sørwakashanske folk (nuu-chah-nulth, makah og ditidaht). Tidlegare budde det ogsåchimakumfolk her, eit chimakuanspråkleg folkeslag i slekt med quileutefolk som ikkje lenger finst som ei eiga gruppe etter at dei blei utsletta av suquamishfolk og andre på 1800-talet.[9]

Offisiell namnebruk[endre | endre wikiteksten]

I mars 2008 føreslo Chemainus First Nation at ein skulle døypa om Georgia Strait til «Salish Sea». Aboriginal Relations Minister i British Columbia, Mike de Jong, skal ha likt ideen og lova å leggja han fram for Executive Council of British Columbia. Om namnet «Salish Sea» skulle få offisiell status måtte det sendast ein formell søknad til Geographical Names Board of Canada.[10] Ei parallell amerikansk rørsle for namnet nytta ein ulik definisjon, der Strait of Juan de Fuca, Puget Sound og Strait of Georgia, i tillegg til tilknytte vassområde, alle høyrde til under namnet Salish Sea.

I august 2009 godkjende British Columbia Geographical Names Office ein resolusjon som støtta at Geographical Names Board of Canada skulle ta i bruk namnet Salish Sea såframt dette blei godkjent av United States Board on Geographic Names.[11][12] Namnet blei støtta av Washington State Board on Geographic Names i oktober, 2009.[13] Det blei godkjent av United States Board on Geographic Names 12. November 2009,[14] og av British Columbia Geographical Names Office i februar 2010. I Canada er også den franske forma av namnet, Mer des Salish, offisielt namn.

I ei spørjing frå 2019 av innyggjarar i nærleiken av Salishhavet kunne berre 9 prosent av folk frå Washington og 15 prosent av folk frå British Columbia identifisera og namngje Salish Sea korrekt.[15]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Salishhavet sett frå ISS den 11. april 2020

Salishhavet er rundt 440 kilometer (270 mi) lang og har eit overflateareal på rundt 18 000 kvadratkilometer (6 900 sq mi), omtrent same storleik som Rigabukta i Nord-Europa. Storleiken på dei ulike delane er Strait of Georgia (6400 km2), Strait of Juan de Fuca (4400 km2), Puget Sound (2500 km2), Desolation Sound (1100 km2) og diverse andre vassmassar (3600 km2).[16] Sjøen har ei gjennomsnittsdjupne på 130 meter (430 ft). Den største djupn er 670 meter (2 200 ft) i Jervis Inlet.[17]

Definisjon[endre | endre wikiteksten]

Transboundary Georgia Basin-Puget Sound Environmental Indicators Working Group har definert grensene til Salishhavet som følgjer:[18]

I vest. Inngangen til Juan de Fuca-sundet (ei linje mellom Cape Flattery og Carmanah Point).

I sør. Sørenden av Puget Sound (ved Budd Inlet).

I nord. Går like forbi Strait of Georgia for å omfatta renner og vassfarm med tidvatn frå sør: Discovery Passage sør for Seymour Narrows, Sutil Channel sør for Penn Islands, Lewis Channel, Waddington Channel & Pendrell Sound, Desolation Sound, og sørdelen av Homfray Channel.

Hydrologi[endre | endre wikiteksten]

Nedslagsfeltet til Salishhavet (ikkje medrekna de til øvre Fraser River) har eit totalareal på rundt 110 000 kvadratkilometer (42 000 sq mi), som er over seks gonger så stort om overflatearealet til sjølve sjøen. Større elvar som renn ut i sjøen er mellom anna Fraser River, Nisqually River, Nooksack River, Puyallup River, Skagit River, Snohomish River og Squamish River.

Tilførsla av ferskvatn i Salishhavet frå fleire elvar og tilførsla av saltvatn frå Strait of Juan de Fuca gjev ein skilnad i salinitetet. Skilnaden varierer mykje ut frå endringar i havstraumar og vassføringa i elvane.[19] Fraser River er den største enkeltkjelda for ferskvatn med ei gjennomsnittleg tilførsle på 3 475 kubikkmeter per sekund (122 700 cu ft/s) og ein topp på 17 000 kubikkmeter per sekund (600 000 cu ft/s).

Tida ein spesifikk del vatn på middels djupne er i sjøen er 60 dagar i Puget Sound og 160 dagar i Strait of Georgia.[20][21]

Øyar[endre | endre wikiteksten]

Skogdekte holmar og skjer i Southern Gulf Islands

Salishhavet har meir enn fire hundre øyar. Dei fleste av desse høyrer til i ei av tre øygrupper: Discovery Islands, Gulf Islands og San Juan Islands.

Whidbey Island i Washington er den størte og mest folkesette øya med eit totalareal på 436,9 kvadratkilometer (168,7 sq mi) og eit estimert folketal på 69 480 i 2010.[22][23] Bainbridge Island, som ogå ligg i Washington, er den tettast folkesette øya med 354 menneske per km2 i 2019.[24] Den klart største øya på den canadiske sida er Texada Island på 300,45 km2 med eit folketal på 1000-2000.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Salishhavet ligg i Georgia-senkinga, ei stor senking som blei danna då jordskorpeplater kolliderte for rundt 150 millionar år sidan. Senkinga blei så skoren ut av framdrifta og tilbaketrekkinga til Cordillera-isskjodlet under Vashon-istida, som vart forå rundt 19000 til 16000 før notida. Tilbaketrekkinga til isskjoldet opna eit merka landskap som blei fylt med vatn så fort det hadde trekt seg tilbake det som no er Strait of Juan de Fuca.[25][26]

Økologi[endre | endre wikiteksten]

Marin[endre | endre wikiteksten]

Salishhavet har eit aktivt og dynamisk marint økosystem som er dominert av artar som trivst i brakkvassaktig, næringsrike tilhøve. Som alle marine næringskjeder har Salishhavet fleire trofiske nivå, der autotrofiske algar er dei primære produsentane. Elvesystema som renn ut av British Columbia og Washington fører inn store volum av sediment og oppløyste næringsstoff i Salishhavet.

Flora[endre | endre wikiteksten]

Taretypen Nereocystis luetkeana vaska opp på stranda nær Victoria.

I Salishhavet finst det mange ulike typar tare som dannar store volum av høgkvalitetshabitat i område der grunnen er hard og steinete. Nokre av dei største tareartane er Nereocystis luetkeana og kjempetare (Macrocystis pyrifera).[27]

Ålegras-enger er utbreidde i dei grunnare delane av sjøen.[27]

Fauna[endre | endre wikiteksten]

Spekkhoggar i Hood Canal

Salishhavet husar 253 fiskeartar som høyrer til 78 biologiske familiar og 31 ordenar. Artane omfattar ein slimål, to Hyperoartia-artar, 18 bruskfiskar, to bruskganoidar og 230 ekte beinfiskar.[28]

I sjøen finn ein òg 37 havpattedyr, der stellersjøløve, knølkval og spekkhoggar er særleg framtredande. Vitjande spekkhoggarar som lever på pattedyr har ein gradvis aukande populasjon, medan fastbuande sørlege spekkhoggarar som lever på fisk har hatt vanskar med å overleva på grunn av låge laksetal. I 2019 var denne spekkhoggarpopulasjonen den minst på 35 år etter at tre vaksne dyr døydde og han ikkje hadde hatt nokre opplevande kalvar på 3 år, og berre 73 individ var att i gruppa.[29][30][31] I 2021 kan knølkval ha hatt eit oppløft etter at ein registrerte 21 knølkvalkalvar Salishvatna. [32]

Havoter har hatt stadig fleire observasjonar i Strait of Juan de Fuca.[33]

Svamperev[endre | endre wikiteksten]

Det mineralrike vatnet i Salishhavet gjer han til eit ideelt habitat for svamperev danna av glassvampar. Ein trudde tidlegare at slike rev døydde under eller like etter krittida, til det blei oppdaga ei stor mengd slike rev utanfor kysten av British Columbia i 1987.[34] Dei er no verna som Hecate Strait and Queen Charlotte Sound Glass Sponge Reefs Marine Protected Area. Alle svamperev ein kjenner til i Salishhavet er verna mot fiskeformer som kjem i kontakt med havbotnen.[35]

Landlevande dyr[endre | endre wikiteksten]

Låglandet rundt Salishhavet er ein del av dei WWF-definerte økoregionane Puget lowland forests og Central Pacific coastal forests.

Av dei 172 fugleartane som finst i området er 72 svært avhengige av det marine økosystem for føde.[36]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sidan 20. august 2007 er det funne minst 20 menneskeføter langs kysten av Salishhavet. Den fyrste oppdaginga var på Jedediah Island i British Columbia.[37] Oppdagingane har fått ganske stor merksemd i media og kulturen, men stammar truleg hovudsakleg frå folk som har drukna.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. pdf document Stefan Freelan (Washington State University) 2009: "The Salish Sea (& surrounding basin"): "Rather than being a replacement for any of the existing names, the designation Salish Sea is an overlay, which includes and unites the established and familiar names of the various water and land bodies".
  2. Czykowsky-Higgins, Ewa; Marvin Dale Kinkade (1998). Salish languages and linguistics: theoretical and descriptive perspectives. Walter de Gruyter. s. 1–4, 59. ISBN 978-3-11-015492-4. 
  3. 3,0 3,1 Hodge, Frederick Webb (1910). Handbook of American Indians north of Mexico, Volume 2. United States Government Printing Office. s. 415–417. OCLC 1297754. 
  4. Oxford English Dictionary.
  5. «Salish». Encyclopædia Britannica, Inc. Henta 23 November 2009. 
  6. «Tribal Preservation Department». Confederated Salish & Kootenai Tribes. Henta 23 November 2009. 
  7. «Salish Culture Committee». Confederated Salish & Kootenai Tribes. Henta 23 November 2009. 
  8. «Flathead Lake». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. 
  9. Curtis, Edward S. The North American Indian. Volume 9 - The Salishan tribes of the coast. The Chimakum and the Quilliute. The Willapa. s. 141–142. ISBN 978-0-7426-9809-3. 
  10. «Strait of Georgia could be renamed Salish Sea». Canadian Press (CBC.ca). 9. mars 2008. Henta 10. mars 2008. 
  11. Washington state adopts “Salish Sea” name for body of water including Strait of Georgia, Carlito Pablo, Georgia Straight, October 30, 2009
  12. Berger, Knute (Oct 20, 2009). «Smooth Sailing for the Salish Sea?». Crosscut Blog. Henta Jun 1, 2020. 
  13. «STATE BOARD ON GEOGRAPHIC NAMES APPROVES 'SALISH SEA'». 30. oktober 2009. Arkivert frå originalen 2013-10-30. 
  14. Berger, Knute (November 12, 2009). «U.S. approves Salish Sea name». Crosscut.com. Henta 13. august 2011. 
  15. Trimbach, David; Gaydos, Joe (May 20, 2019). «Survey illustrates a lack of familiarity with the Salish Sea». Puget Sound Institute. Henta May 21, 2019. 
  16. «Map of the Salish Sea & Surrounding Basin – Maps by Stefan Freelan» (på engelsk). Henta 9. oktober 2020. 
  17. Government of Canada, Fisheries and Oceans (29. januar 2009). «Fisheries and Oceans Canada |Pacific Region | Jervis Inlet». www.pac.dfo-mpo.gc.ca. Henta 3. oktober 2020. 
  18. «GNIS Detail - Salish Sea». geonames.usgs.gov. Henta 29. september 2020. 
  19. «A year of LiveOcean salinity fields». faculty.washington.edu. Henta 3. oktober 2020. 
  20. «Puget Sound's physical environment | Encyclopedia of Puget Sound». www.eopugetsound.org (på engelsk). Henta 1. oktober 2020. 
  21. Pawlowicz, Rich; Riche, Olivier; Halverson, Mark (2007). «The circulation and residence time of the strait of Georgia using a simple mixing‐box approach». Atmosphere-Ocean (på engelsk) 45 (4): 173–193. ISSN 0705-5900. doi:10.3137/ao.450401. 
  22. Bureau, US Census. «Search Results». The United States Census Bureau (på engelsk). Henta 29. september 2020. 
  23. «Community Facts: Camano CDP, Washington». United States Census Bureau. Henta September 26, 2019. 
  24. «Annual Estimates of the Resident Population for Incorporated Places in Washington: April 1, 2010 to July 1, 2019». United States Census Bureau. May 2020. Henta May 27, 2020. 
  25. «About the Strait • Georgia Strait Alliance». Georgia Strait Alliance (på engelsk). Henta 9. oktober 2020. 
  26. Parks Canada Agency, Government of Canada (22. mars 2018). «Environment - Gulf Islands National Park Reserve». www.pc.gc.ca. Henta 24. august 2020. 
  27. 27,0 27,1 «Puget Sound Kelp Conservation and Recovery Plan May 2020» (PDF). Northwest Straits Commission. 1. mai 2020. Arkivert frå originalen (PDF) 2020-09-26. Henta 26. september 2020. 
  28. Pietsch, Theodore W.; Orr, James W. (September 2015), NOAA Professional Paper NMFS 18-Fishes of the Salish Sea: a compilation and distributional analysis (PDF), National Marine Fisheries Service, s. 1, henta 15. november 2015 
  29. Wasser, Samuel K.; Lundin, Jessica I.; Ayres, Katherine; Seely, Elizabeth; Giles, Deborah; Balcomb, Kenneth; Hempelmann, Jennifer; Parsons, Kim; Booth, Rebecca (2017). «Population growth is limited by nutritional impacts on pregnancy success in endangered Southern Resident killer whales (Orcinus orca)». PLOS ONE 12 (6): e0179824. Bibcode:2017PLoSO..1279824W. PMC 5491047. PMID 28662095. doi:10.1371/journal.pone.0179824. 
  30. Lynda V. Mapes (January 3, 2019). «2 more Puget Sound orcas predicted to die in critically endangered population». Seattle Times. Henta January 5, 2019. 
  31. Robinson, M. (7 August 2019). «Deaths of southern resident killer whales raise fears for population». Vancouver Sun. Henta 9 August 2019. 
  32. «Record number of humpback calves spotted in Salish Sea and 'surprised' researchers wonder why | Globalnews.ca». Global News (på engelsk). Henta 23. oktober 2021. 
  33. Ollikainen, Rob (22. juli 2018). «Sea otter sightings swell in Strait of Juan de Fuca». Peninsula Daily News (på engelsk). Henta 28. september 2020. 
  34. Government of Canada, Fisheries and Oceans Canada (18. september 2019). «Hecate Strait/Queen Charlotte Sound Glass Sponge Reefs Marine Protected Area (HS/QCS MPA)». www.dfo-mpo.gc.ca. Henta 26. september 2020. 
  35. Government of Canada, Fisheries and Oceans Canada (30. august 2019). «Strait of Georgia and Howe Sound Glass Sponge Reef (17 fisheries area closures)». www.dfo-mpo.gc.ca. Henta 27. september 2020. 
  36. Gaydos, Joseph (2011). «Birds and Mammals that Depend on the Salish Sea: A Compilation» (PDF). Northwestern Naturalist 92 (2): 79–94. doi:10.1898/10-04.1. 
  37. «Discovery of unattached human feet baffles B.C. police». CBC News. August 31, 2007. Henta June 18, 2008.