Samfunn i USA

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kulturerlt kart frå World Values Survey som skildrar USA som lågt på Secular-Rational Values og høgt på Self-Expression values.

Samfunnet i USA byggjer på vestleg kultur, og har utvikla seg sidan før USA blei sitt eige land med sine eigne sosiale og kulturelle karakteristikkar som dialekt, musikk, kunst, kotyme, mattradisjon og folkeminne. I dag er landet svært etnisk variert som følgje av storskala innvandring frå mange ulike land gjennom historia si.[1]

Tidleg i utviklinga kom den sterkaste påverknaden frå samfunnet frå britiske busetjarar i dei nordamerikanske koloniane. Britisk kultur, språk, lovverk og andre kulturelle tradisjonar hadde ein grunnleggjande innverknad. Andre viktige påverknadar kom frå andre delar av Europa, som Tyskland og Italia.

Samfunnet i USA er ofte blitt framstilt som ein smeltedigel (melting pot), men nyare utvikling mot kulturelt mangfald har framheva ideen om ein salatbolle heller enn ein smeltedigel.[2][3] Det finst også mange integrerte, men særeigne subkulturar i USA. Dei individuelle kulturelle banda til amerikanar kjem gjerne an på samfunnsklasse, politisk orientering og mange andre demografiske kjenneteikn som religiøs bakgrunn, yrke og etnisitet.[1]

Samfunnsklassar og arbeid[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste amerikanarar identifiserer i dag seg sjølv som medlemmar av middelklassen, men det amerikanske samfunnet og kulturen er i røynda mykje meir fragmentert.[1][4][5] Samfunnsklasse, som typisk blir definert gjennom ein kombinasjon av utdanningsnivå, inntekt og yrkesprestisje, er ein av dei største kulturelle påverknadane i USA.[1] Nesten alle kulturelle aspekt med omsyn til dagleg omgang og forbruk i USA byggjer på kvar ein person høyrer til i samfunnsstrukturen.

Det er knytt ulike livsstilar, forbruksmønster og verdiar til dei ulike klassane. Den tidlege sosiologen og økonomen Thorstein Veblen, merka seg til dømes at dei som var heilt på toppen av samfunnsstigen dreiv med både prangande fritidssyslar i tillegg til prangande forbruk. Folk i den øvre middelklassen identifiserer ofte utdanning og å vera kultivert som hovudverdiar. Folk i denne samfunnsklassen har ein tendens til å snakka på ein meir direkte måte som projiserer autoritet, kunnskap og dermed truverd. Dei har ofte ein tendens til å engasjera seg i forbruk av såkalla masseluksus, som til dømes designarklede. Ein sterk preferanse for naturlege materiale og økologisk mat og eit sterkt helsemedvit har ein tendens til å vera framtredande trekk ved den øvre middelklassen. Middelklasseindivid verdset generelt å utvida horisonten sin, delvis fordi dei er meir utdanna og har råd til større fritid og reiser. Arbeidarklasseindivid er stolte av å gjera det dei ser på som «ekte arbeid», og har svært tette slektsnettverk som tener som ei sikring mot hyppig økonomisk ustabilitet.[1][6][7]

Arbeidstimar i ulike land ifølgje tal frå SN i ein rapport frå CNN.[8]

Amerikanarar frå arbeidarklassen så vel som mange av dei i middelklassen kan òg møta framandgjøring frå arbeidsplassen. I motsetnad til profesjonelle i den øvre middelklassen som for det meste er tilsett for å konseptualisere, rettleia og dela tankane sine, har mange amerikanarar svært lite autonomi eller kreativt handlingsrom på arbeidsplassen.[9] Som eit resultat av dette pleiar funksjonærar å vera betydeleg meir fornøgde med jobben sin.[10] Nyleg har dei i sentrum av inntektsslaga, som framleis kan identifisera seg som middelklasse, møtt aukande økonomisk uvisse,[11] slik at ideen om ein arbeidarklassemajoriet får større støtte.

Politisk åtferd blir påverka av klasse; meir velståande individ er meir sannsynleg å stemma, og utdanning og inntekt påverkar om individ har ein tendens til å stemma på det demokratiske eller republikanske partiet. Inntekt hadde òg ein betydeleg innverknad på helsa sidan dei med høgare inntekt hadde betre tilgang til helsetenester, høgare forventa levealder, lågare spedbarnsdøying og auka helsemedvit.

I USA er yrke ein av dei viktigaste faktorane for samfunnsklasse, og er nært knytt til eit individ sin identitet. Ei gjennomsnittleg arbeidsveke i USA for dei som var heiltidstilsette var 42,9 timar lang, og 30 % av befolkninga jobba meir enn 40 timar i veka. Den gjennomsnittlege amerikanske arbeidaren tente 16,64 dollar i timen i dei to første kvartala av 2006[12]

Amerikanarar generelt arbeider meir enn tilsvarande folk i andre post-industrelle i-land. Medan ein gjennomsnittsarbeidar i Danmark hadde 30 dagar ferie i året, har ein gjennomsnittleg amerikansk arbeidar berre 16 årlege feriedagar.[13] I 2000 arbeidde gjennomsnittamerikanaren 1 978 timar per år, 500 meir enn ein gjennomsnittarbeidar i Tyskland, men 100 timar mindre enn ein gjennomsnittarbeidar i Tsjekkia. Totalt var arbeidskrafta i USA den mest produktive i verda (totalt, ikkje per time arbeidd), i stor grad fordi ein arbeidar fleire timar enn dei i andre post-industrielle land (bortsett frå Sør-Korea).[8] Amerikanarar generelt reknar arbeid og å vera produktiv som viktig; å vera travel og arbeida mykje kan også vera ein måte å oppnå status på.[14]

Etnisitet[endre | endre wikiteksten]

Etnisitet ifølgje folketeljinga frå 2000.[15]

Oppfatting av «rase» eller etnisitet i USA byggjer mykje på fysiske kjenneteikng og hudfarge, og har hatt ei viktig rolle i utforminga av det amerikanske samfunnet, til og med før staten oppstod. Fram til borgarrettsrørsla på 1960-talet møtte ulike minoritetsgrupper formell og sosial diskriminering og økonomisk marginalisering.[16]

Folketeljingsbyrået i USA (Bureau of the Census ved U.S. Department of Commerce) tel fire såkalla rasar (races) i USA: Native American/ American Indian, African American, Asian og White (European American). Ifølgje denne inndelinga er ikkje Hispanic Americans ein eigen race, men ein etnisitet (ethnic group). Ved folketeljinga i 2000 var 75,1 % av innbyggjarane Whites, med Hispanic eller Latino den største minoriteten i landet med 12,5 % av innbyggjarane. African Americans utgjorde 12,3% av folketalet, 3,6 % var Asian American og 0,7 % var Native American.[17]

Fram til det trettande tillegget til den amerikanske grunnlova blei ratifisert i desember 1865 var USA eit slavesamfunn. Medan nordstatane hadde forbode slaveri i sine territorium seint på 1700- og tidleg på 1800-talet de industriane deira på råvarer laga ved hjelp av slavearbeid. Etter perioden kjend som Reconstruction på 1870-talet, innførte sørstatane ei form for apartheid regulert av Jim Crow-lovar som lovfesta segregering. Lynsjing var vanleg i USA fram til 1930-talet, og fortsette fram til borgarrettsrrørsla blei aktiv.[18]

Asia-amerikanarar var også marginaliserte i mykje av historia til USA. Frå 1882 til 1943 var loven Chinese Exclusion Act verksamlms, som la ned forbod for kinesarar mot å koma inn i landet. Under andre verdskrigen blei rundt 120 000 japansk-amerikanarar, 62 % av dei amerikanske statsborgarar,[19] haldne innesperra i interneringsleirar. Hispanic-amerikanarar har også opplevd segregering og andre typar diskriminering, i praksis om ikkje gjennom lovverket.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Utdanning i USA blir ofte gjeven frå offisielt hald, med kontroll og økonomisk stønad frå tre ulike nivå: Føderalt, delstatleg og lokalt. Grunnutdanning er obligatorisk og nær kompplett på grunnskule- og vidaregåande nivå.

Elevar kan få utdanninga si ved offentlege eller privatskular eller i heimeskule. Dei fleste offentlege og privatskular er delte inn i tre nivå, som blir kalla elementary school, junior high school (eller middle school) og high school. I nesten alle skular deler ein desse tre nivåa inn etter aldrer. Vidare utdanning blir vanlegvis kalla "college" eller "university" i USA, og er vanlegvis separat frå den grunnleggjande utdanninga.

I 2000 var det 76,6 millionar elevar i utdanningsintitusjonar frå barnehage til høgare utdanning. Av dei som gjekk i obligatorisk skule var 5,2 millionar (10,4 prosent) elevar ved privatskular. Blant vaksne i USA hadde over 85 posent fullførte high school, medan 27 prosent hadde oppnådd bachelorgrad eller høgare.

Språk[endre | endre wikiteksten]

Det viktigaste språket i USA er engelsk, sjølv om dette ikkje er offisielt språk i landet. Ifølgje folketeljinga frå 2000 kan over 93 % amerikanarar snakka godt engelsk, og for 81 % er det det einaste språket ein talar heime. Det finst også nær 30 millionar menneske med spansk som mor smål i USA. Det er også meir enn 300 språk i tillegg til engelsk som har morsmålstalarar i landet – nokre av desse er urfolksspråk (rundt 150 levande språk) og andre er innførte av innvandrarar.

Amerikansk teiknspråk (American Sign Language, ASL) blir hovudsakleg brukt av døve, og oppstod i USA. Hawaiisk er eit innfødd språk i delstaten Hawaii. Spansk er eit av dei offisielle språk, og det mest utbreidde, på Puerto Rico, som har status som U.S. Commonwealth.

Dei fire viktigaste regional dialektane av amerikansk engelsk er northaustleg, sørleg, nordleg-innlands og midtvestleg. Dialekten frå Midtvesten er rekna som eit standardtalemål i USA, og stammar frå området som ein gong var kjent som Middle Colonies gjennom Midtvesten til stillehavsstatane.

Religion[endre | endre wikiteksten]

Historisk har den religiøse tradisjonen i USA vore dominert av kristen protestantisme. I 2016 definerte 74 % av amerikanarar seg som kristne, der 49 % identifiserte seg som protestantar. Katolisisme (23 %) er den største kristne sekta, sidan protestantar tilhøyrer mange ulike sekter. Det finst også mange andre religionar i USA, som jødedommen, hinduismen, islam og buddhismen. Rundt 18 % av amerikanarar er ikkje knytt til nokon religion; nokre av desse definerer seg som agnostikarar eller ateistar.

Styresmaktene i landet er sekulære, og det såkalla «skiljet mellom kyrkje og stat» er nedfelt i grunnlova.

Busetnad[endre | endre wikiteksten]

I etterkrigstida byrja mange amerikanarar å slå seg ned i forstadar, bustadbelte kring dei store byane med høgare folkesetnad enn landbygda, men mykje låge enn byar. Dette busetjingsmønsteret er blitt tilskrive mange faktorar som privatbilisme, tilgang på store landområde, bekvemmelegheita med fleire og lengre asfalterte veg, den aukande valden i bysenter og billegare bustader. Desse nye einebustadene var vanlegvis ein eller to etasjar høge, og var ofte ein del av store kontraktar av bustader bygde av ein enkelt byggherre.

Den spreidde busetnaden som følgde er blitt kjend som <i>urban sprawl</i>. Dette mønsteret har gått gjennom ei endring. Den såkalla kvite flukta (white flight) er blitt omvendt, med mange unge profesjonelle og eldre med barn som har flytta ut som vender tilbake til byar, ofte i condominium, som i Lower East Side i New York City eller South Loop i Chicago. Eit resultat av dette har vore at mange fattigare innbyggjarar i byane har blitt fortrengde (sjå gentrifisering).

Folkesetnaden i landlege område har gått ned over tid sidan fleire og fleire menneske har flytta til byar for arbeid og underhaldning. Den store utvandringa frå landsbygda kom på 1940-talet; dei siste åra har mindre enn 2 % av befolkninga budd på gardar (sjølv om mange andre bur på landsbygda og pendlar til jobb). Elektrisitet og telefon, og nokre gonger kabel- og Internett-tenester, er tilgjengeleg for alle bortsett frå dei mest avsidesliggande regionane. Som i byane går barn på skule til og med vidaregåande og hjelper berre til med gardsdrift i sommarmånadene eller etter skuletid.

Husvære i Kentucky i nærleiken av Cincinnati i Ohio

Rundt halvparten av alle amerikanarar bur no i forstadsområde. Kjernefamilien frå forstaden er blitt identifisert som ein del av «den amerikanske draumen»: eit ektepar med barn som eig eit hus i forstadane. Denne arketypen er blitt forsterka av massemedium, religiøs praksis og offisiell politikk, og er basert på tradisjonar frå angelsaksiske kulturar. Ein av dei største forskjellane i forstadsliv samanlikna med byliv er bustadene familiane bur i. Forstadene er fylte med einebustader som er skilde frå butikkdistrikt, industriområde og nokre gongar til og med offentlege skular.

Bustader i byområde kan omfatta fleire leilegheiter og tomannsbuligar enn i forstader eller småbyar. Bortsett frå bustader er den største forskjellen frå forstadsliv tettleiken og mangfaldet av mange ulike subkulturar, og dessutan detaljhandel og produksjonsbygg blanda med bustader i byområde. Bybuarar kan òg meir sannsynleg reisa med kollektivtransport, og barn vil meir sannsynleg gå eller sykla i staden for å bli køyrde av foreldra.

Hushald[endre | endre wikiteksten]

Familestrukturane i USA har ikkje ei særskild ordning som er vanleg nok til å kunna reknast som den gjennomsnittlege.[20]

Familiestrukturar i USA speglar den mangfaldige og dynamiske naturen til dagens samfunn. Sjølv om det ei kort tid på 1900-talet var vanlegest å leva i kjernefamiliar (to gifte foreldre med eit biologsk barn) er familiar med åleineforeldre, par utan barn og samanblanda familiar no dei vanlegaste familietypane.

Dei fleste amerikanarar vil gifta seg og skilja seg minst ein gong i livet. Dei fleste individ vil leva i ulike familiestukturar gjennom livet. Ein einskildperson kan til dømes veksa opp i ein åleineforeldefamilie, gifta seg og bu ei tid som par utan barn, skilja seg, leva åleine nokre år, gifta seg opp att, få barn og dermed leva i ein kjernefamilie.[21]

År Familiar (69,7%) Ikkje-familiar (31.2%)
Gifte par (52,5%) Åleine-foreldre Andre biologiske slektningar Einslege (25,5%) Andre ikkje-slekt-ningar
Kjerne-familie Utan barn Menn Kvinner
2000 24,1 % 28,7 % 9,9 % 7 % 10,7 % 14,8 % 5,7 %
1970 40,3 % 30,3 % 5,2 % 5,5 % 5,6 % 11,5 % 1,7 %

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Thompson, William; Joseph Hickey (2005). Society in Focus. Boston, MA: Pearson. ISBN 0-205-41365-X. 
  2. Clack, George; et al. (September 1997). «Chapter 1». One from Many, Portrait of the USA. United States Information Agency. Arkivert frå originalen 22. november 2006. 
  3. Adams, J.Q.; Pearlie Strother-Adams (2001). Dealing with Diversity. Chicago, Illinois: Kendall/Hunt Publishing Company. ISBN 0-7872-8145-X. 
  4. «Middle class according to The Drum Major Institute for public policy». Henta 25. juli 2006. 
  5. Fussel, Paul (1983). Class: A Guide through the American Status System. New York, NY: Touchstone. ISBN 0-671-79225-3. 
  6. Fussel, Paul (1983). Class, A Guide through the American status system. New York, NY: Touchstone. ISBN 0-671-79225-3. 
  7. Ehrenreich, Barbara (1989). Fear of Falling: The Inner Life of the Middle Class. New York, NY: HarperCollins. ISBN 0-06-097333-1. 
  8. 8,0 8,1 «CNN, work in American, UN report finds Americans most productive, 2002». 31. august 2001. Henta 15. desember 2006. 
  9. Eichar, Douglas (1989). Occupation and Class Consciousness in America. Westport, Connecticut: Greenwood Press. ISBN 0-313-26111-3. 
  10. Eichar, Douglas (1989). Occupation and Class Consciousness in America. Westport, Connecticut: Greenwood Press. ISBN 0-313-26111-3. 
  11. «Harvard Magazine, Middle class squeeze». Arkivert frå originalen 28. november 2006. Henta 13. desember 2006. 
  12. «US Department of Labor, employment in 2006». Henta 15. desember 2006. 
  13. «International vacation comparison». Arkivert frå originalen 9. desember 2006. Henta 15. desember 2006. 
  14. Ehrenreich, Barbara (1989). Fear of Falling, The Inner Life of the Middle Class. New York, NY: Harper Collins. ISBN 0-06-097333-1. 
  15. «US Census Bureau, Race and Hispanic or Latino during the 2000 Census». Arkivert frå originalen 12. februar 2020. Henta 15. desember 2006. 
  16. Hine, Darlene; William C. Hine; Stanley Harrold (2006). The African American Odyssey. Boston, MA: Pearson. ISBN 0-13-192217-3. 
  17. «US Census Bureau, Race and Hispanic or Latino during the 2000 Census». Arkivert frå originalen 12. februar 2020. Henta 15. desember 2006. 
  18. Hine, Darlene; William C. Hine; Stanley Harrold (2006). The African American Odyssey. Boston, MA: Pearson. ISBN 0-13-192217-3. 
  19. Semiannual Report of the War Relocation Authority, for the period January 1 to June 30, 1946, not dated. Papers of Dillon S. Myer. Scanned image at Arkivert 2018-06-16 ved Wayback Machine. trumanlibrary.org. Accessed 18 September 2006.
  20. Williams, Brian; Stacey C. Sawyer; Carl M. Wahlstrom (2005). Marriages, Families & Intimate Relationships. Boston, MA: Pearson. ISBN 0-205-36674-0. 
  21. Williams, Brian; Stacey C. Sawyer; Carl M. Wahlstrom (2005). Marriages, Families & Intimate Relationships. Boston, MA: Pearson. ISBN 0-205-36674-0. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur