Lardal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kommunevåpenet til Lardal
Lardal kommune på kart over Vestfold

Lardal er ein tidlegare innlandskommune i Vestfold fylke. Kommunen omfatta den øvste delen av Lågendalen med Numedalslågen i fylket, med sidedalen Herlandsdalen i nordvest og åsane omkring. I vest grensa Lardal til Telemark og i nord og nordvest til Buskerud. 1. januar 2018 blei Lardal kommune lemma inn i Larvik kommune.

Den rette uttalen av namnet Lardal (som nytta i Vestfold) er med trykk på fyrste staving, med stum 'r' og leddet «dal» uttalast med 'æ' og tjukk 'l'. Tonem (tonelag) skal vere som «Sola» (staden), ikkje som «sola» (stjerna).

Kommunevåpenet som blei brukt av kommunen er dominert av ei hulder, på grunn av at tradisjonen om huldra frå gammalt av stod sterkt i indre Vestfold.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Busetnaden ligg hovudsakleg i dalbotnen av sjølve Lågendalen. I nordre del av den tidlegare kommunen ligg Svarstad, som var administrasjonssenteret i kommunen, på vestsida av Lågen og sør for utløpet av Herlandselva.

20 km av Numedalslågen renn gjennom Lardal med eit fall på frå 36 til 12 moh. i fire fossar. Mellom fossane vekslar elva mellom rolege parti og langstrekte stryk. Trollfoss er det største og lengste fossefallet i Vestfold med eit fritt fall på 12 meter. Fossen er del av Dalelva som renn frå den høgtliggande innsjøen Svartangen og ut i Numedalslågen. Lardal var mellom dei mest elgrike kommunane og Lågen mellom dei mest lakserike vassdraga i Noreg. Den tidlegare kommunen har tre naturvernområde: Kringlemyr (myr), Tolvmannsmyr, også i Re kommune (myr), og Vindfjell, også i kommunane Re og Siljan (naturreservat).

Området ved Kjærrafossen er utvikla til eit kultursentrum, der til dømes det tradisjonelle kjærrafisket blir halde i hevd.

Samferdsel[endre | endre wikiteksten]

Frå Kongsberg går Fylkesveg 40 langs Lågendalen gjennom Svarstad til Kvelde i Larvik og vidare til Brommestadkrysset ved Europaveg 18. Fylkesveg 32 som går frå Steinsholt til Skien, utgjer det kortaste sambandet Oslo–Skien.

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]