Sandnes kyrkje i Masfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 60°48′0″N 5°18′8″E

Sandnes kyrkje
kyrkje
none  Foto: Vibeke Prestmo Valestrand
Foto: Vibeke Prestmo Valestrand
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Nordhordland
Sokn Sandnes
Fellesråd Masjforden
Stad Sandnes kyrkje i Masfjorden
Type Langkyrkje
Arkitekt Eiler Hagerup Holtermann [1]
Material tre
Innvigd 1845 [1]
 - Endringar 1882, 1912, 1964–65
Kyrkjegard Ved kyrkja
Sitjeplassar 370 [2]
Wikimedia Commons: Sandnes kirke (Masfjorden)

Sandnes kyrkje står på Masfjordnes i Masfjorden kommune i Hordaland fylke, og er ei tømra langkyrkje frå 1845.

Sandnes kyrkje i Masfjorden is located in Hordaland
Plasseringa til Sandnes kyrkje

Kyrkja er teikna av residerande kapellan Eiler Hagerup Holtermann. Han støtta seg til typeteikningane til arkitekt Hans Ditlev Franciscus Linstow i arbeidet.[1]

Kyrkja er soknekyrkje i Sandnes sokn i Nordhordland prosti. Dagens kyrkje er truleg den tredje på staden.[1] Den fyrste kyrkja var truleg ei stavkyrkje.[1] Ho vart truleg erstatta av ei tømra kyrkje på 1600-talet.[1] Gamlekyrkja vart riven i samband med bygginga av den noverande kyrkja. Grunnen til at dei bygde ny kyrkje var at den gamle var vorten for lita.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Norges Kirker: «Sandnes kirke» på nettstaden til Norsk institutt for kulturminneforskningVitja 28. mars 2009 / 30. juli 2016
  2. Redaktør: Alf Henry Rasmussen – Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Vanebo Forlag, Kirkenær 1993. ISBN 82-7527-022-7 - «Sandnes kyrkje, Masfjorden», s. 372

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]