Manger kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 60°38′29″N 5°2′31″E

Manger kyrkje
Manger kirke.jpg

Foto: B Ystebo

Generelt
Kyrkjesamfunn: 

Den norske kyrkja

Bispedøme:  Bjørgvin
Prosti:  Nordhordland
Fellesråd:  Radøy
Sokn:  Radøy
Innvigd:  27. oktober 1891[1]
Kyrkjegard:  Ved kyrkja
Arkitektur
Type:  Langkyrkje
Arkitekt:  Hans Heinrich Jess[1]
Materiale:  Tre
Kyrkjerommet
Plassar:  550 [2]

Manger kyrkje står i tettstaden Manger i Radøy kommune i Hordaland fylke, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1891. Arkitekt for bygget var Hans Heinrich Jess.[1]

Manger kyrkje is located in Hordaland
Plasseringa til Manger kyrkje

Dagens kyrkje er den fjerde kjende på plassen. Den fyrste var truleg ei stavkyrkje frå 1100-talet som ein meiner stod til kring 1600 då ho vart avløyst av ei lafta kyrkje. Den andre kyrkja stod til 18. januar 1738 då ho brann ned etter lynnedslag. Ny kyrkje vart vigsla 5. november 1743. Dette var ei steinkyrkje som stod til 1889 då ho måtte vike plassen for dagens kyrkje.

Manger kyrkje høyrer til Radøy sokn i Nordhordland prosti.

Vedlikehald[endre | endre wikiteksten]

Målingar tatt i 2014 avslørte kyrkja blir stadig skeivare i veggen mot nordaust. Veggen mot nordaust er no 22.9 centimeter skeiv frå topp til botn. Dette er ein auke av 3.9 centimeter siden 2006[3]. Kyrkja har vorte stengd fleire gonger grunna vind, og gudtenester har verta halde I Sæbø kyrkje[4] i staden. Utbetringsarbeidet hastar, og frykta er at ekstremvêr med storm eller orkan frå sørvest skal gjera større skader på kyrkjebygget innvendig, og i verste fall føra til at kyrkja rasar saman. Eit plan til utredningsarbeid har konsulentselskapet Akasia lagt fram i et forslag til løysing til soknerådet. Kostnaden til stabilisering var I 2015 ramma på 7,5 millionar kroner[5].

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Norges Kirker: «Manger kirke» på nettstaden til Norsk institutt for kulturminneforskningVitja 29. mars 2009
  2. Redaktør: Alf Henry Rasmussen – Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Vanebo Forlag, Kirkenær 1993. ISBN 82-7527-022-7 - «Manger kyrkje», s. 370
  3. Stig Elliott (2014). Skal jekkast beinare og støttast med stål (Norsk). Strilen. Vitja 26/3/2016.
  4. Stig Erik Elliot (2016). Må flytta gudsteneste grunna vind (Nork). Strilen. Vitja 26/3/2016.
  5. Hans Egil Storheim (2015). Godtek dobla kyrkje-kostnad (Norsk). Strilen. Vitja 26/3/2016.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]