Skihopparen Øyvind Berg
Øyvind Berg | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 10. mars 1971 (51 år) Aurskog-Høland |
Idrett | skihopping |
Tok del i |
Øyvind Berg (fødd 10. mars 1971 i Løken i Akershus) er ein norsk tidlegare skihoppar. Under Ski-VM 1993 i Falun var Berg med på det norske gullaget i lagtevlinga. Dei andre på laget var Bjørn Myrbakken, Helge Brendryen og Espen Bredesen. Berg var medlem av Høland Idrettslag.
Berg fekk sin debut i verdscupen i skihopping i Örnsköldsvik i mars 1990. Kort etter vart han nummer 12 og nest beste nordmann i Holmenkollrennet. Året etter gjorde han si beste tevling då han mot tampen av 1991-sesongen kom pallen under eit verdscuprenn i Trondheim. Han var langt bak vinnaren Heinz Kuttin, men berre 0,6 poeng bak toaren Mikael Martinsson frå Sverige.
I noregsmeisterskapar vann Berg årleg ein medalje i kvar av sesongane frå 1992 til -95, fyrst ein bronse og sidan tre sølv.
Besteplasseringar i internasjonale renn[endre | endre wikiteksten]
- 1990: Nr 12 i Holmenkollen
- 1991: Nr 3 i Trondheim
- 1991/92: Nr 6 i Thunder Bay
- 1993: Nr 7 på Lillehammer
- 1994: Nr 9 i Sapporo
- 1996: Nr 10 i Zakopane
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]
- 1988: Nr 9 i storbakken på Rena
- 1990: Nr 7 i både normalbakken og storbakken, høvesvis Fluberg og Meldal
- 1991: Nr 4 i normalbakken på Rognan
- 1992: Bronsemedalje i storbakken i Trondheim
- 1993: Sølvmedalje i normalbakken på Lillehammer
- 1994: Sølvmedalje i storbakken på Rena
- 1995: Sølvmedalje i normalbakken i Rælingen
- 1996: Nr 8 i storbakken i Meldal
- 1997: Nr 12 i normalbakken i Mo i Rana
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Sportsboken, aktuelle årgangar