Songen Pipes of Peace

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Pipes of Peace
Singel av Paul McCartney
frå albumet Pipes of Peace
B-side «So Bad»
Utgjeve 5. desember 1983
Innspelt September/oktober 1982
Sjanger Pop
Lengd 3:56
Selskap Parlophone
Låtskrivar(ar) Paul McCartney
Produsent George Martin
Paul McCartney-kronologi
«Say Say Say»
(1983)
Pipes of Peace «No More Lonely Nights»
(1984)


«Pipes of Peace» er ein song skriven av Paul McCartney, som først kom ut på albumet med same namn den 31. oktober 1983. Han vart òg gjeven ut på singel den 5. desember 1983 og låg to veker på toppen av den britiske singellista. Songen gjekk òg til topps på den irske singellista.[1]

Innspeling og utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Grunnsporet vart spelt inn 10. september 1982 i A.I.R. Studios[2], medan orkesteret vart spelt inn seinare.

I USA vart «Pipes of Peace» gjeven ut som B-side, og den britiske B-sida «So Bad» vart gjeven ut som A-sida.[3] «So Bad» nådde 23. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100.[4] «So Bad» nådde òg 11. plassen på den kanadiske RPM-lista.

McCartney hadde tidlegare hatt sytten førsteplassar på den britiske singellista som medlem av The Beatles, ein som medlem av WingsMull of Kintyre»), og ein med Stevie WonderEbony and Ivory»), men dette var den første og einaste han fekk som soloartist. Han deltok seinare på fem veldedige singlar som nådde toppen av lista: Band Aid (1984), Ferry Aid (1987), Ferry Cross the Mersey (1989), Band Aid 20 (2004) og The Justice Collective (2012).

Det vart filma ein musikkvideo til songen i Chobham Common i Surrey, som synte den kjende julevåpenkvila i 1914 mellom britiske og tyske soldatar.[5] Videoen vart regissert av Hugh Symonds med over 100 statistar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Official Charts: Paul McCartney». The Official UK Charts Company. Henta 22. mai 2018. 
  2. Pipes of Peace Archive Edition, 2015
  3. «Paul McCartney– So Bad / Pipes Of Peace (Vinyl) at Discogs». discogs.com. Henta 22. mai 2018. 
  4. «Pipes of Peace > Charts & Awards > Billboard Singles». allmusic. Henta 22. mai 2018. 
  5. «When peace broke out». The Guardian. Henta 18. november 2014