Pipes of Peace

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Pipes of Peace
Studioalbum av Paul McCartney
Utgjeve 17. oktober 1983
Innspelt Oktober - desember 1980, februar - mars, mai - august 1981. 14. desember–16. april 1982, september–oktober 1982, februar og juli 1983
Studio Abbey Road Studios og AIR Studios, London; AIR StudiosMontserrat; Cherokee Studios og Westlake Studios i Los Angeles; Rude Studios i Campbeltown; The Mill Studios i Rye
Sjanger
Lengd 38:58
Selskap Parlophone (Storbritannia)
Columbia (USA)
Produsent George Martin
Paul McCartney-kronologi
Tug of War
(1982)
Pipes of Peace Give My Regards to Broad Street
(1984)
Singlar frå Pipes of Peace
  1. «Say Say Say»
    Utgjeve: 3. oktober 1983
  2. «Pipes of Peace»
    Utgjeve: 5. desember 1983
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[1]
Robert ChristgauB–[2]
Encyclopedia of Popular Music2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[3]
The Essential Rock Diskografi4/10[4]
MusicHound2/5[5]
Pitchfork Media6.1/10[6]
PopMatters4/10 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[7]
Q3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[8]
Rolling Stone2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[9]
The Rolling Stone Album Guide2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[10]

Pipes of Peace er det fjerde studioalbumet til Paul McCartney, gjeve ut i 1983. Som oppfølgjaren til det populære Tug of War, selde albumet nesten like mykje i Storbritannia, men nådde berre 15. plassen på den amerikanske Billboard 200-lista. Pipes of Peace inneheld internasjonale hitsinglar som «Say Say Say» (i duett med Michael Jackson) og tittelsporet, men albumet fekk dårlegare kritikk enn føregangaren.

Bakgrunn og struktur[endre | endre wikiteksten]

Mange av songane på Pipes of Peace vart spelte inn i 1981 under innspelinga av Tug of War, og «Pipes of Peace», «The Other Me», «So Bad», «Tug of Peace» og «Through Our Love» vart spelte inn seinare, i september - oktober 1982. Albumet har slik sett mykje til felles med det førre albumet. Det vart produsert av George Martin med to samarbeid med same artist (denne gongen Michael Jackson; på Tug of War var det Stevie Wonder), og McCartney fortsette å spele med Ringo Starr, den tidlegare 10cc-gitaristen Eric Stewart og det vart den siste innspelinga hans med Wings-gitaristen Denny Laine. I november byrja McCartney å filme den sjølvskrivne filmen sin, Give My Regards to Broad Street, i lag med kona Linda, Ringo Starr og Tracey Ullman, og det tok opp det meste av tida hans i 1983. På grunn av filminga, og for å la det gå nok tid mellom det nye albumet og Tug of War, vart Pipes of Peace utsett til oktober.

Men i motsetnad til Tug of War, hadde albumet ein meir elektronisk stil.[6] På sporet «Tug of Peace» blanda McCartney tittelsongen til Tug of War med tittelsporet får det nye albumet. Stephen Thomas Erlewine frå AllMusic skildra miksen som «ein nesten-electro-kollasj som driv songane i same området som McCartney II.[11]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

«Say Say Say» kom ut som den første singelen frå albumet i oktober 1983. Det var ein duett med Michael Jackson og nådde andreplassen i Storbritannia og gjekk heilt til topps i USA, der han låg i seks veker, inn i tidleg 1984. Pipes of Peace nådde fjerdeplassen i Storbritannia og 15. plassen i USA. Etter «Say Say Say», vart tittelsporet ein stor hit i Storbritannia, der han gjekk heilt til topps på lista. I USA nådde B-sida 23. plassen.[12]

Nyutgjevingar[endre | endre wikiteksten]

I 1983 vart Pipes of Peace gjeve ut på CD på Columbia Records. I 1993 vart albumet nymastra og kom ut på CD som ein del av serien «The Paul McCartney Collection» med nokre bonusspor.

Albumet vart nymastra igjen og kom ut i 2015 som ein del av serien 'Paul McCartney Archive Collection'. Denne versjonen kom i ei utvida form med tre plater. Desse bestod av originalalbumet, ei bonusplate med stort sett demoversjonar av songane på originalplata og ei plate med ein film. Nyutgjevinga kom i lag med ein eksklusiv Record Store Day-singel, «Say Say Say (2015 Remix)».[13]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar skrivne av Paul McCartney, utanom «Say Say Say» og «The Man» som er skriven i lag med Michael Jackson, og «Hey Hey» i lag med Stanley Clarke.

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Pipes of Peace»   3:56
2. «Say Say Say» (duett med Michael Jackson) 3:55
3. «The Other Me»   3:58
4. «Keep Under Cover»   3:05
5. «So Bad»   3:20
Side to
# Tittel Lengd
6. «The Man» (duett med Michael Jackson) 3:55
7. «Sweetest Little Show»   2:54
8. «Average Person»   4:33
9. «Hey Hey»   2:54
10. «Tug of Peace»   2:54
11. «Through Our Love»   3:28
Bonusspor på The Paul McCartney Collection-utgåva frå 1993
# Tittel Lengd
12. «Twice in a Lifetime» (tittelsongen frå filmen med same namn frå 1985) 2:59
13. «We All Stand Together» (singel) 4:22
14. «Simple as That» (frå The Anti-Heroin Project – albumet It's A Live-In World) 4:17

2015-utgåva[endre | endre wikiteksten]

I 2015 vart albumet gjeve ut på ny av Hear Music/Concord Music Group som ein del av Paul McCartney Archive Collection. Det kom ut i fleire format:[14]

  • Standardutgåve 2-CD; det originale albumet på den eine plata og ni bonusspor på den andre
  • Luksusutgåve 2CD/1DVD + 112 siders essaybok og 64 sider med bok frå bak kamera om musikvideoen for songen «Pipes of Peace»
  • Nymastra vinyl
Plate 1 – nymastra album

Det originale albumet.

Plate 2 – bonusplate
Side ein
# Tittel Lengd
1. «Average Person» (demo) 4:05
2. «Keep Under Cover» (demo) 3:44
3. «Sweetest Little Show» (demo) 3:00
4. «It's Not On» (demo) 2:56
5. «Simple as That»   3:16
6. «Say Say Say» (2015 remix) 6:59
7. «Ode to a Koala Bear» (B-sida til «Say Say Say») 3:48
8. «Twice in a Lifetime» (Tittelsporet for filmen med same namn frå 1985) 3:02
9. «Christian Bop» (Ikkje tidlegare utgjeve) 2:03
Enno ein song var mogeleg å laste ned frå paulmccartney.com[15]
  1. «Say Say Say (Instrumental)» (2015 remix) - 3:41
Plate 3 – DVD
  1. «Pipes of Peace» musikkvideo
  2. «So Bad» musikkvideo
  3. «Say Say Say» musikkvideo
  4. «Hey Hey in Montserrat» (privatfilm, 3 min)
  5. «Behind the Scenes at AIR Studios» (ikkje utgjeven før 6 min)
  6. «The Man» (privatfilm, 4 min)

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1983–84) Plassering
Australske Kent Music Report[16] 9
Den austerrikske albumlista[17] 15
Kanadiske RPM-lista[18] 10
Den nederlandske albumlista[19] 11
Den franske SNEP-lista[20] 13
Den italienske albumlista[21] 8
Den japanske Oricon-lista[22] 5
Den newzealandske albumlista[23] 38
Norske VG-lista[24] 1
Den spanske albumlista[25] 3
Den svenske albumlista[26] 4
Den sveitsiske albumlista[27] 12
UK Albums Chart[28] 4
US Billboard 200[29] 15
Den vesttyske Media Control-lista[30] 20

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1983) Plassering
Den australske albumlista[16] 89
Den franske albumlista[31] 43
Den italienske albumlista[21] 33
UK Albums Chart[32] 33
Liste (1984) Plassering
Den australske albumlista[16] 94
Den kanadiske albumlista[33] 87
Den japanske albumlista[34] 45
Den spanske albumlista[25] 9
UK Albums Chart[35] 67
US Billboard Pop Albums[36] 98

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Canada (Music Canada)[37] Platina 100 000^
Japan (Oricon Charts) 201 000[22][34]
Storbritannia (BPI)[38] Platina 300 000^
USA (RIAA)[39] Platina 1 000 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Erlewine, Stephen Thomas. Pipes of PeaceAllmusic. Henta 22. mai 2018.
  2. Christgau, Robert. Pipes of Peace. Henta 22. mai 2018.
  3. Larkin, Colin (2006). The Encyclopedia of Popular Music (4th edn). New York, NY: Oxford University Press. s. 1257. ISBN 0-19-531373-9. 
  4. Strong, Martin C. (2006). The Essential Rock Diskografi. Edinburgh, UK: Canongate. s. 696. ISBN 978-1-84195-827-9. 
  5. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 730. ISBN 1-57859-061-2.
  6. 6,0 6,1 Hart, Ron (6. oktober 2015). «Paul McCartney: Tug of War / Pipes of Peace». Pitchfork Media. Henta 22. mai 2018. 
  7. Strowe, Jeff (2. oktober 2015). «Paul McCartney: Tug of War / Pipes of Peace». PopMatters. Henta 22. mai 2018. 
  8. Nicol, Jimmy (October 1993). «Re-releases: Paul McCartney The Paul McCartney Collection». Q. s. 119. 
  9. «Pipes of Peace». Henta 22. mai 2018. 
  10. Brackett, Nathan; Hoard, Christian (eds) (2004). The New Rolling Stone Album Guide (4th edn). New York, NY: Simon & Schuster. s. 526. ISBN 0-7432-0169-8.
  11. «Pipes of Peace - Paul McCartney - Songs, Reviews, Credits - AllMusic». Henta 22. mai 2018. 
  12. Paul McCartney: Chart History. Billboard.com. Henta 22. mai 2018.
  13. «Paul McCartney - Say Say Say». recordstoreday.com. Henta 22. mai 2018. 
  14. «Paul To Reissue 'Tug of War' and 'Pipes of Peace'». Henta 22. mai 2018. 
  15. «Downloads». Henta 22. mai 2018. 
  16. 16,0 16,1 16,2 Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  17. «Paul McCartney – Pipes of Peace – austriancharts.at» (ASP) (på tysk). Henta 22. mai 2018. 
  18. «Top Albums/CDs - Volume 39, No. 15» (PHP). RPM. 10. desember 1983. Henta 22. mai 2018. 
  19. «dutchcharts.nl Paul McCartney – Pipes of Peace» (ASP). dutchcharts.nl. MegaCharts. Henta 22. mai 2018. 
  20. «InfoPlate : Tous les Albums classés par Artiste > Choisir Un Artiste Dans la Liste» (på fransk). infodisc.fr. Arkivert frå originalen (PHP) 28. desember 2010. Henta 22. mai 2018. 
  21. 21,0 21,1 «Hit Parade Italia – Gli album più venduti del 1983» (på italiensk). hitparadeitalia.it. Henta 22. mai 2018. 
  22. 22,0 22,1 Oricon Album Chart Book: Complete Edition 1970–2005. Roppongi, Tokyo: Oricon Entertainment. 2006. ISBN 4-87131-077-9. 
  23. «charts.org.nz Paul McCartney – Pipes of Peace» (ASP). Recording Industry Association of New Zealand. Henta 22. mai 2018. 
  24. «norwegiancharts.com Paul McCartney – Pipes of Peace» (ASP). VG-lista. Henta 22. mai 2018. 
  25. 25,0 25,1 Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (1st utg.). Spain: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2. 
  26. «swedishcharts.com Paul McCartney – Pipes of Peace» (ASP). Henta 22. mai 2018. 
  27. «Paul McCartney – Pipes of Peace – hitparade.ch» (ASP) (på tysk). Henta 22. mai 2018. 
  28. «Chart Stats Paul McCartney – Pipes of Peace». The Official Charts Company. Arkivert frå originalen (PHP) 29. desember 2012. Henta 22. mai 2018. 
  29. «Allmusic: Pipes of Peace: Charts & Awards: Billboard Albums». allmusic.com. Henta 22. mai 2018. 
  30. «Album Search: Paul McCartney – Pipes of Peace» (på tysk). Media Control. Henta 22. mai 2018. 
  31. «Les Albums (CD) de 1983 par InfoPlate» (på fransk). infodisc.fr. Arkivert frå originalen (PHP) 9. februar 2012. Henta 22. mai 2018. 
  32. «UK best albums 1983». Arkivert frå originalen 29. desember 2012. Henta 22. mai 2018. 
  33. «RPM Top 100 Albums of 1984». RPM. Henta 22. mai 2018. 
  34. 34,0 34,1 1984年アルバム年間ヒットチャート «Japanese Year-End Albums Chart 1984» Check |url= value (hjelp) (på Japanese). Oricon. Henta 22. mai 2018. 
  35. «UK best albums 1984». Arkivert frå originalen 22. mai 2018. Henta 22. mai 2018. 
  36. Nielsen Business Media, Inc. «1984 Billboard Year-End». Billboard. Google Books. Henta 22. mai 2018. 
  37. «Canadian album salstrofé – Paul McCartney – Pipes of Peace». Music Canada. Henta 22. mai 2018. 
  38. «British album salstrofé – Paul McCartney – Pipes of Peace». British Phonographic Industry. Henta 22. mai 2018.  Enter Pipes of Peace in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  39. «American album salstrofé – Paul McCartney – Pipes of Peace». Recording Industry Association of America. Henta 22. mai 2018.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH