Venus and Mars av Wings

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Venus and Mars
Studioalbum av Wings
Utgjeve 27. mai 1975
Innspelt 5–13. november 1974; 20. januar – 20. februar 1975
Studio Abbey Road Studios i London
Sea-Saint Studios i New Orleans
Wally Heider Studios i Los Angeles
Sjanger Rock
Lengd 43:11
Selskap Capitol
Produsent Paul McCartney
Wings-kronologi
Band on the Run
(1973)
Venus and Mars Wings at the Speed of Sound
(1976)
Singlar frå Venus and Mars
  1. «Listen to What the Man Said»
    Utgjeve: 16. mai 1975
  2. «Letting Go»
    Utgjeve: 4. oktober 1975
  3. «Venus and Mars/Rock Show»
    Utgjeve: 27. oktober 1975
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]
Robert ChristgauB+[2]
Classic Rock8/10[3]
The Essential Rock Diskografi6/10[4]
Mojo4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[5]
MusicHound2/5[6]
Q2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[7]
Record Collector3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[8]
Rolling Stone(unfavourable)[9]
The Rolling Stone Album Guide3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[10]

Venus and Mars er det fjerde studioalbumet til Wings. Det kom ut i 1975 som oppfølgjaren til suksessalbumet Band on the Run. Venus and Mars fortsette suksessen og vart eit springbrett for ein eitt år lang verdsturné. Albumet var det første til Paul McCartney som kom ut på Capitol Records.

Bakgrunn og innspeling[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha spelt inn Band on the Run (1973) som eit tremannsband med kona Linda og gitaristen Denny Laine, henta McCartney inn Jimmy McCulloch på sologitar og Geoff Britton på trommer i 1974. McCartney hadde skrive fleire songar for det nye albumet, og valte å dra til New Orleans for å spele inn songane, og Wings kom dit i januar 1975. Før dei drog til New Orleans hadde Wings spelt inn tre songar i Abbey Road Studios i London i november 1974: «Letting Go», «Love In Song» og «Medicine Jar», som alle seinare vart overdubba i Sea Saint Studios mellom januar og februar.[11]

Så snart innspelinga kom i gang byrja McCulloch og Britton å krangle, og etter berre seks månader slutta Britton i bandet. Han vart erstatta av amerikanaren Joe English for å gjere albumet ferdig.[12]

Innspelinga vart produktiv med nok songar til heile albumet, i tillegg til fleire andre songar som vart framtidige B-sider, «Lunch Box/Odd Sox» og «My Carnival». McCartney valte òg å lenkje fleire av songane saman, slik The Beatles hadde gjort på Abbey Road, for å gje albumet ei meir kontinuerleg kjensle.[13]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Før albumet kom ut kom singelen «Listen to What the Man Said» i mai 1975. Venus and Mars kom ut to veker seinare til generell god kritikk og selde godt.[14] Albumet gjekk til topps i USA, Storbritannia og fleire andre land i verda (det same gjorde «Listen to What the Man Said» i USA) og selde fire millionar eksemplar verda over.[3]

Plateomslaget, som syner to biljardkuler, som skal førestille Venus og Mars, vart designa av Hipgnosis.[15]

To singlar til, «Letting Go» og «Venus and Mars/Rock Show», kom ut. Sistnemnde nådde nesten Topp 10 i USA,[16] men gjekk ikkje inn på singellista i Storbritannia i det heile.

I september la Wings ut på den eitt år lane Wings Over the World-turneen.[17]

albumet kom først ut på CD i 1983 på Columbia Records. I 1993 vart albumet nymastra og gjeven ut på CD som ein del av serien «The Paul McCartney Collection» med bonusspor. I 2007 kom ei digital utgåve av albumet på iTunes med dei same bonusspora. I 2014 kom albumet ut på Hear Music/Concord Music Group i fleire forskjellige format.[18]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Paul og Linda McCartney, utanom der andre er nemnde.. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Venus and Mars»   1:16
2. «Rock Show»   5:31
3. «Love in Song»   3:04
4. «You Gave Me the Answer»   2:15
5. «Magneto and Titanium Man»   3:16
6. «Letting Go»   4:33
Side to
# Tittel Lengd
7. «Venus and Mars (Reprise)»   2:05
8. «Spirits of Ancient Egypt» (sungen av Denny Laine) 3:04
9. «Medicine Jar» (Jimmy McCulloch, Colin Allen, sungen av McCulloch) 3:37
10. «Call Me Back Again»   4:58
11. «Listen to What the Man Said»   4:01
12. «Treat Her Gently - Lonely Old People»   4:21
13. «Crossroads Theme» (Tony Hatch) 1:00

Andre spor[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Paul & Linda McCartney. 

Bonusspor på utgåvene frå 1987 og 1993
# TittelMerknad Lengd
14. «Zoo Gang»  Kjenningsmelodi frå TV-serien The Zoo Gang 2:01
15. «Lunch Box / Odd Sox»  B-side til singelen «Coming Up» i 1980 3:50
16. «My Carnival»  B-side til «Spies Like Us» i 1985 3:57
Eksklusivt iTunes-spor
# TittelMerknad Lengd
17. «My Carnival» (12" Party Mix (miksa av Gary Langan))Tidlegare på 12" maxi-singel av «Spies Like Us» 6:02

2014-utgåva[endre | endre wikiteksten]

  • Standardutgåve 2-CD; det originale albumet og 14 bonusspor på den andre plata.
  • Luksusutgåve 2-CD/1-DVD;
    • same som standardutgåva på dei to CD-platene
    • ei bok på 128 sider med nytt intervju med Paul McCartney og mange fotografi tekne av Linda McCartney og Aubrey Powell (kalla «Nashville Diary 1975») og anna
    • ein DVD med innhald som ikkje var utgjeven før, inkludert ein oiginal TV-reklame for albumet, klipp av bandet i New Orleans («Recording My Carnival» og «Bon Voyageur») og øvingar frå songane frå Venus and Mars i Elstree Studios («Wings At Elstree»);
    • lenkje til nedlasting av albumet og bonusspor.
  • Nymastra vinyl
  • Høgoppløysleg digitalt album

Plate 1 Det originale albumet

Plate 2 – bonusspor

# Tittel Lengd
1. «Junior's Farm»   4:23
2. «Sally G»   3:40
3. «Walking in the Park with Eloise» (Jim McCartney) 3:10
4. «Bridge on the River Suite» (Country Hams) 3:11
5. «My Carnival»   3:59
6. «Going To New Orleans (My Carnival)»   2:07
7. «Hey Diddle» (Ernie Winfrey Mix) 3:51
8. «Let's Love»   2:05
9. «Soily» (frå One Hand Clapping) 3:57
10. «Baby Face» (frå One Hand Clapping - Harry Akst, Benny Davis) 1:43
11. «Lunch Box/Odd Sox»   3:55
12. «4th of July»   3:49
13. «Rock Show» (gammal versjon) 7:09
14. «Letting Go» (singelmiks) 3:36

Plate 3 – DVD

  1. «Recording My Carnival»
  2. «Bon Voyageur»
  3. «Wings at Elstree»
  4. «Venus and Mars TV Ad»

Andre digitale spor tilgjengeleg via paulmccartney.com

  1. «Letting Go [Extended Version]» – 5:39
  2. «Love My Baby [from One Hand Clapping]» – 1:16
  3. «Rock Show [New Version]» – 6:31

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1975–76) Plassering
Australske Kent Music Report Chart[19] 2
Den kanadiske RPM-lista[20] 1
Den nederlandske albumlista[21] 5
Den franske SNEP-lista [22] 1
Den italienske albumlista[23] 11
Den japanske Oricon-lista[24] 9
Den newzealandske albumlista [25] 1
Den norske VG-lista[26] 1
Den spanske albumlista[27] 1
Den svenske albumlista[28] 2
UK Albums Chart[29] 1
US Billboard 200[30] 1
Den vesttyske Media Control-lista[31] 11

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1975) Plassering
Den australske albumlista[19] 8
Den kanadiske albumlista[32] 5
Den nederlandske albumlista[33] 27
Den franske albumlista[34] 66
Den italienske albumlista[23] 33
Den japanske albumlista[35] 33
UK Albums Chart[36] 5
US Billboard Year-End[37] 57
Liste (1976) Plassering
US Billboard Year-End[38] 45

Salstrofé og salstal[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Canada (Music Canada)[39] Platina 100 000^
Japan (Oricon Charts) 152,000[24]
Storbritannia (BPI)[40] Platina 300 000^
USA (RIAA)[41] Platina 1 000 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Venus and Mars av WingsAllmusic
  2. «Robert Christgau: Album: Wings». Henta 17. oktober 2011. 
  3. 3,0 3,1 Sexton, Paul (October 2014). «Wings Reissues». Classic Rock. s. 97. 
  4. Strong, Martin C. (2006). The Essential Rock Diskografi. Edinburgh, UK: Canongate. s. 696. ISBN 978-1-84195-827-9. 
  5. Doyle, Tom (November 2014). «Wings Venus and Mars». Mojo. s. 111. 
  6. Graff; Durchholz 1999, s. 731
  7. Nicol, Jimmy (October 1993). «Re-releases: Paul McCartney The Paul McCartney Collection». Q. s. 119. 
  8. Staunton, Terry (October 2014). «Wings Venus and Mars / Wings at the Speed of Sound». Record Collector. s. 99. 
  9. Nelson, Paul (31. juli 1975). «Venus and Mars | Album Reviews». Rolling Stone. Henta 20. mai 2018. 
  10. «Paul McCartney: Album Guide». rollingstone.com. Arkivert frå originalen 4. juli 2014. Henta 20. mai 2018. 
  11. Perasi 2013, pp. 123–125
  12. Wingspan, 2001
  13. «McCartney & Wings – Venus And Mars». Superseventies.com. Henta 20. mai 2018. 
  14. McCartney: Songwriter ISBN 0-491-03325-7 s. 117
  15. Thorgerson, S: Hipgnosis • Walk Away René, page 40. Paper Tiger, 1978.
  16. «Paul McCartney singles». AllMusic. Henta 20. mai 2018. 
  17. McCartney: Songwriter ISBN 0-491-03325-7 s. 118
  18. http://www.paulmccartney.com/news-blogs/wings-reissue-venus-and-mars-and-at-the-speed-of-sound
  19. 19,0 19,1 Kent 1993
  20. «Top Albums/CDs – Volume 23, No. 22». RPM. 26. juli 1975. Henta 20. mai 2018. 
  21. «dutchcharts.nl Wings – Venus and Mars». dutchcharts.nl (på nederlandsk). MegaCharts. Henta 20. mai 2018. 
  22. «InfoPlate : Tous les Albums classés par Artiste – Choisir Un Artiste Dans la Liste : Wings» (på fransk). infodisc.fr. Arkivert frå originalen 20. mai 2018. Henta 20. mai 2018. Note: user must select 'Wings' from drop-down.
  23. 23,0 23,1 «Hit Parade Italia – Gli album più venduti del 1975» (på italiensk). hitparadeitalia.it. Henta 20. mai 2018. 
  24. 24,0 24,1 Oricon Album Chart Book: Complete Edition 1970–2005. Roppongi, Tokyo: Oricon Entertainment. 2006. ISBN 4-87131-077-9. 
  25. «charts.org.nz – Wings – Venus and Mars». Recording Industry Association of New Zealand. Henta 20. mai 2018. 
  26. «norwegiancharts.com Wings – Venus and Mars». Henta 20. mai 2018. 
  27. Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (1st utg.). Spain: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2. 
  28. «Swedish Charts 1972–1975 (in PDF-files)» (PDF) (på svensk). Hitsallertijden. Henta 3. mars 2012. 
  29. «Artist: Paul McCartney». Official Chart Company. Henta 120. mai 2018. 
  30. «Venus and Mars – Charts & Awards – Billboard Albums». Allmusic. Henta 20. mai 2018. 
  31. «Album Search: Wings – Venus and Mars» (på German). Media Control. Henta 20. mai 2018. 
  32. «RPM Top 100 Albums of 1975». RPM. 27. desember 1975. Henta 20. mai 2018. 
  33. «Dutch charts jaaroverzichten 1975» (ASP) (på nederlandsk). Henta 20. mai 2018. 
  34. «Les Albums (CD) de 1975 par InfoPlate» (på fransk). infodisc.fr. Arkivert frå originalen (PHP) 11. juli 2013. Henta 20. mai 2018. 
  35. ????????????? 1975?(??50?) [Japanese Year-End Albums Chart 1975] (på Japanese). Oricon. Henta 20. mai 2018. 
  36. «The Official UK Charts Company : ALBUM CHART HISTORY». Arkivert frå originalen 20. mai 2018. Henta 20. mai 2018. 
  37. «Top Pop Albums of 1975». billboard.biz. Henta 20. mai 2018. 
  38. «Top Pop Albums of 1976». Arkivert frå originalen 26. september 2007. Henta 26. september 2007. 
  39. «Canadian album salstrofé – Wings – Venus and Mars». Music Canada. 
  40. «British album salstrofé – Wings – Venus and Mars». British Phonographic Industry.  Enter Venus and Mars in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  41. «American album salstrofé – Wings – Venus». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH