Wings at the Speed of Sound

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Wings at the Speed of Sound
Studioalbum av Wings
Utgjeve 25. mars 1976
Innspelt September 1975, 5. januar–4. februar 1976
Studio Abbey Road Studios i London
Sjanger Poprock
Lengd 46:36
Selskap Capitol
Produsent Paul McCartney
Wings-kronologi
Venus and Mars
(1975)
Wings at the Speed of Sound Wings over America
(1976)
Singlar frå Wings at the Speed of Sound
  1. «Silly Love Songs»
    Utgjeve: 1. april 1976
  2. «Let 'Em In»
    Utgjeve: 28. juni 1976
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]
Robert ChristgauB–[2]
Classic Rock7/10[3]
The Essential Rock Diskografi4/10[4]
MusicHound2/5[5]
PopMatters5/10 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[6]
Q1/5 starsStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[7]
Record Collector3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[8]
The Rolling Stone Album Guide3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[9]

Wings at the Speed of Sound er det femte studioalbumet til Wings, gjeve ut 25. mars 1976 som oppfølgjaren til Venus and Mars. Det kom ut medan bandet var på sitt mest populære og nådde toppen av den amerikanske albumlista og andreplassen på den britiske. Begge singlane frå albumet nådde Topp 5 på både den amerikanske og britiske singellista, og «Silly Love Songs» gjekk heilt til topps i USA.

Albumet vart spelt inn og kom ut midt under den særs suksessrike Wings over the World-turneen til bandet og songar frå albumet vart spelte på turneen etter albumet kom ut. Versjonar av «Let 'Em In», «Silly Love Songs» og «Beware My Love» vart gjevne ut på konsertalbumet Wings over America, som kom i desember 1976.

Som ein reaksjon til kritikarane som meinte at Wings berre var eit band for Paul McCartney, song alle medlemmane i bandet minst ein song kvar på albumet, og to av songane på albumet er skrivne av andre medlemmar enn McCartney-paret, eller i lag med dei.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Etter ei rekkje konsertar i Australia i november 1975, tok Wings ein pause frå turneen for å feriere med familiane sine, og i januar 1976 leigde dei tid i Abbey Road Studios i London for å spele inn Wings at the Speed of Sound. Det var det første albumet McCartney hadde spelt inn i England aleine sidan Red Rose Speedway. På grunn av turneen fekk ikkje Wings høve til å spele inn andre stader. Mot slutten av februar var albumet fullført og Wings drog ut på turné att.

Utgjeving og mottaking[endre | endre wikiteksten]

Wings at the Speed of Sound kom ut seint i mars 1976 og fekk ikkje så god omtale som dei førre albuma av pressa. Albumet selde likevel godt og nådde andreplassen i Storbritannia (og vart det fjerde mestselde albumet i Storbritannia i 1976). I USA låg albumet sju veker på toppen av albumlista gjennom sommaren. Wings at the Speed of Sound selde 3,5 millionar eksemplar verda over.

Mykje av suksessen til albumet kom av dei to store hitsinglane. «Silly Love Songs» kom ut i april 1976 og vart ein av dei mestseljande singlane det året. Dette vart følgd opp i juli av «Let 'Em In», som òg gjekk høgt på singellistene.

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

I 1993 vart Wings at the Speed of Sound nymastra og gjeve ut på CD som ein del av serien The Paul McCartney Collection. Det kom då med bonusspora «Walking in the Park with Eloise» av The Country Hams, B-sidene «Bridge on the River Suite» og «Sally G» . Alle desse var spelte inn i Nashville i 1974.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Paul McCartney og Linda McCartney, utanom der andre er nemnde. 

Side ein
# TittelSolovokal Lengd
1. «Let ’Em In»  P. McCartney 5:10
2. «The Note You Never Wrote»  Denny Laine 4:21
3. «She’s My Baby»  P. McCartney 3:08
4. «Beware My Love»  P. McCartney, Linda McCartney 6:28
5. «Wino Junko» (Jimmy McCulloch, Colin Allen)Jimmy McCulloch 5:21
Side to
# TittelSolovokal Lengd
6. «Silly Love Songs»  P. McCartney, L. McCartney, Denny Laine 5:54
7. «Cook of the House»  L. McCartney 2:39
8. «Time to Hide» (Denny Laine)D. Laine 4:32
9. «Must Do Something About It»  Joe English 3:43
10. «San Ferry Anne»  P. McCartney 2:07
11. «Warm and Beautiful»  P. McCartney 3:13
46:36
Bonusspor på CD-utgåvene frå 1987 og 1993
# Tittel Lengd
12. «Walking in the Park with Eloise» (innspelt i Nashville som ‘The Country Hams’) 3:07
13. «Bridge on the River Suite» (innspelt i Nashville som ‘The Country Hams’) 3:12
14. «Sally G» (B-side til «Junior's Farm») 3:37

2014-utgåva[endre | endre wikiteksten]

I november 2014 vart albumet gjeve ut på ny av Hear Music/Concord Music Group i rekkje forskjellige utgåver:[10]

  • Standardutgåve: 2-CD; det originale albumet på den førsteplata og sju bonusspor på den andre
  • Luksusutgåve: 2-CD/1-DVD; CD-ane har same innhaldet som standardutgåva, ei bok med fotografi og nye intervju med McCartney. DVD-en inneheld filmklipp frå tida då albumet kom ut og vart spelt inn.
  • Nymastra vinyl
  • Høgoppløyseleg digitalt album.
Plate to - Bonusplate
# Tittel Lengd
1. «Silly Love Songs» (demo) 2:44
2. «She’s My Baby» (demo) 3:46
3. «Message to Joe»   0:24
4. «Beware My Love» (John Bonham-versjonen) 5:35
5. «Must Do Something About It» (Paul-versjonen) 3:37
6. «Let ’Em In» (demo) 4:18
7. «Warm and Beautiful» (instrumental demo) 1:27
Plate tre - DVD
# Tittel Lengd
1. «Silly Love Songs» (musikkvideo)  
2. «Wings over Wembley»    
3. «Wings in Venice»    

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1976–77) Plassering
Australske Kent Music Report Chart[11] 2
Canadian RPM 100 Top Albums Chart[12] 1
Den nederlandske albumlista[13] 3
Den franske SNEP-lista [14] 1
Den italienske albumlista[15] 8
Den japanske Oricon-lista [16] 4
Den newzealandske albumlista[17] 2
Den norske VG-lista[18] 2
Den spanske albumlista[19] 15
Den svenske albumlista[20] 7
UK Albums Chart[21] 2
US Billboard 200[22] 1
Den vesttyske Media Control-lista[23] 32

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1976) Plassering
Den australske albumlista[11] 9
Den kanadiske albumlista[24] 2
Den nederlandske albumlista[25] 26
Den franske albumlista[26] 4
Den italienske albumlista[15] 37
Den japanske albumlista[27] 40
UK Albums Chart[28] 10
US Billboard Pop Albums[29] 3

Sal og salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Frankrike (SNEP)[30] Gull 343,900[31]
Japan (Oricon Charts) 79,000[16]
Storbritannia (BPI)[32] Gull 100 000^
USA (RIAA)[33] Platina 1 000 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Erlewine, Stephen Thomas. Wings at the Speed of SoundAllmusic. Henta 20. mai 2018.
  2. Christgau, Robert (14. juni 1976). «Christgau's Consumer Guide». The Village Voice (New York). Henta 20. mai 2018. 
  3. Sexton, Paul (October 2014). «Wings Reissues». Classic Rock. s. 97. 
  4. Strong, Martin C. (2006). The Essential Rock Diskografi. Edinburgh, UK: Canongate. s. 696. ISBN 978-184195-827-9. 
  5. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 731. ISBN 1-57859-061-2.
  6. Bergstrom, John (1. desember 2014). «Paul McCartney and Wings: Wings at the Speed of Sound». PopMatters. Henta 13. desember 2014. 
  7. Nicol, Jimmy (October 1993). «Re-releases: Paul McCartney The Paul McCartney Collection». Q. s. 119. 
  8. Staunton, Terry (October 2014). «Wings Venus and Mars / Wings at the Speed of Sound». Record Collector. s. 99. 
  9. «Paul McCartney: Album Guide». rollingstone.com. Arkivert frå originalen 4. juli 2014. Henta 20. mai 2018. 
  10. http://www.paulmccartney.com/news-blogs/wings-reissue-venus-and-mars-and-at-the-speed-of-sound
  11. 11,0 11,1 Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  12. «Top Albums/CDs - Volume 25, No. 9» (PHP). RPM. 29. mai 1976. Henta 20. mai 2018. 
  13. «dutchcharts.nl Wings - At The Speed Of Sound». dutchcharts.nl (på nederlandsk). MegaCharts. Henta 20. mai 2018. 
  14. «InfoPlate : Tous les Albums classés par Artiste > Choisir Un Artiste Dans la Liste : Wings» (på fransk). infodisc.fr. Arkivert frå originalen 20. mai 2018. Henta 20. mai 2018. Note: user must select 'Wings' from drop-down.
  15. 15,0 15,1 «Hit Parade Italia - Gli album più venduti del 1976» (på italiensk). hitparadeitalia.it. Henta 20. mai 2018. 
  16. 16,0 16,1 Oricon Album Chart Book: Complete Edition 1970-2005. Roppongi, Tokyo: Oricon Entertainment. 2006. ISBN 4-87131-077-9. 
  17. «charts.org.nz - Wings - At The Speed Of Sound». Recording Industry Association of New Zealand. Henta 20. mai 2018. 
  18. «norwegiancharts.com Wings - At The Speed Of Sound». Henta 20. mai 2018. 
  19. Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (1st utg.). Spain: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2. 
  20. «swedishcharts.com Wings - At The Speed Of Sound» (på svensk). Sverigetopplistan. Henta 20. mai 2018. 
  21. «Artist: Paul McCartney». Official Chart Company. Henta 120. mai 2018. 
  22. «Allmusic: Wings at the Speed of Sound: Charts & Awards: Billboard Albums». allmusic.com. Henta 20. mai 2018. 
  23. «Album Search: Wings - At The Speed Of Sound» (på German). Media Control. Henta 20. mai 2018. 
  24. «RPM Top 100 Albums of 1976». RPM. Henta 20. mai 2018. 
  25. «Dutch charts jaaroverzichten 1976» (ASP) (på nederlandsk). Henta 20. mai 2018. 
  26. «Les Albums (CD) de 1976 par InfoPlate» (PHP) (på fransk). infodisc.fr. Henta 20. mai 2018. 
  27. ????????????? 1976?(??51?) [Japanese Year-End Albums Chart 1976] (på Japanese). Oricon. Henta 20. mai 2018. 
  28. «The Official UK Charts Company : ALBUM CHART HISTORY». Arkivert frå originalen 17. desember 2007. Henta 17. desember 2007. 
  29. «Billboard.com - Year End Charts - Year-end Albums - The Billboard 200». Arkivert frå originalen 11. desember 2007. Henta 11. desember 2007. 
  30. «French album salstrofé – Wings – Wings at the Speed of Sound» (på fransk). Syndicat National de l'Édition Phonographique. 
  31. «Les Albums Or». infodisc.fr. SNEP. Arkivert frå originalen 1. september 2012. Henta 3. oktober 2011. 
  32. «British album salstrofé – Wings – Wings at the Speed of Sound». British Phonographic Industry.  Enter Wings at the Speed of Sound in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  33. «American album salstrofé – Wings – Wings at the Speed of Sound». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH