Unplugged (The Official Bootleg)
Unplugged (The Official Bootleg) Konsertalbum av Paul McCartney | ||
Utgjeve | 20. mai 1991 (Storbritannia) 4. juni 1991 (USA) | |
Innspelt | 25. januar 1991 | |
Sjanger | akustisk rock, blues | |
Lengd | 58:29 | |
Selskap | Parlophone | |
Produsent | Joel Gallen (TV-produsent for MTV) Innspelt av Geoff Emerick | |
Paul McCartney-kronologi | ||
---|---|---|
Tripping the Live Fantastic (1990) |
Unplugged (The Official Bootleg) | Paul McCartney's Liverpool Oratorio (1991)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Encyclopedia of Popular Music | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
The Essential Rock Diskografi | 6/10[3] |
The Rolling Stone Album Guide | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Unplugged (The Official Bootleg) er eit akustisk konsertalbum av Paul McCartney, spelt inn og gjeve ut i 1991. Det kom ut etter ein omfattande turné og konsertalbumet Tripping the Live Fantastic. McCartney fekk høve til å framføre songane i eit enkelt og akustisk arrangement for MTV Unplugged. McCartney vart slik den første i ei lang rekkje artistar som gav ut slike akustiske album.[5]
Innhaldsliste
Framføringa[endre | endre wikiteksten]
I motsetnad til andre artistar som spelte på showet med akustiske instrument plugga til forsterkarar (som skapte lyden ein høyrde), var instrumenta til McCartney heilt fråkopla. Mikrofonar vart nøye sett opp nær gitarar, piano osv. for å fange lyden.
McCartney brukte den same besetninga som nyleg hadde spelt for han på turneen (utanom Blair Cunningham som hadde erstatta Chris Whitten), og brukte høvet til å børste støv av nokre av dei sjeldnare songane sine, inkludert tre songar frå debutplata hans i 1970, McCartney, i tillegg til fleire coverlåtar og nokre kjende Beatles-songar.
Utgjeving[endre | endre wikiteksten]
Med McCartney i ei laus og ledig framføring, vart Unplugged (The Official Bootleg) varmt motteke av kritikarane.
Dei første utgåvene av albumet var avgrensa og nummererte. Seinare på 1990-talet kom albumet ut meir permanent. Då det kom ut første gongen nådde albumet sjuandeplassen på den britiske albumlista og 14. plassen i USA, den høgaste plasseringa hans der på nesten ti år.
Innhald[endre | endre wikiteksten]
Side ein | |||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
# | Tittel | Lengd | |||||||
1. | «Be-Bop-A-Lula» | 4:04 | |||||||
2. | «I Lost My Little Girl» | 1:45 | |||||||
3. | «Here, There and Everywhere» | 3:16 | |||||||
4. | «Blue Moon of Kentucky» | 4:21 | |||||||
5. | «We Can Work It Out» | 2:48 | |||||||
6. | «San Francisco Bay Blues» | 3:29 | |||||||
7. | «I've Just Seen a Face» | 3:01 | |||||||
8. | «Every Night» | 3:24 | |||||||
9. | «She's a Woman» | 3:39 |
Side to | |||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
# | Tittel | Lengd | |||||||
1. | «Hi-Heel Sneakers» | 4:08 | |||||||
2. | «And I Love Her» | 4:17 | |||||||
3. | «That Would Be Something» | 4:02 | |||||||
4. | «Blackbird» | 2:09 | |||||||
5. | «Ain't No Sunshine» | 4:05 | |||||||
6. | «Good Rockin' Tonight» | 3:42 | |||||||
7. | «Singing the Blues» | 3:46 | |||||||
8. | «Junk» | 2:26 |
Medverkande[endre | endre wikiteksten]
- Paul McCartney – akustisk gitar, vokal, trommer på «Ain't No Sunshine»
- Linda McCartney – indisk harmonium, perkusjon, harmonivokal på «And I Love Her»
- Hamish Stuart – akustisk bassgitar, akustisk gitar og solovokal på «And I Love Her» og «Ain't No Sunshine»
- Robbie McIntosh – akustisk gitar, dobro, vokal, piano på «Ain't No Sunshine»
- Paul «Wix» Wickens – piano, klaverinstrument, trekkspel, perkusjon, vokal, akustisk bass på «Ain't No Sunshine»
- Blair Cunningham – trommer, perkusjon, vokal
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Unplugged (The Official Bootleg)» frå Wikipedia på engelsk, den 23. mai 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Erlewine, Stephen Thomas. Unplugged (The Official Bootleg) på Allmusic
- ↑ Larkin, Colin (2006). The Encyclopedia of Popular Music (4th edn). New York, NY: Oxford University Press. s. 1257. ISBN 0-19-531373-9.
- ↑ Strong, Martin C. (2006). The Essential Rock Diskografi. Edinburgh, UK: Canongate. s. 696. ISBN 978-1-84195-827-9.
- ↑ Randall, Mac; Brackett, Nathan; Hoard, Christian (eds) (2004). The New Rolling Stone Album Guide (4th edn). New York, NY: Simon & Schuster. s. 526. ISBN 0-7432-0169-8.
- ↑ http://www.history.com/this-day-in-history/mtv-unplugged-premieres