Press to Play

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Press to Play
Studioalbum av Paul McCartney
Utgjeve 25. august 1986
Innspelt Mars-mai 1985 i McCartney sitt studio i Sussex, og oktober-desember 1985 i dei skotske studioa til McCartney
Sjanger
Lengd 45:11
Selskap Parlophone (UK)
Capitol (US)
Produsent Paul McCartney, Hugh Padgham
Paul McCartney-kronologi
Give My Regards to Broad Street
(1984)
Press to Play All the Best!
(1987)
Singlar frå Press to Play
  1. «Press»
    Utgjeve: 14. juli 1986
  2. «Pretty Little Head»
    Utgjeve: 27. oktober 1986 (berre Storbritannia)
  3. «Stranglehold»
    Utgjeve: 29. oktober 1986 (berre USA)
  4. «Only Love Remains»
    Utgjeve: 1. desember 1986
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2.5/5 starsStar full.svgStar half.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]
Chicago Tribune(middels)[2]
Encyclopedia of Popular Music2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[3]
The Essential Rock Diskografi4/10[4]
Los Angeles Times(negativ)[5]
Q2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[6]
Rolling Stone(positiv)[7]
The Rolling Stone Album Guide2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[8]
Stylus Magazine(middels)[9]

Press to Play er det sjette soloalbumet til den engelske musikaren Paul McCartney, utgjeve i august 1986. Det var det første albumet til McCartney med ny musikk sidan Pipes of Peace i 1983, og det første soloalbumet hans som vart gjeve ut internasjonalt på EMI. Etter dårleg kritikk for musikalfilmen Give My Regards to Broad Street i 1984, ønskte McCartney å slå attende, og henta inn produsenten Hugh Padgham, som hadde vore produsent for Peter Gabriel, Phil Collins, Genesis, The Human League, The Police og XTC, for å gje albumet ein moderne stil.

Press to Play fekk blanda kritikk då det kom ut og fram til då hadde ingen tidlegare album av McCartney seld så svakt. Det nådde ikkje Topp 20 i Amerika, men klarte ein åttandeplass i Storbritannia på albumlista der. Det selde òg til gullplate i Storbritannia i september 1986.[10] Det vart gjeve ut fire singlar frå Press to Play: «Press», «Pretty Little Head», «Stranglehold» og «Only Love Remains». «Press» vart ein liten hit og nådde 21. plassen i USA. I musikkvideoen kan ein sjå McCartney vandre rundt på Piccadilly Circus stasjon i London, tar undergrunnsbanen og snakkar med folk der.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Det var fleire gjestemusikarar på albumet, som 10cc-gitaristen Eric Stewart, som var medlåtskrivar på seks av ti songar på albumet. Andre musiakrar var The Who-gitaristen Pete Townshend, Genesis-trommisen og vokalisten Phil Collins og Split Enz-klaverspelaren Eddie Rayner. Carlos Alomar spelte òg gitar på fleire songar.[11]

Plateomslaget[endre | endre wikiteksten]

På plateomslaget kan ein sjå Paul McCartney og den dåverande kona Linda McCartney. Fotografiet vart teken av George Hurrell med det same bokskameraet han brukte i Hollywood i 1930- og 1940-åra.[12] Hurrell var kjend for å ta bilete av filmstjerner på den tida, som Clark Gable og Greta Garbo, og plateomslaget var meint å hylle desse.[13]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

«Press» er ein glatt popsong som kom ut i juli 1986 og vart den einaste hitten frå albumet. Sjølve Press to Play kom ut 25. august i USA[14] og 1. september i Storbritannia.[15] Det fekk lunkne meldingar[16] og selde ikkje særskild godt til å vere McCartney.[17]

Albumet nådde åttandeplassen i Storbritannia, og var berre ei kort stund på lista, medan det berre nådde 30. plassen i USA og berre selde kring 250 000 eksemplar.[18] Dei neste singlane, «Pretty Little Head» og «Only Love Remains», selde dårleg.

I 1993 vart Press to Play nymastra og gjeve ut på CD som ein del av serien The Paul McCartney Collection. Hitten «Spies Like Us» frå 1985 og ein alternativ miks av «Once Upon a Long Ago» kom med som bonusspor.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Paul McCartney og Eric Stewart, utanom der andre er nemnde.

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Stranglehold»   3:36
2. «Good Times Coming/Feel the Sun»   4:44
3. «Talk More Talk»   5:18
4. «Footprints»   4:32
5. «Only Love Remains»   4:13
Side to
# Tittel Lengd
1. «Press»   4:43
2. «Pretty Little Head»   5:14
3. «Move Over Busker»   4:05
4. «Angry»   3:36
5. «However Absurd»   4:56
Bonusspor på den første CD-utgåva
# Tittel Lengd
11. «Write Away»   3:00
12. «It's Not True» (remix) 5:53
13. «Tough on a Tightrope»   4:42
Bonusspor på 1993-utgåva
# Tittel Lengd
14. «Spies Like Us»   4:45
15. «Once Upon a Long Ago» (Long version) 4:37
Bonusspor på iTunes-utgåva
# Tittel Lengd
16. «Press» (12" Bevans/Forward dub mix) 6:31

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Produksjon
  • Paul McCartney – produsent
  • Hugh Padgham – produsent
  • Hugh Padgham – lydteknikar
  • Tony Clark – assisterande lydteknikar
  • Jon Kelly – assisterande lydteknikar
  • Peter Mew – assisterande lydteknikar
  • Matt Howe – assisterande lydteknikar
  • Steve Jackson – assisterande lydteknikar
  • Haydn Bendall – assisterande lydteknikar
  • Hugh Padgham – miksing utanom «Press» miksa av Bert Bevans og Steve Forward; og «It's Not True» miksa av Julian Mendelsohn.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1986) Plassering
Australske Kent Music Report[19] 22
Kanadiske RPM-lista[20] 28
Den nederlandske albumlista[21] 21
Den italienske albumlista[22] 10
Den japanske Oricon-lista [23] 11
Den norske VG-lista[24] 8
Den spanske albumlista[25] 12
Den svenske albumlista[26] 17
Den sveitsiske albumlista[27] 28
UK Albums Chart[28] 8
US Billboard 200[29] 30
Den vesttyske Media Control-lista[30] 30

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1986) Plassering
Den italienske albumlista[22] 52

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Japan (Oricon Charts) 81,000[23]
Storbritannia (BPI)[31] Gull 100 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Erlewine, Stephen Thomas. «Paul McCartney Press to Play». AllMusic. Henta 22. mai 2018. 
  2. Van Matre, Lynn (12. september 1986). «No Silly Love Songs On 'Press To Play'». Chicago Tribune. Henta 22. mai 2018. 
  3. Larkin, Colin (2006). The Encyclopedia of Popular Music (4th edn). New York, NY: Oxford University Press. s. 1257. ISBN 0-19-531373-9. 
  4. Strong, Martin C. (2006). The Essential Rock Diskografi. Edinburgh, UK: Canongate. s. 696. ISBN 978-1-84195-827-9. 
  5. Atkinson, Terry (31. august 1986). «Paul: Signs Of Hope Before The Letdown». Los Angeles Times. Henta 22. mai 2018. 
  6. Nicol, Jimmy (October 1993). «Re-releases: Paul McCartney The Paul McCartney Collection». Q. s. 119. 
  7. {{cite web|url=https://www.rollingstone.com/music/albumreviews/press-to-play-19861023%7Cauthor=DeCurtis, Anthony|title=Paul McCartney Press To Play|work=Rolling Stone|date=23. oktober 1986|accessdate=22. mai 2018}
  8. Randall, Mac; Brackett, Nathan; Hoard, Christian (eds) (2004). The New Rolling Stone Album Guide (4th edn). New York, NY: Simon & Schuster. s. 526. ISBN 0-7432-0169-8.
  9. Soto, Alfred (8. februar 2005). «Press to Play – On Second Thought». Stylus Magazine. Henta 22. mai 2018. 
  10. «Paul McCartney: Artist: Official Charts». Official Chart Company. Henta 22. mai 2018.
  11. Luca Perasi, Paul McCartney: Recording Sessions (1969–2013), L.I.L.Y. Publishing, 2013, ISBN 978-88-909122-1-4, pp.245–258.
  12. «Paul McCartney – Press To Play (CD, Album) at Discogs». Discogs.com. Henta 7. juni 2012. 
  13. http://www.discogs.com/Paul-McCartney-Press-To-Play/release/2571018
  14. Madinger, Chip; Easter, Mark (2000). Eight Arms to Hold You: The Solo Beatles Compendium. Chesterfield, MO: 44.1 Productions. s. 601. ISBN 0-615-11724-4. 
  15. Badman, Keith (2001). The Beatles Diary Volume 2: After the Break-Up 1970–2001. London: Omnibus Press. s. 376. ISBN 978-0-7119-8307-6. 
  16. Madinger, Chip; Easter, Mark (2000). Eight Arms to Hold You: The Solo Beatles Compendium. Chesterfield, MO: 44.1 Productions. s. 281, 291. ISBN 0-615-11724-4. 
  17. Sounes, Howard (2010). Fab: An Intimate Life of Paul McCartney. London: HarperCollins. s. 405–06. ISBN 978-0-00-723705-0. 
  18. Grein, Paul (28. mai 1989). «McCartney: Low-Key With New Album». article.latimes.com. The Los Angeles Times. Henta 22. mai 2018. 
  19. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  20. «Top Albums/CDs – Volume 45, No. 2» (PHP). RPM. 4. oktober 1986. Henta 22. mai 2018. 
  21. «dutchcharts.nl Paul McCartney – Press to Play». dutchcharts.nl (på nederlandsk). MegaCharts. Henta 22. mai 2018. 
  22. 22,0 22,1 «Hit Parade Italia – Gli album più venduti del 1986» (på italiensk). hitparadeitalia.it. Henta 22. mai 2018. 
  23. 23,0 23,1 Oricon Album Chart Book: Complete Edition 1970–2005. Roppongi, Tokyo: Oricon Entertainment. 2006. ISBN 4-87131-077-9. 
  24. «norwegiancharts.com Paul McCartney – Press to Play». VG-lista. Henta 22. mai 2018. 
  25. Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (1st utg.). Spain: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2. 
  26. «swedishcharts.com Paul McCartney – Press to Play» (på svensk). Henta 22. mai 2018. 
  27. «Paul McCartney – Press to Play – hitparade.ch». Henta 22. mai 2018. 
  28. «Paul McCartney: Artist: Official Charts». Official Chart Company. Henta 22. mai 2018. 
  29. «The Pop Life – The New York Times». nytimes.com (The New York Times). 5. juli 1989. Henta 22. mai 2018. 
  30. «Album Search: Paul McCartney – Press to Play» (på tysk). Media Control. Henta 22. mai 2018. 
  31. «British album salstrofé – Paul McCartney – Press to Play». British Phonographic Industry.  Enter Press to Play in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]