Sporvepapegøyar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sporvepapegøyar
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Papegøyefuglar Psittaciformes
Overfamilie: Parakittar Psittacoidea
Familie: Papegøyefamilien Psittacidae
Underfamilie: Arinae
Slekt: Sporvepapegøyar Forpus
Boie, 1858

Sporvepapegøyar er ei biologisk slekt Forpus av neotropiske papegøyar med ni svært små medlemar som er utbreidd frå Mexico i nord til nordvestre Argentina i sør. Flest artar finst i nordvestre Sør-Amerika, fem av artane finst i Colombia. Typisk lever dei i halvopne område og i utkantar av skog, hovudsakleg i låglandet, der dietten er bær, frukt, frø og anna plantebasert føde.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Grøngumpa sporvepapegøye, Forpus passerinus, i handa

Dette er dei minste neotropiske papegøyane, men med solid, tett kroppsbygging. Artane er mykje einsarta i storleik og dels i fjørdrakt, kroppslengda er 12-13 cm, sinaloasporvepapegøye er opp mot 14 cm. For samanlikning med sporvefuglar i Europa er dette storleiken på raudstrupe og svartkvit flugesnappar.

Fjørdrakta til sporvepapegøyar er hovudsakleg i klår grøn farge. Særeigent for neotropiske papegøyar, så viser dei kjønnsdimorfisme, hannane har blått eller turkis i venger, over- og undergump og ved auga. Dei fleste hannane er lyse grøne eller gulgrøne. Hoene er matte grøne med meir gulgrøne markeringar og har få eller ingen blå fjører. Gulmaska sporvepapegøye i Peru er avvikande i fjørdrakt ettersom begge kjønn har klår gul framhovud og bryst. Sporvepapegøyar har mørkebrune auge med lyse fersken- eller brunfarga føter og nebb. Unnatak er amazonsporvepapegøye, som har mørkare nebb og føter. Halen er kort og noko kileforma, kortare enn hos Bolborhynchus-parakittar. Flyginga er særeigen for papegøyar, rykkete og «urekneleg», veksling mellom snøgge vengeslag og flukt med lukka venger.[1]

Utbreiing og habitat[endre | endre wikiteksten]

Alle Forpus-artar finst i Sentral- og Sør-Amerika, og nokre artar er introduserte på karibiske øyar. Sinaloasporvepapegøyen lever lengst nord, i Sinaloa, i det vestlege Mexico,[2] medan grønbrilla sporvepapegøye har det sørlegaste utbreiingsområdet, og strekkjer seg inn i det sørlege Brasil og Argentina.[3] Dei andre artane lever mellom desse yttergrensene, for det meste i Peru, Ecuador og Colombia.

Sporvepapegøyar lever i subtropiske og tropiske tørre skogar, men finnast også i buskområde, savannar og sterkt avskoga skogområde. Dei lever i høgder opp til 1800 meter, og dei fleste artane finn meir vanleg langt lågare.

Sporvepapegøyar er standfuglar, sjølv om nokre populasjonar av grønbrilla sporvepapegøye er kjende for å gjere lokale trekk for å følgje modningsfrukt og spirande trendar. Nokre populasjoner av akkurat denne arten i atlanterhavsskogen i Brasil er også kjende for å vere høgdemigrantar.[4]

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Sporvepapegøyar flokkar seg ofte i grupper på opptil 100 individ for sosialisering og beiting. Dei har komplekse sosiale relasjonar, og mange artar, spesielt blåbrilla sporvepapegøye, har individuelle spesifikke helsingsrop, nokre gonger kalla «namn» for å kjenne igjen kvarandre.[5]

Den typiske dietten inkluderer bær og frukt, frø, blad, blomstrar, knoppar og anna plantemateriale.

Status[endre | endre wikiteksten]

Sporvepapegøyane er oppførte som livskraftige, LC, på IUCN si raudliste, med unntak av sinaloasporvepapegøyen, som er nær truga (NT) og har ein minkande bestand, og gulmaska sporvepapegøye, som er sårbar (VU) og har ein stabil bestand. Sinaloasporvepapegøye blir fanga og blir selt som burfuglar i Mexico, gulmaska sporvepapegøye i Peru. Ein trur grønmaska sporvepapegøye og grønbrilla sporvepapegøye har stabile populasjonar. Dei andre artane har enten ukjent trend eller minkande populasjonar. Beryllsporvepapegøye frå IOC-lista er ikkje godtatt som art av Birdlife International og er derfor ikkje vurdert for raudlisting.

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Grønbrilla sporvepapegøye, Forpus xanthopterygius, i Minas Gerais, Brasil
Blåbrilla sporvepapegøye, Forpus conspicillatus, Manizales, Caldas, Colombia

Forpus i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V13.1, 2023,[6] med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler.[7] IUCN kategori er etter HBW og BirdLife Taxonomic Checklist.[8]

13 cm, 28 gram, grøn fjørdrakt. Lever i Amazonas, isolerte populasjonar i Venezuela og Guyana. Maksimum 1000 moh.
13-14 cm, 30-37 gram, lys grøn fjørdrakt, hannfuglar med turkis i venger og bakkropp. Vestlegaste Mexico og Islas Marías, til 1400 moh.
12-13 cm, grøn fjørdrakt, hannar med blått i venger og overegump. Lever i vestlege Amazonas, konsentrert rundt sørveste Colombia, Ecuador, nordaustlege Peru og inn i Brasil, opptil 500 moh.
12-13 cm, grøn fjørdrakt, hannfuglar med turkis i venger og bakkropp, hoer gult andlet. Endemisk til i nordlege Colombia.
12-13 cm, 30 gram, grøn fjørdrakt. Austlege Brasil, gjennom Paraguay og nordaustlege Argentina, til søraustlege Peru og austlege Bolivia, under 1200 moh.
12-13 cm, 20-28 gram, grøn fjørdrakt. Lever i frå La Guajira-departementet i Colombia, gjennom Venezuela, Guyana-landa til Brasil og vestover langs nedre Amazonas, 0-1800 moh.
12-13 cm, 224-28 gram, grøn fjørdrakt, hannar med blå flekk rundt auga. Lever over store delar av vestlege Colombia, litt inn i austre Panama, nordlege Ecuador og vestre Venezuela, 100-1800 moh., nokre gongar til 2600 m. Minkande populasjon.
13 cm, 24-28 gram, grøn fjørdrakt, hannfuglar med grågrøn overside og blå strek bakover frå auget. Ecuador og nordlege Peru vest for Andes, under 1500 moh.
13 cm, 28 gram, grøn med klår gulfarge på framhovud og bryst. Svært avgrensa leveområde i nordlege Peru, 600–1800 moh. Stabil populasjon på 350-1500 individ per 1996.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Ridgely, Robert S.; Greenfield, Paul J. (2001). Birds of Ecuador. Christopher Helm Publishers Ltd. s. 186. ISBN 0-7136-6117-8. 
  2. «Mexican Parrotlet - eBird». ebird.org (på engelsk). Henta 31. desember 2023. 
  3. «Blue-winged Parrotlet - eBird». ebird.org (på engelsk). Henta 31. desember 2023. 
  4. Collar, N., J. del Hoyo, G. M. Kirwan, and P. F. D. Boesman (2021). Cobalt-rumped Parrotlet (Forpus xanthopterygius), version 1.0. In Birds of the World (H. F. Greeney, Editor). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.buwpar3.01
  5. Wanker, R.; Sugama, Y.; Prinage, S. (July 2005). «Vocal labelling of family members in spectacled parrotlets, Forpus conspicillatus». Animal Behaviour 70: 111–118. doi:10.1016/j.anbehav.2004.09.022. 
  6. Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (January 2023). «Hummingbirds». IOC World Bird List Version 13.1. International Ornithologists' Union. Henta 6. juli 2023. 
  7. Norsk navnekomité for fugl (NNKF). «Norske navn på verdens fugler». Birdlife Norge. Henta 6. juli 2023. 
  8. «HBW og BirdLife Taxonomic Checklist». BirdLife Data Zone (version 7 utg.). BirdLife International. Desember 2022. Henta 6. juli 2023. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Sporvepapegøyar