Gerhard Fischer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gerhard Fischer
Gerhard Fischer.jpg
Johan Adolf Gerhard Fischer (til høgre), fotografert i 1967 saman med den tyske koloratursopran-songarinna Rita Streich.
Foto: Frode Inge Helland
Fødd12. juli 1890
Bergen
Død10. september 1977
Oslo
NasjonalitetNoreg
Yrkearkitekt, arkeolog
InstitusjonarNoregs Statsbanar
Alma materKunsthøgskolen i Oslo
Det Kongelige Danske Kunstakademi
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi
Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab
Society of Antiquaries of London

Gerhard Fischer, eigenleg Johan Adolf Gerhard Fischer (12. juli 189010. september 1977) var ein norsk arkitekt og arkeolog. Han var fødd i Bergen som son av arkitekten Adolph Fischer.

Gerhard Fischer studerte ved Bergens tekniske skole, Statens håndverks- og kunstindustriskole i Oslo og kunstakademiet i København før han i 1915 vart engasjert ved Ingeniørvåpenets arkitektkontor i Oslo. Her teikna han mellom anna bygningane ved Trøgstad fort og Høytorp fort. Frå 1916 til 1926 var han tilsett ved NSB Arkitektkontor og teikna fleire stasjonsbygningar, mellom anna Notodden nye stasjon (1917), Garnes stasjon (1918), Åneby stasjon i Nittedal (1919), fleire stasjonar på Numedalsbanen (1919), og Ljan (1923) og Bekkelaget stasjonar (1923) i Oslo.

Fischer som arkeolog[endre | endre wikiteksten]

Fischers arkeologiske karriere tok til i 1917, då store utbyggingar var under førebuing på Sørenga, Loenga og Gamlebyen i Oslo i samband med jarnbanen (Østfoldbanen). I dei tidene var det vanleg at arkitektar stod for arkeologiske utgravingar og granskingar av leivningar etter bygningar og andre byggverk frå mellomalderen, då dei hadde naudsynte kunnskapar om arkitektur, bygningskonstruksjonar og anna, og hadde greie på korleis dokumenteringa av slikt skulle gjerast. Det var allereie kjend at det i dette området var mange spor og leivningar av bygningar frå mellomalderens Oslo, og Fischer, som var den yngste arkitekten ved NSBs arkitektkontor, fekk oppgåva med å granske og dokumentere ruinar og og andre leivningar som utbyggingane fekk innverknad på.

I mars 1917 byrja Fischer i Gamlebyen i Oslo med det som skulle kome til å verte ein av de mest omfattande arkeologiske oppgåvene i Noreg til då. Han var så godt som utan røynsler om arkeologiske granskingar, og måtte lære seg faget etter kvart som arbeidet gjekk framover. Med tida opparbeidde han seg fagkunnskap som gjorde han til grunnleggjaren av den norske mellomalderakeologien, som i hovudsak har vore eit fag som galdt granskingar av gamle bygningar, leivningar og ruinar etter bygningar.

Frå 1938 til 1960 var Fischer konservator (seinare fyrstekonservator) ved Universitetets Oldsaksamling i Oslo, og han har leia ei rekkje utgravingar og granskingar av norske mellomalderbyggverk, mellom anna Sverresborg i Trondheim, Utstein kloster i Rogaland, Hovedøya kloster i Oslo, kyrkje- og klosterruinane i Ruinparken i Gamlebyen i Oslo, Bergenhus festning i Bergen, Tunsberghus i Tønsberg, Stavanger domkyrkje, Erkebispegarden og Nidarosdomen i Trondheim.

Gerhard Fischer var ein pioner i den moderne bygningsarkeologien i Noreg og bygde opp eit fagmiljø som har ført denne forskinga vidare. Han arbeidde mykje saman med si ektefelle, Dorothea «Tulla» Stoud Platou (1903-1992). Ho var kunsthistorikar (mag. art.) og utdanna i museumsfag ved Norsk Folkemuseum. Saman fekk dei «Fridtjof Nansens belønning for fremragende forskning» i 1965 «for deres arkeologiske og antikvariske arbeider, særlig verket Domkirken i Trondheim – Kirkebygget i middelalderen». Gerhard Fischer har elles skrive bøkene Oslo under Eikaberg (1950), Norske kongeborger, band 1 (1951), Domkirken i Stavanger (1964) og Domkirken i Trondheim (1965). I 1956 fekk han St. Hallvard-medaljen, som ein av dei fyrste. Han var medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi og Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Blindheim, Martin, Gerhard Fischer som museumsmann, Oslo 1990: Foreningen til norske fortidsminnesmerkers bevaring. Årbok 1990

Kjelder[endre | endre wikiteksten]