Stop Draggin' My Heart Around

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Stop Draggin' My Heart Around
Singel av Stevie Nicks & Tom Petty
frå albumet Bella Donna
B-side «Kind of Woman»
Utgjeve 8. juli 1981
Innspelt 1981
Sjanger Rock, heartland rock, bluesrock
Lengd 4:04
Selskap Modern
Låtskrivar(ar) Tom Petty, Mike Campbell
Produsent Jimmy Iovine, Tom Petty
Stevie Nicks & Tom Petty-kronologi
Stop Draggin' My Heart Around «Leather and Lace»
(1981)


«Stop Draggin' My Heart Around» var den første singelen til Stevie Nicks frå det førte soloalbumet hennar, Bella Donna. Det var den einaste songen på albumet som ikkje var skriven av Nicks, og var skriven av Tom Petty og Mike Campbell som ein song for Tom Petty and the Heartbreakers, men Jimmy Iovine, som arbeidde med begge på denne tida, fekk ordna det slik at Nicks spelte inn songen.[1] Petty song i lag med Nicks på refrenget og mellomspelet, medan heile bandet (utanom Ron Blair, som var erstatta av Donald «Duck» Dunn på bass) spelte på songen.

Eit studioopptak av songen vart nytta som musikkvideo. Videoen var den 25. musikkvideoen som vart spelt på MTV nokon gong, då MTV vart lansert 1. august 1981.[2]

Songen nådde tredjeplassen på den amerikanske Billboard Hot 100, der han låg seks veker på rad. I Storbritannia nådde songen berre 50. plass.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1981) Plassering
Australia (Kent Music Report)[3] 10
Canada (RPM)[4] 5
New Zealand (RIANZ)[5] 11
Nederland (Mega Single Top 100)[6] 43
Sør-Afrika 4
UK Singles (Official Charts Company)[7] 50
US Billboard Hot 100[8] 3
US Mainstream Rock (Billboard)[9] 2

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1981) Plassering
Canada (RPM)[10] 31
US Billboard Hot 100[11] 59

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Songen vart parodiert av «Weird Al» Yankovic som «Stop Draggin My Car Around» på debutalbumet hans.

My Morning Jacket og Neko Case spelte songen live i 2011.

Songen vart spelt inn av post-grunge-bandet Puddle of Mudd i 2011 på albumet Re:(plate)overed.

Jimmy Fallon og Stevie Nicks spelte songen i lag i ein gjenskaping av musikkvideoen frå 1981 på The Tonight Show den 9. april 2014. [12]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Stop Draggin' My Heart Around Songfacts». Songfacts. 
  2. Graham, Mark. «The First 30 Videos That Played On MTV». Henta 19 January 2014. 
  3. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, New South Wales: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  4. «50 Singlar». RPM (Toronto) 35 (10). October 3, 1981. Henta 19. juli 2013. 
  5. "Charts.org.nz – Stevie Nicks with Tom Petty & The Heartbreakers – Stop Draggin' My Heart Around". Top 40 Singles. Hung Medien. Henta 19. juli 2013.
  6. "Dutchcharts.nl – Stevie Nicks with Tom Petty & The Heartbreakers – Stop Draggin' My Heart Around" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 19. juli 2013.
  7. «Stevie Nicks». Official Charts Company. Henta 19. juli 2013. 
  8. "Nicks?f=379&g=Singles Stevie Nicks Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Stevie Nicks. Prometheus Global Media. Henta 9. mai 2013.
  9. «Stevie NIcks – Awards». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 19. juli 2013. 
  10. «Top 100 Singlar of 1981». RPM (Toronto) 35 (22). 26. desember 1981. Henta 19. juli 2013. 
  11. «Billboard Hot 100 1981». Billboard (New York) 93 (51): 60. 26. desember 1981. Henta 19. juli 2013. 
  12. https://www.youtube.com/watch?v=-Ib86ZmUBOY

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Mal:Stevie Nicks