Teddy Sheringham

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Teddy Sheringham
Teddy Sheringham finger snipped.jpg
Fødd 2. april 1966
Highams Park

Edward Paul Sheringham, kjend som Teddy Sheringham, (fødd 2. april 1966) er ein engelsk tidlegare fotballspelar som med Manchester United vann Meisterligaen 1999 og elles tre ligameisterskap og FA-cupen 1999. I tida 1993-2002 deltok Sheringham i 51 av Englands landskampar og skåra 11 mål.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Sheringham var Millwall-spelar frå 1983 til -91, bortsett frå 1985 då han spelte på det svenske andredivisjonslaget Djurgården. Etter å ha spelt på Nottingham Forest i 1991/92-sesongen, gjorde han i fem år teneste i Tottenham Hotspur. Her imponerte han med sine allsidige evner som spiss, særleg som hovudspelar og stødig avsluttar. Sommaren 1997 vart han overført til Manchester United. Våren 1999 var han med på den historiske trippeltriumfen til Manchester United. Klubben gjekk då til topps i ligaen og den 22. mai skåra Sheringham, som innbytar, det fyrste målet då Newcastle United vart slått 2-0 i FA-cupen. Fire dagar seinare krynte Manchester United verket ved å vinne meisterligafinalen mot Bayern München, der fyrst Sheringham og så Ole Gunnar Solskjær, begge som innbytarar, skåra i sluttminuttane og syrgde for 2-1-siger til det engelske storlaget. Sheringham og Manchester United forsvarte ligameistertittelen både i 2000 og 2001. Frå sommaren 2001 spelte Sheringham to sesongar i Tottenham, ein sesong i Portsmouth FC og tre sesongar i West Ham United. Han avslutta som aktiv i 2007/08 med Colchester United på nivå to, 42 år gammal.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Sheringham fekk sin landslagsdebut 27 år gammal. Saman med storskåraren Alan Shearer danna han Englands spisspar under EM i fotball 1996 på heimebane. Dei to skåra kvar sitt mål då Nederland vart slått 4-1 i gruppespelet, men måtte tole å verte slått ut i semifinalen mot Tyskland på straffespark. Sheringham deltok i Fotball-VM 1998 i Frankrike, men kom ikkje med i troppa til EM 2000. Derimot var han med i VM i fotball 2002, der han spelte sin 51. og siste landskamp då England rauk or turneringa etter tap mot Brasil, den blivande verdsmeisteren. Sheringham skåra 11 landslagsmål for England.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Vinnar av meisterligaen: 1999 med Manchester United
  • Engelsk ligameister: 1999, 2000 og 2001 med Manchester United
  • Vinnar av FA-cupen: 1999 med Manchester United

Kjelder[endre | endre wikiteksten]