New Zealand Company

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

New Zealand Company vart skipa i 1839 i London med føremålet å fremja «systematisk» kolonisering av New Zealand. I koloniseringsprosessane skulle selskapet følgja prinsippa til Edward Gibbon Wakefield, som såg for seg danninga av ein ny modell av engelske samfunn på den sørlege halvkula. Selskapet skipa busetnadar ved Wellington, Nelson, Wanganui og Dunedin, og medverka også i grunnlegginga av New Plymouth og Christchurch. New Zealand Company nådde høgdepunktet i verksemda si kring 1841, men møtte økonomiske vanskar i 1843. Det kom aldri over desse, og selskapet vart oppløyst i 1858.

New Zealand Company vart kjent for si detaljerte og storslåtte annonsering, og for sine sterke åtak på dei som vart oppfatta som motstandarane deira – det britiske Colonial Office (Kolonisekretariatet) og etterfølgjande newzealandske guvernørar. Det stod sterkt mot Waitangitraktaten, og vart i sin tur ofte kritisert av Kolonisekretariatet og newzealandske guvernørar for «lureri» og løgner[1]. Selskapet såg også på seg sjølv som ei framtidig kvasi-regjering på New Zealand, og føreslo i 1845 og 1846 å dela kolonien i to, langs ei linje frå Mokau i vest til Cape Kidnappers i aust – og å reservera nord for māoriar og misjonærar, medan sør skulle verta ein sjølvstyrt provins, kjent som «New Victoria» og styrt av selskapet. Kolonisekretariatet avslo framlegget[1].

Tidlege freistnadar på kolonisering[endre | endre wikiteksten]

Det tidlegaste organiserte forsøket på å kolonisera New Zealand fann stad i 1825, då eit selskap som også bar namnet «The New Zealand Company», vart skipa i London og leia av jarlen og parlamentsmedlemmet John George Lambton. Selskapet søkte — utan hell — den britiske regjeringa om ei 31 års avtale med eksklusiv rett til handel, såvel som kommando over ein militær styrke, i det det var venta at det kunne gjerast stor forteneste på New Zealand flax, kauritømmer, kval- og selfangst. Året etter sende det ut to skip under kommando av kaptein James Herd for å utforska utsikter for handel og moglege stadar for busetnadar på New Zealand.

I september eller oktober 1826 segla skipa Lambton og Isabella (eller Rosanna), inn i Te Whanganui-a-Tara, (våre dagars Wellington Harbour), som Herd gav namnet Lambton Harbour. Herd utforska området og meinte at landet sørvest i hamna eigna seg best som stad for ein europeisk busetnad. Skipa segla deretter nordover for sjå etter handelsutsikter, og kjøpte landområde — seinare krav var på ein million acres (4000 km²) — frå lokale māoriar i Hokianga, Manukau og Paeroa på vegen. Selskapet valde å ikkje starta noka form for handels- eller busetnadsføretak, og avslutta aktiviteten etter å ha brukt ₤20,000 på føretaket[1].

Edward Gibbon Wakefield

Edward Gibbon Wakefield[endre | endre wikiteksten]

Edward Gibbon Wakefield tok fram att planane om busetnad på New Zealand i 1830-åra. Wakefield var vaksen opp i ein familie med røter i filantropi og interesse for sosiale reformer[1]. I 1829, medan han sat i fengsel for å ha gifta seg med, og rømt bort med ein 15 år gammal arving, gav han ut ein pamflett og ein serie avisartiklar – dei sistnemnde vart etter kvart utgjevne som ei bok – der han gjekk inn for kolonisering av Australasia. Wakefield sin plan innebar danning av eit selskap som skulle kjøpa land frå dei innfødde innbyggjarane svært billeg, deretter selja det til spekulantar og «nybyggjarar med klasse» («gentlemen settlers») for ein mykje høgare sum. Vanlege emigrantar skulle sørgja for arbeid til å dyrka opp jorda til overklassen, og ivareta alle behova han hadde. Etter kvart ville dei vera i stand til å kjøpa si eiga jord, men høge prisar og låge løner ville sikra at dei først måtte arbeida i mange år[2].

Mange av dei som hadde hatt interesser i New Zealand Company frå 1825 tok varmt mot Wakefield sine idear, og brukte dei i 1834 som eit grunnlag for koloniseringa av South Australia, der tilhengjarane hans føreslo å skapa «eit perfekt engelsk samfunn»[1]. Wakefield såg på røynslene i South Australia som eit feilslag, men i 1836 kasta han augene på New Zealand, som ein stad der teoriane hans om «systematisk» kolonisering kunne setjast i verk. Eit år seinare leia han det første møtet i New Zealand Association. Av dei tidlege medlemmene var parlamentarikarar som William Hutt og Sir William Molesworth, journalisten, redaktøren og grunnleggjaren av vekemagasinet The Spectator, Robert Stephen Rintoule, og Londonbankieren John Wright. Wakefield utarbeida eit lovframlegg for å kunna setja selskapet sine planar ut i livet.

Lovframlegget møtte sterk motstand, tenestemenn i Kolonisekretariatet og i kyrkjelege misjonsorganisasjonar var usamde både i den «uavgrensa makta» som grunnleggjarane i kolonien ville utøva, og det som dei såg på som den uunngåelege «erobringa og utryddinga av dei noverande innbyggjarane»[1]. Anglikanske og Wesleyanske misjonærar var særleg uroa over uttrykk i pamflettar skrivne av Wakefield, der han heldt fram at eit av måla for koloniseringa var å «sivilisera eit barbarisk folk» som «knapt kan dyrka jorda». Māorien, skreiv han, «bad om» kolonisering og såg opp til engelskmannen som «så høgt over han sjølv at tanken å hevda si eiga likestilling og sjølvstende aldri fall han inn». Wakefield føreslo at når māorihøvdingar hadde selt jorda si til busetjarar for ein liten slant, skulle dei «adopterast» av engelske familiar og få opplæring og rettleiing[1].

The New Zealand Land Company[endre | endre wikiteksten]

Mot slutten av 1837 hadde selskapet byrja å vinna ein viss framgang i regjeringskrinsar, og fekk i desember tilbod om eit kongebrev (Royal Charter) med rett til å få ansvar for administrasjon og lovgjevande, dømande, militære og finansielle saker i kolonien New Zealand, underlagt tilsyn og kontroll av den britiske regjeringa. Men for å få dette brevet, vart selskapet fortalt av koloniministeren, Lord Glenelg, måtte det omdannast til eit aksjeselskap,[1] eit vilkår det i byrjinga avslo. Men i august 1838 vart selskapet avvikla og erstatta av to organisasjonar, New Zealand Colonisation Company og New Zealand Land Company. I mai 1839 slo båe desse organisasjonane seg saman med New Zealand Company av 1825 og danna New Zealand Land Company, og i desember vart namnet New Zealand Company valt for dette eine kompaniet som skulle senda emigrantar til New Zealand. Nok ein gong var Edward Gibbon Wakefield den drivande krafta, men innan den tid var tilbodet om eit kongebrev drege attende.

I den britiske regjeringa var det i mellomtida vakse fram uro over velferda til māoriane, og over den aukande lovløysa mellom dei 2000 britiske undersåttane på New Zealand, som for ein stor del heldt til i Bay of Islands. På grunn av den britiske populasjonen der, meinte tenestemenn at koloniseringa no ikkje lenger var til å unngå[1], og ved slutten av 1838 vart det vedteke å utnemna ein konsul som ei førebuing til ei fråsegn om britisk suverenitet over New Zealand. Leiarane i New Zealand Company visste at ei slik fråsegn ville føra med seg stans i alle sal av land i påvente av etableringa av effektiv britisk kontroll, og i tillegg kontroll med europeisk kjøp av māoriland[3]. Dei hadde andre planar som gjekk ut på å handsama New Zealand som eit sjølvstendig framandt land, og kjøpa land direkte frå māoriar, då dei visste at dette ville gje dei ein betre handel.

Ekspedisjonen i 1839 og kjøp av land[endre | endre wikiteksten]

New Zealand Company organiserte snøgt ein ekspedisjon for å kjøpa land. Han segla til New Zealand med skipet «Tory» den 12. mai 1839,[4] under kommando av Wakefield sin yngre bror, oberst William Wakefield og med Edward Main Chaffers som skipskaptein[5]. Eit anna skip, «Cuba», med eit landmålarteam, leia av kaptein William Mein Smith, segla ut i august, etterfølgt ein månad seinare av det første av ni immigrantskip, enno før ordet om suksessen til Tory og Cuba hadde nådd London. Immigrantflåten hadde ordre om å segla til Port Hardy på D'Urville Island der dei skulle få vita det endelege målet sitt.

Med hjelp av kvalfangaren og handelsmannen Dicky Barrett som hadde god kontakt med māorifolk, og litt kjennskap til språket deira, byrja William Wakefield å forhandla om å kjøpa land frå māoriane kring Petone i Wellingtonområdet straks han kom til New Zealand, og mot slutten av 1839 hadde han fått i stand fleire kjøpsavtalar så langt nord som til Patea, avtalar som det snøgt vart diskusjonar om legitimiteten til.

Busetnaden kom til å verta svært ulik det som var planlagt i England. Mellom dei mange usanningane som var framlagde i selskapet sine prospekt og annonsar om naturtilhøva i landet vart Wellington omtala som ein stad med bølgjande sletter, høveleg for dyrking av vindruer, oliven og kveite[6]. Planar som var utarbeida i England viste parallelle gater og seksjonar som ikkje hadde nokon bakgrunn i dei topografiske tilhøva i området. Gater og seksjonar, parkar og kyrkjegardar var teikna inn i eit område som bestod av myrlendt delta eller høge åsar og bratte raviner[2].

Waitangitraktaten[endre | endre wikiteksten]

New Zealand Company hadde lenge venta på inngrep av dei britiske styresmaktene i føretaka sine på New Zealand, og dette skjedde til slutt etter underteikninga av Waitangitraktaten den 6. februar 1840. Traktaten overførte ikkje berre suvereniteten frå māoriane til den britiske krona (i alle høve i den engelske versjonen), men under den såkalla forkjøps-klausulen fekk māoriane forbod mot å selja land til andre enn krona eller agentane hennar. Guvernør Hobson fraus straks alt sal av land, og bestemte at alle eksisterande kjøp var ugyldige i påvente av gransking. Traktaten sette New Zealand Company i ein svært vanskeleg stilling. Det hadde ikkje tilstrekkeleg land til nybyggjarane som kom, og det kunne ikkje lenger på lovleg måte selja det landet som det påstod det hadde eigedomsrett til.

Dei britiske styresmaktene letta gradvis på restriksjonane på sal av land etter ein avtale mot slutten av året mellom selskapet og koloniministeren, Lord John Russell, som let det kjøpa land frå krona til ein rimeleg pris, og rett til å kjøpa og selja land under statleg tilsyn. Pengane som staten fekk inn ved sal av land til New Zealand Company skulle brukast til hjelp for innvandring til New Zealand. Avtalen vart hylla av selskapet som «alt som vi kunne ønskja ... vårt selskap skal vera den verkelege agenten for statleg kolonisering av New Zealand»[1]. Regjeringa skreiv frå seg forkjøpsretten i Wellington-området, Wanganui og New Plymouth i september 1841.

Hobson sende kolonisekretæren sin, Willoughby Shortland og ein del soldatar til Port Nicholson (Wellington) for å markera det britiske overherredømet ved å planta Unionsflagget og gjera ein ende på det som hans administrasjon oppfatta som ei utfordring av britisk suverenitet – eit «koloniråd», komplett med primitive juridiske institusjonar, leia av Wakefield og Smith. Hobson meinte at kolonistane var i ferd med å danna ein «republikk», og såg på selskapet si framferd som eit trugsmål.

Busetjinga i Wellington[endre | endre wikiteksten]

Påverka av sjefslandmålaren sin, kaptein William Mein Smith i the Royal Artillery, grunnla selskapet i januar 1840 den første busetnaden, som det kalla "Britannia"[7]. Busetnaden var delt inn i 1100 seksjonar, kvar på ein acre, på det flate landet i Pito-one, ved munningen av Hutt River. I tillegg hadde kvar nybyggjar kjøpt 100 country acres (omkring 40 ha) som skulle liggja i nærleiken, der dei skulle dyrka jorda, skaffa seg mat og etter kvart verta sjølvforsynte. Det viste seg at dalen ved Pito-one var ei blanding av tett skog, kratt, newzealandsk flax (Phormium) og sumpland, utsett for flaum, og med ei strand så grunn at skipa var nøydde til å ankra opp 1600 meter frå land[1]. I mars, åtte veker etter at det første passasjerskipet nådde fram, røysta nybyggjarane for å gje opp utbygginga i Pito-one og flytta byen mot sørvest til Thorndon, eit av dei få relativt flate områda ved hamna[8].

John Lambton, 1st Baron Durham.

Området Lambton Bay (seinare Lambton Quay) fekk namnet sitt til ære for Lord Durham, som hadde vore nært knytt til danninga av New Zealand Company.

Nybyggjarane møtte vanskar ganske snøgt. Dei oppdaga at det enno var busett māoriar på landet som var utsett til den nye busetnaden; desse på si side gav uttrykk for overrasking og forvirring over å oppleva at Pākehā kom trampande gjennom heimane, hagane og gravstadane deira, og slo trepålar for landmåling ned i jorda. Landmålarane vart innblanda i trefningar med māoriane, dei fleste av desse nekta å rikka seg, og målarane vart utstyrte med våpen for å kunna halda fram med arbeidet sitt[1].

Wakefield hadde kjøpt landet under ein svært hektisk vekelang kampanje i september førre året, og betalt med jarngryter, såpe, økser, fiskekrokar, klesplagg – som òg omfatta raude natthuver – tavler, blyantar, paraplyar, tettevoks og munnharper[1]. Etter at lokale māorihøvdingar hadde fått ei forklaring av Wakefield, omsett av Barrett, skreiv dei under kjøpekontrakten, der det gjekk fram at når betalinga var motteken, var landet ikkje lenger deira. Seinare vitneprov som vart lagde fram av Spain Land Commission (leia av William Spain)[9] – utnemnd av guvernør FitzRoy for å granska landkrava til New Zealand Company – avslørte tre store feil:

  • At høvdingar i pāen til Te Aro, Pipitea Kumutoto, der busetnaden Thorndon skulle leggjast, korkje vart konsulterte eller fekk betaling,
  • at Te Wharepouri, ein aggressiv og brautande ung høvding, ivrig etter å hevda sin posisjon, hadde selt land han ikkje hadde kontroll over, [1]og
  • at Barrett sine forklaringar og omsetjingar av salsvilkåra var sørgjeleg unøyaktige.

Barrett fortalde under høyringa til Spain Commission i februar 1843: «Eg sa at når dei underteikna med namna sine, ville herrane i England, som stod for handelen, vita kven som var høvdingar.»[2] Historikaren Angela Caughey har hevda at det var ekstremt usannsynleg at Wakefield og Barrett kunne ha vitja alle landsbyane i Whanganui-a-Tara på ein dag for å forklara selskapet sine intensjonar og få tilslutning til desse[2].

Māoriinnbyggjarane i det omstridde landet vart lova eigne parsellar tilsvarande ein tidel av området, og desse parsellane skulle tildelast ved loddtrekking og spreiast ut mellom dei europeiske nybyggjarane[1]. Edward Jerningham Wakefield, som hadde følgt onkelen sin, oberst William Wakefield til New Zealand på Tory i 1839, forklarte at ved å blanda māoriar med kvite nybyggjarar, ville dette hjelpa dei til å endra «den rå og usiviliserte veremåten deira». Han skreiv: «Det stadige føredømet framfor augo deira, og den konstante etterlikninga for å oppnå dei same resultata, vil på ein naturleg måte løfta opp denne underlegne rasen, og gi han ein kapasitet til å oppnå kunnskapane, vanane, ønskja og levesettet til dei siviliserte naboane sine»[8]. Wakefield sa at maoriparsellane – «ein svært viktig del av den prosjekterte planen vår» – ville verta verande uavhendelege for å sikra at māoriane ikkje skulle selja jorda til spekulantar med det same. Spain forhandla til slutt fram ein avtale med høvdingane i Te Aro, Kumutoto og Pipitea så dei var villige til å selja landet, men framleis ha herredøme over sine , kulturstadar og gravplassar[2].

I august 1840 fekk New Zealand Company enno eit tilbakeslag då den lovgjevande forsamlinga i New South Wales bestemte at betaling for land på New Zealand skulle gå direkte til dei opphavlege innbyggjarane, og at ikkje noko enkelt sal skulle vera over «fire kvadratmiles». Styresmaktene i New South Wales planla å undersøkja all handel med land som New Zealand Company hadde gjort – selskapet hevda å alt ha kjøpt to millionar acres (8 000 km²) og selt noko av dette direkte til nybyggjarar – samt meir enn 1200 individuelle krav over heile landet. Det braut ut panikk i byen, og hundrevis av nybyggjarar valde å gje opp jorda si og segla til Valparaíso i Chile[2][10].

Nelson[endre | endre wikiteksten]

I april 1841 gav selskapet beskjed til Kolonisekretariatet om at det tenkte å grunnleggja ein ny koloni «betydeleg større» enn den første[1]. Frå først av var kolonien tenkt å verta kalla Molesworth etter parlamentsmedlemmet William Molesworth, som hadde vore ein støttespelar for Wakefield, men som vart omdøypt til Nelson (etter den britiske admiralen) då Molesworth viste lita interesse for å leia kolonien[1]. Han var planlagd å dekkja 810 km² land, og bestå av 1000 parsellar. Kvar av desse skulle vera 150 acres (60 ha) på landsbygda, 50 acres (20 ha) tilleggsjord og ein «by-acre» (4000 ). Halvparten av inntektene av salet av jord skulle brukast på emigrasjon, og om lag ₤50 000 som selskapet si forteneste. Jorda skulle seljast for ₤301 for kvar parsell, eller 30 shillings for ein acre, eit pund meir pr. acre enn prisen ved Wellington, og ei loddtrekking skulle avgjera eigarskapen til dei ulike parsellane[1].

To skip, Whitby og Will Watch, segla denne månaden til New Zealand med landmålarar og arbeidarar ombord for å førebu buplassar for dei første nybyggjarane, som det var planlagt skulle koma etter fem månadar seinare. Men salet av land viste seg å vera lite vellukka, og trua livsgrunnlaget til busetnaden. Tidleg i juni hadde det berre vorte selt 326 parsellar, og berre 42 av kjøparane tenkte faktisk å reisa til New Zealand. Og det var lita betring ved loddtrekkinga av parsellane seint i august, då det berre vart trekt ut 371 parsellar, og tre fjerdedelar av kjøparane var fråverande[1].

Dei to skipa kom fram til Blind Bay (i dag kjent som Tasman Bay), der leiarane av ekspedisjonen leita etter høveleg land til den nye kolonien, før dei slo seg ned på staden der våre dagars Nelson ligg, den gongen omtala som eit våtmarkslandskap kledd med kratt og bregner. I eit møte med lokale māoriar, hevda ekspedisjonen sin leiar, Arthur Wakefield, at det var oppnådd semje om at det – i byte med «gåver», økser, eit gevær, krut, teppe, kjeks og piper – var gjort opp for «kjøpet» av land i 1839 som William Wakefield hadde stått for[1]. Til januar 1842 hadde fortroppen bygd meir enn 100 hytter på staden til den framtidige byen for å førebu tilflyttinga til dei første nybyggjarane. Ein månad seinare skal byen ha hatt eit folketal på 500, saman med storfe, sauer, grisar og fjørfe, sjølv om selskapet enno ikkje kunne visa til kjøp av noko av landområda som kjøparane hadde betalt for.

Jakta på desse attståande 810 km² skulle til slutt føra til Wairau Affray – den gongen kjend som «Wairau-massakren»17. juni 1843, då 22 europearar og fire māoriar døydde i ei trefning om landrettar i Wairau Valley, 25 km frå Nelson. Arthur Wakefield hevda at han hadde kjøpt landet av enkja etter ein kvalfangar, som, i sin tur, hadde påstått å ha kjøpt det av høvdingen Te Rauparaha. Høvdingen nekta for å ha selt det. Sjølv om nybyggjarane i Nelson og Wellington var forferda over nedslaktinga i Wairau, viste ei gransking ved guvernør Robert FitzRoy at skulda låg heilt og fullt hjå New Zealand Company sine representantar[11].

Så tidleg som i 1839 bestemte New Zealand Company seg for å «ta åtgjerder for å skaffa tyske emigrantar» og peika ut ein agent i Bremen. Eit bod i september 1841 på å selja Chatham Islands til Deutsche Colonisations Gesellschaft vart avslått av den britiske regjeringa. Tyske immigrantar flytta i staden til Nelson.

Andre busetnadar[endre | endre wikiteksten]

New Zealand Company grunnla også ein busetnad i Wanganui i 1840 – det rurale landområdet som var lova bort til kjøparane i Wellington – og var også indirekte inne i busetjinga i New Plymouth i 1841, gjennom samarbeidet sitt med Plymouth Company, som fusjonerte med New Zealand Company same året. Selskapet sende òg landmålarar nedover austkysten av Sørøya for å vurdera andre område. I Akaroa fekk dei kontakt med den unge franske kolonien som var grunnlagd i regi av selskapet Jean-François Langlois's Nanto-Bordelaise Company.

I juli 1843 sende New Zealand Company ut eit prospekt over sal av 48 000 ha, fordelt på byområde, forstads- og ruralt land i ein ny buseetnad kalla New Edinburgh. Lokaliseringa av denne usetnaden var ikkje fastsett[1]. Det vart opna eit kontor i Edinburgh for å trekkja til seg skotske emigrantar. Eit område på 160 000 ha vart valt ut kring hamna i Otago i januar 1844. Selskapet samarbeida med den læke delen av den skotske frikyrkja om salet og loddtrekkinga av land til den første gruppa av nybyggjarar som segla til det som vart busetnaden Dunedin seint i november 1847.

Ein månad seinare byrja Gibbon Wakefield aktivt å fremja ein plan han hadde lagt fram i 1843: Ein busetnad for den engelske kyrkja (Church of England). Leiinga i New Zealand Company håpa først å plassera denne busetjinga i Wairarapa-regionen nede på Nordøya. Då lokale māoriar nekta å selja, inspiserte landmålaren Port Cooper (Lyttelton Harbour) på austkysten av Sørøya, og valde ut denne staden. Land vart kjøpt av 40 medlemmer i Ngai Tahu iwien i juni 1848. Canterbury Association, Gibbon Wakefield sitt nye føretak, organiserte koloniseringa, og New Zealand Company var ein 'silent partner' i denne prosessen, og bidrog med lite meir enn midlar til et initiale kjøpet[1]. Den første gruppa på 1512 nybyggjarar i Canterbury kom fram til den nye heimen sin 8. september 1850.

Finansielle vanskar og oppløysing[endre | endre wikiteksten]

New Zealand Company byrja å få økonomiske vanskar frå midt på 1843 av to årsaker. Selskapet hadde planlagt å kjøpa land billeg og selja det dyrt, og sett føre seg at ein koloni med høgare prisar på jord ville trekkja til seg velståande kolonistar. Fortenesta på salet av land skulle brukast til å betala for gratis reise for arbeidarklasse-kolonistar og offentlege arbeid, til dømes kyrkjer og skular. For å få denne ordninga til å fungera var det viktig å få til det optimale høvet mellom arbeidande og velståande innvandrarar. At selskapet sine planar slo feil, skuldast delvis at ein aldri nådde dette høvet – der var alltid høvesvis fleire arbeidarar, som hadde fått sterkt subsididert emigrasjon av selskapet, enn velståande innvandrarar.

Den andre store feilen oppstod fordi ein stor del av landet i den nye kolonien vart kjøpt av spekulative årsaker av folk som ikkje hadde tenkt å slå seg ned på New Zealand og dyrka den jorda dei hadde kjøpt. Dette gjorde at dei nye koloniane hadde ein alvorleg skort på arbeidsgjevarar og følgjeleg for lite arbeid til arbeidarane. Heilt frå første dag var New Zealand Company nøydd til å vera den viktigaste arbeidsgjevaren i dei nye koloniane, og dette viste seg å verta ei stor økonomisk belasting for selskapet. Det vart gjort fleire tilnærmingar til britiske styresmakter for å søkja økonomisk støtte, og seint i 1846 godtok selskapet eit tilbod på £236 000 på strenge vilkår, og under tilsyn med den framtidige drifta av selskapet.

I juni 1850 vedgjekk selskapet at salet av land i Wellington, Nelson og New Plymouth hadde vore dårleg, og at innkomene av sal for året som enda i april 1849 berre var £6 266. Med små utsikter til lønsam forretningsdrift sa selskapet frå seg handelsrettane sine. Ein rapport frå ein utnemnd komité konkluderte med at selskapet sine tap var «i hovudsak resultat av selskapet si eiga sakshandsaming, prega som den var av tankeløyse og vanstyre»[12].

Gibbon Wakefield, som hadde drege seg ut or selskapet i protest i 1846 etter den finansielle avtalen med dei britiske styresmaktene, var trassig heilt til det siste, og uttalte i 1852 at dersom selskapet hadde fått drive i fred, hadde det betalt utbyte og auka kapitalen sin, «og det ville no ha vore 200 000 nybyggjarar på New Zealand»[12].

I den siste rapporten frå selskapet, i mai 1858, vedgjekk det at det hadde mislukkast, men sa at dei samfunna det hadde grunnlagt no hadde «nådd gledelege storleikar», og at dei kunne sjå fram mot den dagen då «New Zealand skal ta sin plass som avkom og motstykke til moder-øya ... som eit Storbritannia på den sørlege halvkula».

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 1,10 1,11 1,12 1,13 1,14 1,15 1,16 1,17 1,18 1,19 1,20 1,21 Patricia Burns (1989) Fatal Success: A History of the New Zealand Company – utgjevingsstad ikkje oppgjeven. ISBN 0-7900-0011-3.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 Angela Caughey (1998) The Interpreter: The Biography of Richard "Dicky" Barrett – utgjevingsstad ikkje oppgjeven. ISBN 1-86953-346-1.
  3. Keith Sinclair (2000) A History of New Zealand (revidert utgåve) – utgjevingsstad ikkje oppgjeven. ISBN 0-14-029875-4.
  4. Ships, Famous. Tory. Te Ara Encyclopedia of New Zealand.
  5. "SHIPS, FAMOUS", frå An Encyclopaedia of New Zealand, redigert av A. H. McLintock, først utgjeven i 1966. Te Ara - The Encyclopedia of New Zealand, oppdatert 18. september 2007 URL: http://www.TeAra.govt.nz/1966/S/ShipsFamous/en Vitja 28. mai 2011
  6. Michael King (2003) The Penguin History of New Zealand – utgjevingsstad ikkje oppgjeven. ISBN 0-14-301867-1.
  7. Wellington (15. juni 2008).
  8. 8,0 8,1 Edward Jerningham Wakefield, "Adventure in New Zealand", Vol. 1, pub. John Murray, 1845.
  9. Om William Spain på New Zealand History online.
  10. An Account of the Settlements of the New Zealand Company by The Hon H W Petre (Smith, Elder and Co, 1842), Chapter 3.
  11. Moon, Paul (2000) FitzRoy: Governor in Crisis 1843-1845 – utgjevingsstad ikkje oppgjeven. ISBN 0-908990-70-7.
  12. 12,0 12,1 "The Amazing Career of Edward Gibbon Wakefield 1796-1862" by A. J. Harrop, London, 1928, quoted by Patricia Burns.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]