Hopp til innhald

The Legend of Zelda: Phantom Hourglass

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
'The Legend of Zelda: Phantom Hourglass'

Utviklar(ar)Nintendo EAD
Utgjevar(ar)Nintendo
DistributørNintendo eShop
Produsent(ar)Eiji Aonuma
Design(ar)Eiji Aonuma (produsent)
Daiki Iwamoto (direktør)
Kōji Kondō,
Kenta Nagata,
Toru Minegishi (komponistar)
ForfattarHidemaro Fujibayashi
Komponist(ar)Tōru Minegishi
SerieLegend of Zelda
Plattform(er)Nintendo DS
UtgjevingJP: 23. juni 2007
NA: 1. oktober 2007
EU: 19. oktober 2007
SjangerAction-eventyr
SpelemodusEinspelar, fleirspelar
AldersgrensePEGI: 7+
CERO: A
ESRB: E
Nettstadhttp://www.zelda.com/phantomhourglass
Del av serien The Legend of Zelda
The Legend of Zelda: Spirit Tracks→

The Legend of Zelda: Phantom Hourglass er eit action-eventyrspel utvikla og gjeve ut av NintendoNintendo DS. Det vart gjeve ut i Japan juni 2007, og i Nord-Amerika og Europa oktober same året. Spelet er ein direkte oppfølgjar til The Legend of Zelda: The Wind Waker, og vert berre styrt ved at ein nyttar peikeskjermen på Nintendo DS.[1]

Nettstaden IGN gav Phantom Hourglass 9 av 10 poeng, der dei poengterte at sjølv om spelet er ulikt andre Zelda-spel er det framleis ekte vare.[2] GameSpot gav også spelet 9 av 10, der spelet fekk ros for flott grafikk, god kontroll med peikeskjermen og mengda finurlege gåter.[3] Den norske nettsida Gamer.no gav spelet 7 av 10 poeng, der omtalaren såg på spelet som ei flott reise på eventyr med ein god gammal helt, men mislikte dei passive båtreisene på havet og hovudtempelet som ein må gå gjennom fleire gonger i spelet.[4]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]