The Return of Rock

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Return of Rock
Studioalbum av Jerry Lee Lewis
Utgjeve 1965
Innspelt 1965
Sjanger Rockabilly, blues
Selskap Smash
Produsent Shelby Singleton
Jerry Lee Lewis-kronologi 
The Greatest Live Show on Earth

(1964)

The Return of Rock Country Songs for City Folks/All Country

(1965)


The Return of Rock er eit studioalbum av Jerry Lee Lewis som kom ut på Smash i 1965.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Dette var det første studioalbumet på Smash med nye songar av Lewis, etter at det første albumet inneheld nyinnspelingar av gamle hittar Lewis hadde spelt inn for Sun RecordsGolden Hits of Jerry Lee Lewis året før. Lewis hadde ikkje hatt mykje salssuksess etter han vart svartelista av musikkindustrien då han gifta seg med det 13 år gamle syskenbarnet sitt i 1958, men hadde hatt ein lojal fanbase i Europa, som viste stor interesse for dei ville konsertane hans.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Albumet inneheld «Baby, Hold Me Close», ein song skriven av Jerry Lee Lewis og Bob Tubert. «Baby, Hold Me Close» vart gjeven ut på singel med «I Believe in You» som B-side. Dette var den einaste singelen frå albumet. Singelen nådde 129. plassen på Billboard Bubbling Under the Hot 100-lista. Jerry Lee Lewis framførte songen på musikkshowet Shindig! i 1965.

Albumet inneheld tre songar av Chuck Berry, «Maybellene», «Roll Over Beethoven» og «Johnny B. Goode». Sjølv om dei to rock and roll-ikona hadde vore rivalar i tidlegare år, hadde dei gjensidig respekt for kvarandre og Lewis spelte fleire gonger inn Berry-songar gjennom karrieren sin. I ein dokumentar frå 1987 kalla Hail! Hail! Rock 'n' Roll! sa Lewis, «Han er kongen av rock and roll. Sjølv mor mi sa det.» Lewis spelte òg Big Joe Turner-songen «Flip, Flop and Fly» og den gamle bluessongen «Corrine, Corrina» i boogie-woogie-stil. Framføringa av Hank Ballard sin «Sexy Ways» var særleg vågal for den tida, med linjer som «Come on darlin', now, I want you to get on your knees one time and shake for Jerry Lee Lewis, honey - yeah!»

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Albumet kom ut 4. juni 1965 og nådde 121. plassen på albumlista i USA. I 2014 skreiv biografiforfattaren Rick Bragg «Problemet var som alltid materialet, ikkje teknikken.» I boka Jerry Lee Lewis: Lost and Found hylla Joe Bonomo «Maybellene» og «Sexy Ways» og skreiv at albumet kom ut samstundes «som Barbra Streisand, Herman's Hermits, The Supremes og Herb Alpert and the Tijuana Brass klatra på Billboard-lista. Det palettbesette, kommersielle taket var raskt på veg ned.» Plateomslaget hjelpte ikkje på inntrykket om at Lewis ikkje passa inn i tida, som Bonomo skreiv: «The Return of Rock er nesten ferdig før stiften nådde plata på grunn av eit frykteleg plateomslag: med ein mumifisert paisleydress og rysjeskjorte, eit bleikt smil, så ser Jerry Lee ut som den sjuke, yngre broren til Liberace, medan eit par tenåringar dansa som om dei hadde blitt teleportert inn frå settet til Shindig!»

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side A
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«I Believe in You»Frank Brunson2:36
2.«Maybellene»Chuck Berry2:09
3.«Flip, Flop and Fly»Chuck Calhoun/Lou Willie Turner2:01
4.«Don't Let Go»Jesse Stone2:29
5.«Roll Over Beethoven»Berry2:50
6.«Herman the Hermit»R. Hardin/M. Turner1:59
Side B
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
7.«Baby, Hold Me Close»Jerry Lee Lewis/Bob Tubert3:08
8.«You Went Back on Your Word»B. Benton/B. Stevenson2:04
9.«Corrine, Corrina»B. Chatmon/M. Parish/J. Williams2:04
10.«Sexy Ways»Hank Ballard2:27
11.«Johnny B. Goode»Berry2:12
12.«Got You on My Mind»H. Biggs/J. Thomas3:18

Kjelder[endre | endre wikiteksten]